Meninger

«Homofili i Bibelen er ikkje det same som homofili i dag»

  • Teologistudent
  • Anders Hove

Det å bruke Bibelen, inkonsekvent og selektivt, så den passer si eiga meining best er ikkje berre døvt, det er tonedøvt, skriv teologistudent Anders Hove. Privat

Det å bruke Bibelen, inkonsekvent og selektivt, så den passer si eiga meining best, er ikkje berre døvt, det er tonedøvt.

Kjære «kristen gutt 15 år», og alle andre forøvrig.

No har du to gongar vore ute og sagt ditt om Bibelbruk (i hovudsak i samanheng med homofili).

Du stemmer i med både det eine og det andre bibelverset, og i ditt siste innlegg stemmer du i med kraftig maktspråk i kritikken mot«Godtemums (21)» for uvitskapen du meiner å finne, utan sjølv å treffe tonen noko særleg reinare.

Eg tenkte eg skulle gå gjennom litt av det du har sagt i ditt siste innlegg.

Du brukar jo Det gamle testamentet

Først og fremst vil eg kommentere tankane dine om Det gamle testamentet (GT). Du viser til det som noko jødane trudde på, og som ikkje gjeld no, på grunn av Jesu liv. Du seier også at Jesus slo strek over mykje av det som står i GT.

Forresten! Ein av dei stadene du viser til at det skal vere kvinne og mann, og som er ein av dei mest brukte, står i 1 Mosebok, kap. 2. Altså i det Gamle testamente. Er du framleis sikker på at det ikkje er så viktig med GT?

Jesus sa sjølv at han var ikkje komen for å oppheve lova og profetane (i dag vårt GT), men for å oppfylle det. GT er framleis ei rettesnor for liv og tru for oss kristne.

Men i vårt møte med desse tekstane, som i møte med tekstar frå Det nye testamentet (NT), må vi vere fullt klar over at desse tekstane er skrive med ein agenda, med eit mål, og i ei anna tid.

Det leier oss over på det andre punktet, for du verkar å vere klar over det faktum at Bibelen ikkje vart skrive i førre veke og at det difor ikkje er slik at alt «passer like godt inn i 2015». Du seier vidare at «Alt i Bibelen må ikke tas like bokstavelig, og ikke gjelde i like stor grad».

Homofili då og no er ikkje det same

Men det blir litt taktlaust når dette verkar som å berre gjelde for din del. Det verkar som om du hopper over at noko av det som er mest omdiskutert om Bibelen, nemleg om det som blir omtala som homofili er det same som det vi ser på som homofili i dag.

Mange meiner det heller er snakk om pedofili, eller forhold mellom to av same kjønn som berre er av fysisk karakter, andre meiner det er forhold mellom to av same kjønn som liknar på dei forhold vi ser i dag.

Eg vil tørre å påstå at det som blir omtala som homofili i Bibelen uansett ikkje er det same som homofili i dag. Grunnen er enkel: konteksten.

Bibelen er skrive i ei anna tid, der samfunnet var annleis. Tanken om, og betydninga av familie (ikkje minst for kvinnene sin del) og reproduksjon var heilt annleis enn i dag.

Det seier seg sjølv at homofili då vil bli sett annleis på, og nok kanskje foregå, og vere annleis enn i dag.

Men like fullt er det ikkje klart kva i Bibelen som skal tolkast som homofili slik vi i dag ser og opplever homofilt samliv.

Tonedøv framstilling

Det leier oss over på det tredje punktet. Kva er sant og kva er klart? Du skriv om sanning, og kva som er klart i Bibelen, som om det er noko som burde vere sjølvsagt. Som eg skreiv over er det usikkerheit om kva Bibelen faktisk seier om homofili, i alle fall slik homofili framstår i dag.

Det som står om kvinner, som du viser til, står faktisk svart på kvitt. Her er eg likevel, tru det eller ei, einig i di tolking.

Det er skrive i ein annan kontekst, det er ikkje noko vi kan implementere problemfritt i 2015. Faktisk er det noko som ikkje skal implementerast i det kristne liv i 2015 i det heile.

Bibelen er menneskes vitnesbyrd om Guds openberring i historia, det er også dette som er sant: Gud har openberra seg i historia, for å frelse alle dei som trur på han.

Det å bruke Bibelen, inkonsekvent og selektivt, så den passer si eiga meining best er ikkje berre døvt, det er tonedøvt.

Som eg innleidde med stemte du i med stor iver, men utan heilt å treffe tonen. Og utan takt og tone er det ikkje mogeleg å synge med.

  1. Les også

    Riktig å si nei til homofilt ekteskap

  2. Les også

    Velg og plukk dine bibelvers

  3. Les også

    «Det gamle testamentet gjelder ikke»

Relevante artikler

  1. SID

    Gleda over å verte 18 forsvann da eg ringde blodbanken og ville gi blod

  2. SID

    Kjære regjering, er vår stemme utan verdi? | Urte Karanauskaite og Åse Kristin B. Hopen

  3. A-MAGASINET

    Kalvø: - Eg skal starte ei lukka Facebook-gruppe for alle sånne som meg, alle som kjenner at det blir masete å meine noko heile tida

  4. DEBATT

    Religiøst snakk kan hindre integrering | Marianne Sunde

  5. A-MAGASINET

    Erna Solberg har gitt den største gåva

  6. FOTBALL

    – Vi må nok fram med høgtrykksspylaren att, og få ut all «driten». Det må ryddast opp ein gong for alle