Den kollektive hjernetåka

Korleis skal me kunne lære elevar sjølvregulering, når me ikkje er sjølvregulerte sjølv? spør journalist og forfatter Agnes Ravatn.

Me som er vaksne i dag, har destruert vår eigen konsentrasjonsevne. Men skal me verkeleg dra dei neste generasjonane med oss ned i metaverset?

Dette er en kommentar. Kommentarene skrives av Aftenpostens kommentatorer eller fast tilknyttede spaltister. Kommentarene gir uttrykk for skribentens analyser og meninger. Hvis du ønsker å svare på kommentaren, kan du lese hvordan her.

Svaret er 47 sekund, men kva er spørsmålet? Jo, det er: Kor lenge klarer ein heilt vanleg, vestleg kontorarbeidar i snitt å konsentrere seg?

Det høyrest sikkert ekstremt ut. Og det er jo ekstremt. Du arbeider med ein eller annan rapport i 47 sekund før du plutseleg grip telefonen og sjekkar mailen, er innom eit par sosiale medier og så ei nettavis, før du sjekkar mailen igjen. Meir om dette om litt.

Les hele saken med abonnement