Kommentar

Kompani pandemi: Kanskje er den eigentlege testen kven som er flinkast til å stå i kø?

Den irriterande finalen i Kompani pandemi.

Eg vil personleg anbefale vaksinar til alle som jobbar med barn og unge. Særleg dei som jobbar med mine barn og unge. Deretter for eksempel norske barne- og ungdomsforfattarar, skriver forfatter Anne Gunn Halvorsen. Foto: Paal Audestad

  • Anne Gunn Halvorsen
    Journalist og forfatter

Eg har skrive det før, og eg gjentar det slik eg har sagt til meg sjølv uendeleg mange gonger. Det er ikkje synd på meg, det er ikkje synd på meg, det er ikkje synd på meg. Likevel kjem eg stadig i tvil, og eg er ikkje aleine om det.

Slik som då eg for nokre veker sidan reiste på Litteraturfestivalen i Lillehammer i kraft av å vere barne- og ungdomsforfattar. I månadsvis hadde eg som rutinert Oslo-borgar venta at festivalen skulle bli avlyst. Men så vart den ikkje det. Det skjedde, og eg kunne gå om bord på toget og bruke dei neste to timane på høglydt å skravle om at eg faktisk sat der på eit tog, på veg til ein stad, berre avbroten av pausar der eg la ut meldingar på internett om det same. Eg, ute i verda, ting skjer!

Les hele saken med abonnement