Kommentar

Fri oss frå superspararane og andre sirkusartistar | Anne Gunn Halvorsen

  • Anne Gunn Halvorsen
    Journalist og forfatter

Det me i journalistikken kallar case, altså det «vanlege mennesket» som blir intervjua for å gi andlet til ein sak, er no meir allstadnærverande enn nokosinne, skriv Anne Gunn Halvorsen. Julehandel og sparing er ingen unntak. Foto: Illustrasjonsfoto: Stig B. Hansen

Eg har eit sterkt nyttårsønske om at me feiar kvardagsekstremismen ut av nyhendespaltene. Den er nemleg uheldig på mange måtar.

Kommentar
Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.


Eg vil gjerne løfte fram meg sjølv som eit ideal. Det er jo gjerne slik ein god artikkel er bygd opp no. Høyr om mi fantastiske reise. Eg har nemleg gjennomført eit nyttårsforsett som eg verkeleg vil anbefale alle inn i det komande året.

Meir om det straks.

Først litt om kor opne me er til tilfeldige, men overtydde menneskes historier. Så lett me lyttar til dei. Dei straumar på frå alle kantar. Det me i journalistikken kallar case, altså det «vanlege mennesket» som blir intervjua for å gi andlet til ein sak, er no meir allstadnærverande enn nokosinne. Me er avhengig av eit fjes for at våre traurige nyhendesaker skal nå ut og fengje den digitale lesar. Det presenterast gjerne slik, «Fornamn (alder) gjer noko!».

To dagar i veka utan å ete

Det kan verke som at jo meir spektakulære Fornamn (Alder) er, jo betre klikkar saka. Iallfall er dei vanlege menneska blitt stadig meir ekstreme.

Eg har lest om Thomas, som går minst to dagar i veka utan å ete. Kristine, som lever utan å produsere noko som helst avfall. Jonas, som ikkje har vaska håret på 25 år. Liv og Yngvar, som kutta ut kjøtt, fisk og meieriprodukt. Helena, som lager åtte ulike eigne pakkekalenderar til alle sine åtte barn.

Historier om pakkekalenderar er ikkje uvanleg no i juletida. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Og vidare, om alle som har kutta ut alt frå såper til shopping, som står grytidleg opp eller søv anten veldig mykje eller lite. Det handlar ikkje berre om klima og korleis redde verda med eige forbruk, som eg har skrive om før, men om å maksimalisere sitt potensial og gjere det betre både økonomisk og kroppsleg.

Kvardagsekstremistane er vår tids sirkusartistar, og sjølv om eg kosar meg med dei utrulege historiene, har eg likevel eit sterkt nyttårsønske om at me feiar kvardagsekstremismen ut av nyhendespaltene. Den er nemleg uheldig på mange måtar.

Les også

Julepynter huset fra oktober for å ha lave skuldre i desember


Framstilt som at dei er mange

Eit av problema er at sirkusartistane ikkje rullast ut i sirkustelt eller formidlast i sportssendingar, plassert trygt for seg sjølv i sendeplanen. Nei, dei vevast inn i nyhende og livsstilssider, malast opp på front. Sjølv om dei er i avisa fordi dei er spesielle, og ofte faktisk representerer det motsatte av det tala viser («julehandelen er rekordhøg, her er familien som droppar julegåvene!»), blir dei likevel ofte framstilt som at dei er mange.

Slik som ekstremspararen Lise Vermelid Kristoffersen. For eitt år sidan dukka ho opp i Dagens Næringsliv og fortalde at ho sparte 20.000 i månaden.

Foto: Inge Grødum

Ganske voldsomt for ei småbarnsmor, men ho var ikkje meir ekstrem enn at ho også angiveleg representerte ei internasjonal rørsle, FIRE-gjengen (Financial Independent Retirement Early). Andre ekstremistar kan sorterast under namn som Zerowaste, biohackerar og ikkje gløym nopoo-rørsla, dei som aldri bruker sjampo!

Sjølv har Kristoffersen i ettertid sagt at ho aldri drøymde om å pensjonere seg tidleg, men no har ho slutta i jobben for å konsentrere seg om å snakke om pengar og sparing.

Frykteleg lett å la seg inspirere av

Sånn kan det gå. Våre moderne sirkusartistar er i motsetnad til toppidrettsutøvarar, frykteleg lett å la seg inspirere av. Når me ser Ole Einar Bjørndalen gå sigrande over målstreken i ein kaskade av snørr, sludd og sveitte, er det akkurat like underhaldande og imponerande som det er lite freistande. Fordi me også veit korleis han har isolert seg i månadsvis i ein bubil for å få det til. Der er det annleis med kvardagsekstremistane. Dei som står opp ekstremt tidleg, sparar ekstremt masse pengar, lever heilt utan avfall og/eller shampoo.

Her får me sjeldan historia eller bileta av kostnaden, men høyrer berre om dei gunstige biverknadene og korleis me kan bli som dei. Dei forvaltar jo berre søvn, pengar og mat. Ting me alle har liggande og slenge heime.

Anne Gunn Halvorsen er journalist og forfatter. Hun er også fast spaltist i Aftenposten. Foto: Paal Audestad

Frå case til podkastar og bøker

Ein tiltalande ekstremist kan fort bli bedt om å dele sine erfaringar i podkastar, bøker og kjapt avansere frå case til ekspertkjelde. Eller, som i Kristoffersens tilfelle: Alle tre og det i løpet av eit kalenderår. Dei går frå å vere kuriosa og underhaldning til å bli idealer. Som om me alle skulle strekke oss etter treningsregimet til Bjørndalen.

I tillegg kjem aspektet ved at eit supermenneske også tar med seg samfunnsdebatten til ein mindre interessant stad. Det blir igjen historia om kva du kan gjere for å fikse klima/økonomien/helsa/produktiviteten din. Som i ei fersk sak frå Budstikka, om kvinners fråvær i fond- og aksjesparing. Forbrukarøkonom Silje Sandmæl og Kristoffersen delte sine fascinerande livsstilsval og sparetips.

Det er vel og bra det, men kan skeivheten i kvinners sparemønster også skuldast andre ting? I Kristoffersens heimkommune tener kvinnene 60 prosent av det ein mann gjer. Kan det hende det er derfor dei er så «dårlege på å spare»? Det er tydelegvis vanskeleg å fatte, men folk som er usunne, fattige og lite produktive er det sjeldan fordi dei manglar gode tips og «inspirerande historier».

Les også

Klimaskam. Kjøttskam. Flyskam. Nok, får eg lyst til å brøle til kvart eit godt forslag. Nok! | Anne Gunn Halvorsen

Slutte med å slutte med ting

Nok om alt som er gale med å dytta fram personlege anekdotar. Over til meg og mi personlege anekdote.

Eg hadde jo greidd å oppfylle eit nyttårsforsett eg gjerne ville fortelje om. I 2019 har eg nemleg hatt som mål å slutte med å slutte med ting. Eg er nemleg ein av dei som lett lar meg inspirere av strenge reglar. Det kjens enkelt og handlekraftig å kutte ut ting.

Eg har lang historie med dette, men det har aldri endra meg. Når eg har kutta Facebook, har eg mangedobla forbruket av Instagram. Nedla eg forbod mot McDonalds, blei eg stamkunde hos Dominos Pizza.

Så i år skulle eg prøve å slutte å slutte med ting. Kvar gong eg har hatt lyst til å konstruere ein regel eller eit forbod for å få bukt med ein irriterande uvane, har eg stoppa meg sjølv. Eg greidde det og er nøyaktig like middels som før. Eg har derimot spart mykje tid på å la vere å prøve.

Eg kjenner også på ei uvant kjensle av meistring, noko som gir sjølvtillit nok til at eg no prøver å presse eit livsstilsval ned over hovudet på ein tilfeldig lesar. Men altså, lytt til meg og prøv det gjerne: Mindre ekstremisme og strenge reglar i 2020!

Livet blir tidsnok vanskeleg

Og skulle du kjenne at ditt eige liv kjens vanleg og lite ekstraordinært, at det er mykje som kunne vore stramma opp og gjort betre, skal du berre hugse at det kjem. Livet blir tidsnok vanskeleg. Du er kanskje berre eit tapt anrop frå barnehagen eller ei stikkande kjensle i brystet, eit sviktande grep på vintervegen frå å måtte legge om livet ditt totalt.

Det ekstreme vil kome til oss alle, før eller seinare. Når ein slepp å ta store grep i livet, er det først og fremst ei stor lukke, ikkje eit uforløyst potensial.

Flere kommentarer av Anne Gunn Halvorsen:

  1. Les også

    TV-suksessen Funkyfam: Ein treningsnarkoman familie som bæsjar med døra open. Kva vil framtidsmenneska seie? | Anne Gunn Halvorsen

  2. Les også

    Kvifor journalistar bør interessere seg for kjendisar | Anne Gunn Halvorsen

  3. Les også

    Verdien av ein skikkeleg dårleg floss | Anne Gunn Halvorsen

  • Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter.

Les mer om

  1. Forbruker
  2. Shopping
  3. Kommentarer
  4. Journalistikk
  5. Samfunnsdebatt
  6. Debatt