Kommentar

Ei opning for oljeleiting i Lofoten, Vesterålen og Senja kan ikkje gjerast om | Klaus Mohn

  • Klaus Mohn, professor, Handelshøgskolen ved Universitetet i Stavanger

Professor Klaus Mohn har sett på de øknomiske konsekvensene av oljevirksomhet i Lofoten, Vesterålen og Senja.

Når uvissa er stor og avgjerda er irreversibel, så kan det ofte vere lurt å vente.

Kommentar
Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Ein analyse eg har for gjort for tidsskriftet Samfunnsøkonomen av implikasjonar for statsbudsjettet av ei opning av Lofoten/Vesterålen/Senja for olje- og gassverksemd, har skapt oppstuss på debattsidene i Aftenposten.

  • Les Klaus Mohns opprinnelige innlegg i Aftenposten her og vår nyhetsreportasje her.

Til Statoils konserndirektør Hans Jakob Hegge sine spørsmål om verdien av kunnskap vil eg svare at eit hovudpoeng med min analyse heile tida har vore å sikre betre opplysing av grunnlaget for ei god avgjerd.

Nettopp difor ville eg undersøkje kva dei direkte verknadane av olje- og gassverksemd i LoVeSe-området kunne få å seie for handlingsrommet på statsbudsjettet. Eg har kome til at 133 milliardar kroner er eit rimeleg anslag for staten sin del av verdiane.

Anslaget er basert på Oljedirektoratet sine ressursanslag, samt nøkterne føresetnadar for prisar og kostnadar, og ligg høgare enn tidlegare vurderingar frå Oljedirektoratet. Implikasjonen er ein auke i handlingsrommet for statsbudsjettet på fire milliardar kroner kvart år.

Ringverknader

I tillegg til desse direkte økonomiske verknadane kjem verdien av eventuelle ringverknadar, samt risiko og ulemper knytt til fiskeri, naturverdiar, miljø og klima.

Om summen av alle slike verknadar er negativ, og overstig 133 milliardar kroner, så bør ein tenke seg om før ein opnar LoVeSe-området for olje- og gassverksemd.

I motsett fall vil «tiltaket» vere lønsamt i samfunnsøkonomisk forstand.

Ringverknadar er relevante for avgjerda berre om dei omfattar gevinstar eller tap som ein ikkje ville fått utan opning av det aktuelle området. Spesiell vekt på sysselsetting akkurat i Nord-Noreg kan likevel gi opphav til ein tilleggsgevinst som må leggast til dei direkte økonomiske verknadane. Verdien av ein slik gevinst blir eit spørsmål om betalingsvilje blant norske veljarar og politikarar.

Uansett vil høg kompetanse og omstillingsevne i den norske arbeidsmarknaden gjere at arbeidskrafta over tid vil finne sysselsetting i andre næringar, slik at nettoverdien av ringverknadane er avgrensa på lengre sikt.

Stor uvisse

Til olje- og energiminister Terje Søviknes vil eg minne om at alle desse verknadane er omfatt med stor uvisse. Det same gjeld mitt eige estimat for nåverdi til staten.

Nettopp difor har diskusjonen av uvisse fått stor plass i analysen min. Høgare olje- og gassprisar og gode leiteresultat vil løfte dei økonomiske verdiane for stat og selskap. Nedsiderisikoen rundt dei økonomiske verdiane er normalt avgrensa til null, med mindre ein har brukt pengar på leiting som ikkje gjev opphav til feltutbygging. I så fall vil leitekostnadane gå tapt.

Samstundes er det eit par saker me veit med sikkerheit om spørsmålet. Om LoVeSe-området blir opna for olje- og gassverksemd, så er det ei avgjerd som ikkje kan gjerast om. Ei avgjerd om å la vere kan derimot gjerast om, i alle fall om ein ikkje går for varig vern. Når uvissa er stor og avgjerda er irreversibel, så kan det ofte lurt vere å vente. Med mindre ein allereie har bestemt seg.

Her kan du lese flere artikler om olje- og gassvirksomhet:

Les også

Ingen kan gjenta den norske oljesuksessen. Ikke engang vi selv. | Einar Lie

Les også

Lofottorsken er mindre sårbar for oljeutslipp enn tidligere antatt

Les også

MDG mener Høyre bruker manipulerte tall fra oljelobbyen. Stemmer det?

Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter.

Les mer om

  1. Terje Søviknes
  2. Lofoten
  3. Olje og gass
  4. Oljepolitikk

Relevante artikler

  1. DEBATT

    Er du villig til å avstå 762 kroner for å verne Lofoten? | Klaus Mohn

  2. ØKONOMI

    Tidligere Statoil-topp anslår: Olje i Lofoten gir hver av oss 750 kroner

  3. DEBATT

    Kort sagt, mandag 3. juli

  4. KRONIKK

    Isen varsler om endringer

  5. KOMMENTAR

    Ingen kan gjenta den norske oljesuksessen. Ikke engang vi selv. | Einar Lie

  6. KOMMENTAR

    Tenk om oljen plutselig blir verdiløs