Me toler så inderleg vel det fråvær av fest som ikkje råkar oss sjølv
Ein pandemivinnars festtale.
Anne Gunn Halvorsen er spaltist i Aftenposten. Foto: Paal Audestad
- Anne Gunn HalvorsenJournalist og forfatter
Det har gått opp for meg at eg er ein pandemivinnar. Ikkje til å forveksle med koronaprofitør, å nei, eg er framleis ein strevande frilansar som saknar formidlingsoppdraga eg kunne livnære meg av i fjor.
Rett nok må eg vente i bilen medan barna har symjetrening, ikkje i den kokvarme og tronge garderoben som før. Men barna har fått kome tilbake til dei faste aktivitetane. Og eg har framleis råd til å betale for dei. Skulen er open (karantenebank i bordet) og eg kan skrive tekst på heimekontoret i fred og ro før huset fylles opp av folk. Det klatrar små barn på meg dag og natt, kjensla av isolasjon er svært fjern.
Les hele saken med abonnement