Kommentar

Kvifor les eg, ustelt kvinne (34), dagleg om celebritetars beste tips til ein lytefri utsjånad?

Om ikkje hjartet ditt blør for kjendisar, så kan du jo tenkje på alle dei som lyttar til dei.

I podkasten sin snakkar Synnøve Skarbø (t.v.) og Vanessa Rudjord på den eine sida om kor tøft det er å bikke 40 år og bli vraka av ein ungdomsjagande TV-bransje. I neste andedrag reklamerer dei for kvitt pulver som skal halde all hud på kroppen ung, skriver Anne Gunn Halvorsen. Foto: Helene Kjærgaard Sviland, Senkveld/TV 2

  • Anne Gunn Halvorsen
    Anne Gunn Halvorsen
    Journalist og forfatter

Eg har interesse for kjendisar. Eg kan namnet på son til Carola og hugsar akkurat kor eg var då eg for fyrste gong høyrde at Sissel Kyrkjebø skulle skilje seg frå Eddie Skoller. Då stod eg i kantina på Høgskulen i Oslo og forstod ikkje korleis dei andre journaliststudentane kunne vandre fram og tilbake som om ingenting hadde hendt. Titanic hadde jo gått ned!

Fleire år seinare: Tone Damli og Aksel Hennie går frå kvarandre. VG sender pushvarsel, det er gudskjelov lunsjpause, og eg spring ned i kantina til Dagens Næringsliv for å debriefe med kollegaene mine. Det einaste dei er opptekne av, er noko gullfunn langs kysten av Brasil.

Les hele saken med abonnement