Tatt av maska
Du har kanskje høyrt folk rope «Av med maska! Av med maska!» mot slutten av kvar «Maskorama»-episode? Det er lyden av mitt indre. Kvar dag.
Førre laurdag sat eg på ein hard klappstol på Hellerudsletta og stira på dei glitrande vengene til draken som flaksa berre nokre meter føre meg. Ved sida av meg sat hylande barn og vifta med sine drakebamsar og drakeplakatar. Nokre ropte Victor, andre hylte på Tix, og eg, eg såg berre på fjøra. Vengene til draken, dei blanke, svarte fjøra som glitra. Kva tenkte eg på?
Det kjem eg tilbake til. Planen var å legge merke til kroppsbygnaden, sjå etter fakter og kroppsspråk som kunne slå fast ein gong for alle kven det var som skjulte seg bak drakedrakta. Var det Victor Sotberg eller artisten Tix?
Les hele saken med abonnement