Kommentar

Det nære infernoet

  • Harald Stanghelle
    Harald Stanghelle
    Kommentator
Nøkternt sett er det ikkje mykje ein konge eller ein statsministar kan gjera når katastrofen allereide er ein realitet. Men dette har ikkje med det konkrete og nyttige å gjera. Det gjeld noko viktigare - altså kjensler, skriv Harald Stanghelle. ILL: Inge Grødum.

Det gjeld hus og heim, vind og vèr, redsle og ro. Difor kjenner vi oss att i lærdølene sine kjensler i møte med tragedien.

Kommentar
Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Brannen som natt til sundag la delar av Lærdalsøyri i sotsvarte ruinar har sett sitt merke også på resten av landet. Det er Lærdalsøyri som er råka, men det kunne ha vore oss andre. Vi kjenner på det uverkelege ved ein storbrann som tek makta frå eit bygdesamfunn. Men vi ser også det verkelege i nedbrende heimar og familieminne som for alltid er borte.

Tragediar som denne bergtek ein heil nasjon. Den dominerer den nasjonale dagsordenen. For katastrofar har ein ibuande eigenskap til å setja eit markant skilje mellom det viktige og det meir perifere. Slik minner den oss om djupare verdiar enn den tankeoverflata vi oftast held oss med i kvardagen.

Slik vert sjølv det mest surrealistiske inferno omforma til noko nært.

Kvardagsansikt

I dag er det Lærdal det gjeld. Denne særmerkte bygdebyen i indre Sogn. Eller kanskje rettare: Den minner om ein ekte europeisk landsby av tradisjonsrikt merke.

For Lærdal har eit historisk ansikt å visa fram.

Katastrofar har ein ibuande eigenskap til å setja eit markant skilje mellom det viktige og det meir perifereDer finn ein lange liner frå tida då fjorden var sjølve riksvegen mellom land, såvel som mellom regionar. Der låg Lærdalsøyri som eit knutepunkt. Open for verda utanfor og med tradisjonsrike ferdavegar som batt den vestlege og austlege delen av landet saman. Og der låg ei forlokkande fiskeelv som vart dei engelske lakselordanes leikeplass.

Lærdal har òg eit kvardagsansikt å visa fram. Med heiderleg slit og vestlandske utfordringar. Ei bygd som har teke sin tørn i det store hamskiftet frå det gamle til det moderne bygdesamfunnet. I den striden har Lærdal bestått prøva.

No har bygda fått eit hardt slag, men ho er slett ikkje utslegen.

Blindsone

Det fekk Erna Solberg sanna då ho i går vitja den brannherja staden. Statsministaren varsla tidleg at sundag kveld ville ho setja seg i bilen i retning Lærdal. Det var det einaste naturlege å gjera for landets ferske statsministar. For det er ei nasjonal leiaroppgåve «å stå hos», som det ein gong i tida heitte, når tragedien råkar. Den statsleiar som ikkje skjønar slikt har ei blindsone i leiarskapen sin.

Det er ei nasjonal leiaroppgåve «å stå hos», som det ein gong i tida heitte, når tragedien råkarDet fekk USAs 43. president — George W. Bush - smerteleg erfara då han ikkje vitja dei som i august 2005 vart så hardt ramma av orkanen Katrina. Medan ofre og hjelpemannskap sleit livet av seg i Mississippi og Louisiana, var det ikkje råd å få presidenten ut av Det kvite hus i Washington. Og då det endeleg gjekk opp for han at slik kunne det ikkje halda fram, ja, så flaug han berre over katastrofeområdet for å «inspisera» øydeleggingane.

Rett nok i låg høgde. Så lågt at han såg katastrofen under seg. Bileta av presidenten som kikka ut av flyvindauget gjekk verda rundt som eit døme på distanse og manglande innleving.

Kongeleg boblejakke

Gro Harlem Brundtland fekk erfara noko av det same då ho ikkje reiste til eit stormherja nordvestland i januar 1992. Det gjorde kong Harald. Han kom i boblejakke og nikkers - og vart endå meir folkekjær av den grunn.

«Skulle bare mangle at jeg ikke tok meg en tur», sa monarken med den kongelege alminnelegheit som er vorte noko av eit varemerke for han.

Fleire år seinare fekk vi vita grunnen til at Gro Harlem Brundtland hadde halde seg heime: Ho hadde øydelagt «halebeinet» etter eit fall på ein skitur på Mylla og var ikkje frisk nok til ein strabasiøs inspeksjonstur. Slike fakta hjelpte henne lite i den aktuelle situasjonen.

Kongens nærleik vart ståande som ein kontrast til ein fråverande statsminister.

Ny von

Nøkternt sett er det ikkje mykje ein konge eller ein statsministar kan gjera når katastrofen allereide er ein realitet.

Men dette har ikkje med det konkrete og nyttige å gjera. Det gjeld noko viktigare - altså kjensler. Kjensler vi ber på både som individ og fellesskap. Eit tragedieråka samfunn har bruk for å verta sett av maktas kvinner og menn. Handtrykket og orda er ei trøyst i seg sjølv. Slikt kan lindra det vonde inntrykket av fortvilande einsemd og tenna ny von i utmatta sinn.

Handtrykket og orda er ei trøyst i seg sjølvFor i Lærdal skal dei no møta ein ny og uverkeleg kvardag når berre det fyrste sjokket har lagt seg. Den kjem dei til å klara svært så godt. For lærdølene er «velvillige, omgjængelige og ikke smaaligsindede Folk...», som Ivar Aasen skreiv om dei i 1843.

Sant nok - for ein vert sjeldan småleg av å bu i ei bygd som geografien har peikt ut som eit viktig vegkryss.

Ingen omkamp

Det hender at ulukker, naturkatastrofar og storbrannar får politiske konsekvensar. Branntragedien som råka Lærdalsøyri tilhøyrer ikkje ein slik kategori.

Om vi då ser bort frå ein ting:

Det vil nok ikkje verta aktuelt for Solberg-regjeringa å ta omkamp på den mykje omtalte tunnelen som skal gjera trafikkvardagen lettare for lærdølene. Sjølv ikkje ein handlingsivrig samferdsleminister vil finna på slikt no.

Les mer om

  1. Kultur