Lektor med bismak: Skal eg vera fagperson eller lærar?

  • Mikkel Wigestrand
Korleis logikken med eit ønskje om fleire lærarar harmonerer med ein meir krunglete veg mot å bli lærar, er for meg eit mysterium, skriv lektor Mikkel Wigestrand (24).

Kvifor skal lærarutdanningane vera femårige?

Dette er en kronikk. Eventuelle meninger i teksten står for skribentens regning. Hvis du ønsker å sende et kronikkforslag, kan du lese hvordan her.

Sidan eg starta på lærarstudiet i 2016 og fram til eg fekk tittelen lektor i sommar, har eg undra meg over kvifor lærarutdanningane skal vera femårige.

Det er inga bombe at lærarar er svært ettertrakta i store delar av landet. Berre for nokre dagar sidan sende Utdanningsforbundet ut ei oversikt over lærarmangelen i grunnskulane i landet med bakgrunn i SSB-tal frå 2020.

I Suldal kommune scorar me relativt svakt, med 19 av 67 lærarårsverk utført av tilsette utan lærarutdanning. Det er dryge 28 prosent av lærarstaben. I Rogaland er det berre Kvitsøy og Utsira som slår oss, men dei har også få lærarstillingar totalt. Det betyr at kvar ufaglært gir stort utslag på statistikken.

Men la det ikkje vera nokon tvil: Eg har sjølv erfart at ufaglærte ofte er svært flinke, pedagogiske og ikkje minst varme rollemodellar. Men når ein gjerne pushar både 40 og 50 år, er det få som ømskjer å starta eit femårig masterløp i ein by, avskilt frå familien.

Eit alternativ kan vera å ta studiet heimanfrå på deltid, men då må ein rekna med at lærartittelen fort ligg dobbelt så langt fram i tid.

Eit mysterium

Det var i 2017 at regjeringa sin plan om å innføra femårig masterløp for grunnskulelærarutdanningane 1.–7. trinn og 5.–10 trinn blei sett i kraft, på lik linje med lektorprogrammet for 8.–13. trinn.

Mikkel Wigestrand (24), lektor ved Sauda vidaregåande skule.

Året før var det karakterkrav som stod på agendaen, der ein i tillegg til å ha trear i både norsk og engelsk, måtte ha firar i matematikk å bli lærar. Det i kombinasjon med eit karaktersnitt over 3,5.

Så korleis logikken med eit ønskje om fleire lærarar, ytra av den same regjeringa, harmonerer med ein meir krunglete veg mot å bli lærar, er for meg eit mysterium.

Eg stussar på kor smale lærarutdanningane er blitt. Etter fem år på universitetet får eg berre undervisa i to fag. Dei første av den nye typen grunnskuleutdanna lærarar som kjem ut i skulane neste haust, får fire og tre undervisningsfag i høvesvis 1.–7. trinn og 5.–10. trinn. Ifølgje mine kjelder er det eitt fag færre enn då utdanningane var fireårige.

Til kva pris?

Då eg gjekk på grunnskulen, som ikkje er så lenge sidan, minnest eg at same læraren dukka opp i både det eine og det andre faget. Slike allrounderar er det få igjen av i skulen, og det er nok bra med ein meir spissa kompetanse. Men til kva grad, og til kva pris?

Eg hadde ei frykt for at eg hadde for få undervisningsfag.

Då eg vart lektor, var det med ein bismak. Eg hadde ei frykt for at eg hadde for få undervisningsfag til at ein bygdeskule, som jo var målet, ikkje ville ha meg på grunn av den smale kompetansen min.

Det er ei merkeleg kjensle når ein har følgd eit utdanningsløp som skal vera skreddarsydd for læraryrket og gjera deg attraktiv på jobbmarknaden.

Det som då fort blir resultatet, spesielt på ungdomstrinnet, er at ein må inn i fag ein verken har kompetanse i eller interesse for. Då er ein plutseleg i same båt som dei ufaglærte, men med ei femårig utdanning og eit studielån til forfall på nakken.

Meir ein førelesar

Så, kor er det eg vil? Etter fullført studieløp og tallause diskusjonar med studiekameratar, praksisrettleiarar og pedagogikkprofessorar har eg innsett at den nye modellen ikkje nødvendigvis skapar dei beste lærarane.

Ein blir fort meir ein førelesar enn lærar, då ein må inn i fleire klassar for å fylla stillingsprosenten med det smale knippet av fag ein har. Om ein då attpåtil skal vera kontaktlærar, kan ein risikera å ikkje eingong ha undervising med elevar ein har ansvaret for.

Dette er ein uønskt tvist som eg trur vil skapa mange gråe hår hjå dei nyutdanna i tida framover, inkludert meg sjølv.

Eg oppfattar at utdanningane er strekte over fem år av den enkle grunn at det skal vera eit masterløp. For min eigen del er eg sikker på at eg kunne fullført det same løpet på fire år, og framleis hatt rikeleg med tid til å trø på campus eller gått på veggane i ei trong hybel midt i asfaltjungelen i byen.

Underteikna har sjølv vore ute med både motorsag og rundballepakkar i opptrappinga til eksamen, utan å kjenna på angst for å forsøma studiane. Det ekstra påtvinge året betyr eitt år tapt inntekt og ansiennitet, men heller ei kvart auke i studielån.

Praksissjokket

Studiepoeng-jaget har for meg ført til mange snåle emne gjennom studiet, der berre fagnamnet gir ein frysningar på ryggen. Det er også eit tankekors at det mest relevante stoffet for læraryrket kjem først i utdanninga, og er godt stua vekk i hjerneborken når ein kjem i klasserommet.

Forutan første og andre året på studiet mitt er det svært lite fagstoff å kjenna igjen i dei tre siste åra om ein samanliknar med læreplanane i ungdomsskulen og på vidaregåande.

At ein som lærar skal liggja eit par hakk over elevane sine fagleg, er ein «no-brainer». Men om praksissjokket ikkje er stort nok frå før, kan ein risikera å berre liggja eit par sider føre elevane sine det første året, nettopp fordi utdanninga tangerer med yrkeslivet på så få område. Det er svært beklageleg.

Eg hadde ti av ti gonger byta ut siste studieåret med eit praksisår, der ein verkeleg får ta del i det å vera lærar på alle plan. Heller det enn å stura åleine med ei totalt irrelevant masteroppgåve berre eit fåtal menneske skal lesa, og som eg håpar å sleppa å bla i igjen.

Ikkje fordi det gjekk skeis, men fordi den ikkje gav meg nokon ny dimensjon av det å vera lærar – vel, forutan ein ekstra porsjon staheit. For uansett kor mange år ein skulerer seg, blir ein aldri utlært som lærar.

Trass alle studiepoenga mine er det utan tvil dei 100 praksisdagane i studiet og lærarvikarjobbane undervegs som har gitt meg mest matnyttig på vegen mot å bli lærar.