Kronikk

Burde Ukraina ha beholdt sovjetiske atomvåpen?

  • Målfrid Braut-Hegghammer
    Målfrid Braut-Hegghammer
    Professor i statsvitenskap, Universitetet i Oslo Leder for Oslo Nuclear Project
For Ukraina er dei russiske atomtruslane og angrepet på atomreaktoren dobbelt tragisk og bekymrande, skriver Målfrid Braut-Hegghammer.

Det er ei utbredt oppfatning at Ukraina ga frå seg atomvåpen dei kunne ha brukt for å avskrekke Russland frå annekteringa av Krim i 2014 og krigen vi no ser. Det er problematisk av fleire årsakar.

Kronikk
Dette er en kronikk. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Russland truar med atomvåpen for å skremme Nato og europeiske land frå å engasjere seg militært i Ukraina-krigen. I tillegg har russiske styrkar denne veka gjennomført eit angrep mot Ukrainas største atomkraftverk. Den russiske atomtrusselen er ei sentral utfordring for europeisk og internasjonal sikkerhet.

For Ukraina er dei russiske atomtruslane og angrepet på atomreaktoren dobbelt tragisk og bekymrande. Landet opplevde verdas verste atomulykke i Tsjernobyl i 1986 og tilbakeførte sovjetiske atomvåpen til Russland på 1990-talet. No anklagar russiske styresmakter Ukraina for å forsøke å skaffe seg atomvåpen. I tillegg beskriv dei angrepet på atomkraftverket som ein ukrainsk provokasjon.

Når vi snakker om atomtruslar, er det ofte stormaktene sitt perspektiv som rår. Diskusjonen om dei russiske atomtruslane handlar sjølvsagt til stor del om kva Putin eigentlig er villig til å gjere, og korleis Nato og USA bør handle for å unngå videre eskalering. Det er heilt sentrale spørsmål og utfordringar vi og våre allierte kjem til å diskutere og håndtere i åra som kjem. Likevel er det viktig at ukrainske perspektiv på det som no skjer ikkje forsvinn eller feiltolkast.

Det er ei utbredt oppfatning at Ukraina ga frå seg atomvåpen dei kunne ha brukt for å avskrekke Russland frå annekteringa av Krim i 2014 og krigen vi no ser. Det er problematisk av fleire årsakar.

Ukrainske atomvåpen?

Ved Sovjetunionens oppløysing i 1991 befann det som då var verdas tredje største atomvåpenarsenal frå Sovjetunionen, seg i Ukraina. Dette var atomvåpen som for alle praktiske formål hadde vore under operasjonell kontroll av sovjetiske styrker. Det var difor ikkje eit ukrainsk atomvåpenarsenal.

USA var bekymra for at fleire tidligare sovjetstater skulle få kontroll over sovjetiske atomvåpen, og at manglande kontroll med tidligare sovjetisk atomekspertise og materiell kunne skape nye spredningsutfordringar.

Ukrainske styresmakter var på si side bekymra for at Russland skulle få eit monopol på atomvåpen blant dei tidligare Sovjet-statane. Ifølge Harvard-forskaren Mariana Budjeryn var dei nye ukrainske styresmaktene urolige for at dette ville føre til utfordringar for regional og ukrainsk sikkerhet. Dei ba difor om sikkerhetsgarantiar i bytte for å sende sovjetiske atomvåpen til Russland. Dei foreslo også ei gradvis avvikling av atomarsenalet og tok enkelte steg for å auke sin militære kontroll over dei resterande sovjetiske atomvåpenstyrkane mellom 1992 og 1994.

Likevel valgte Ukraina til slutt å overføre dei resterande eks-sovjetiske atomvåpna til Russland. Etter fleire år med forhandlingar og diplomatisk press signerte Ukraina, USA, Russland og Storbritannia det såkalla Budapest-memorandumet i desember 1994 som inneheldt forsikringar om å respektere Ukrainas suverenitet og territorielle integritet. Ukrainas ynskje om sikkerhetsgarantiar blei ikkje oppfylt. Like fullt forplikta Russland seg til å respektere Ukrainas grenser og suverenitet. Russland annekterte Krim i 2014 i strid med dette.

Russland brukar ikkje berre atomtruslar for oppnå sine militære mål i krigen i Ukraina. Russiske styresmakter nyttar også skuldingar om atomvåpen i eit slags forsøk på å rettferdiggjere krigen. Det russiske leiarskapet, inkludert utanriksminister Sergey Lavrov, hevdar at Ukraina har sovjetisk atomteknologi og leveringsmidler (kapasitet) og skuldar også ukrainske styresmakter for å ha planar (intensjon) om å utvikle atomvåpen. Lavrov sa blant anna denne veka at Russland måtte gripe inn for å unngå at Ukraina utvikla eigne atomvåpen.

Russland vil nok ikkje lukkast med å overtyde mange om at denne krigen var eit slags forkjøpsangrep som skulle forhindre at Ukraina utvikla atomvåpen. Likevel bygger dette opp om eit russisk narrativ som legg ansvaret for krigen på Ukraina, Nato og vestlige land.

Irak, Libya og Ukraina?

Korleis skal vi så tolke Ukrainas val når det gjeld atomvåpen i lys av det som no har skjedd? Burde Ukraina ha beholdt sovjetiske atomvåpen? Kunne dei dermed ha unngått annektering og krig?

Enkelte hevder at Ukraina ikkje hadde tilstrekkelig kontroll over dette arsenalet til at det eigentlig var eit alternativ.

På den andre sida vil andre hevde at ukrainske styresmakter kunne ha valgt å handle annleis enn dei gjorde på 1990-talet ved å behalde nokre atomvåpen og forplikte seg til å gradvis ruste ned. Forskarar som Budjeryn understreker at Ukraina hadde eit val, og at dei valde rett ved å ikkje forsøke å beholde sovjetiske atomvåpen tross sine bekymringar om Russlands intensjonar. Landet stod under sterkt diplomatisk press frå blant anna USA, som i stor grad bidro til å forme valet Ukraina reelt sett hadde i 1994.

Land som Nord-Korea og Iran har tidligare peika på land som Irak og Libya, som avvikla sine atomvåpenprogram og deretter vart invadert (som Irak i 2003) eller opplevde regimeendring med vestlig støtte (som Libya i 2011), som argument for å være forsiktig med å stole på diplomatiske avtaler om å avstå frå atomvåpen.

Nord-Korea gjennomførte natt til laurdag ein ny test av missiler, og forhandlingane om den svært svekka Iran-avtalen pågår framleis. Ein bør unngå at Ukraina blir brukt av slike land som eit eksempel på at land ikkje bør ruste ned av frykt for framtidig aggresjon. Krigen i dag, og annekteringa av Krim i 2014, kan føre til nettopp det.

Difor er det viktig å understreke at dømet Ukraina er annleis enn land som avvikla atomvåpenprogram, som Irak og Libya. Disse to landa hadde ikkje atomvåpen, sjølv om Irak riktignok kom ganske nær i 1991. Ukraina valgte å overføre sovjetiske atomvåpen i bytte mot at Russland skulle respektere deira suverenitet.

Når Ukrainas atomhistorie blir ein del av narrativet om krigen frå russisk side, er dette viktig å understreke.

Kva betyr dette for oss?

Russlands aggresjonskrig mot Ukraina viser korleis atomvåpenstatar kan bruke slike truslar for å gjennomføre konvensjonelle angrep på andre stater.

Det vil bli enda meir utfordrande å få på plass nødvendige rustningskontrollavtaler som reduserer faren for destabiliserande atomvåpenkappløp nær våre grenser

Pakistan har tidligare benytta seg av denne trypen atomtruslar mot India. Fleire fryktar at Kina vil kunne gjere det samme mot Taiwan. Det beste svaret på slike truslar i Europa og Asia er å styrke konvensjonelle militære kapasitetar. Der har vi, og våre allierte i Nato, ei viktig oppgåve framover.

Dette er utfordringar som angår norsk sikkerhetspolitikk. Det vi ser i Ukraina-krigen, understrekar nettopp det. Norsk etterretningsteneste har i fleire år peika på våpenkappløp og stormaktsrivalisering som ei utfordring. Det vil bli enda meir utfordrande å få på plass nødvendige rustningskontrollavtaler som reduserer faren for destabiliserande atomvåpenkappløp nær våre grenser.

Les også

  1. Hva betyr det at de snakker om «tredje verdenskrig» og «atomvåpen»? Slik ser ekspertene for seg utviklingen fremover

Les mer om

  1. Krigen i Ukraina
  2. Ukraina
  3. Atomvåpen