Kronikk

Slik blei Kyoto 2 til

  • Bård Vegar Solhjell

Slik var Bård Vegar Solhjells «kladd» til Kyoto 2, med en skjematisk oversikt over de forskjellige gruppenes posisjoner. Foto: MILJØVERNDEPARTEMENTET

Klima. Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell fortel om innspurten i klimaforhandlingane.

Kronikk
Dette er en kronikk. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Bård Vegar Solhjell og Oleg Shamanov fra Russland deltar i forhandlinger om løsningen på Kyoto 2 med lederen for klimasekretariatet og flere andre. Foto: Jon Berg, Miljøverndepartementet

Bård Vegar Solhjell,miljøvernminister (SV)

Det er natt til laurdag på konferansesenteret i Doha. Klimaforhandlingane går på overtid. Litt over midnatt får eg beskjed om å møte opp hos sjefen for FNs klimasekretariat i lag med min brasilianske forhandlingsmakker Luiz Figueiredo Machado.

Må samle trådane

Vi har sjølv bede om møtet. Det pågår no fem parallelle forhandlingsprosessar. Nokon må samle trådane, og det er det vi vil prøve å få til.

Doha-møtet skal mellom anna legge eit løp mot ein ny klimaavtale og auka utsleppskutt fram til 2020, vi skal sikre finansiering av klimatiltak i utviklingsland og vedta Kyoto 2. Dersom ein av prosessane ryk, raknar alt. Det vil vere eit stort paradoks. Medan vi forhandlar, døyr hundrevis i syklon på Filippinane. Forsikringssummane frå orkanen Sandy i USA nærmar seg 100 milliardar dollar. Når verknaden av klimaendringane vert tydelegare og kunnskapen sikrare, kan ikkje verdssamfunnet svare med kollaps.

Luiz og eg har i to dagar konsultert dei ulike landa og har med oss eit utkast til Kyoto 2, med Russland som usikkerheitsmoment. I dei andre forhandlingsprosessane er det varierande grad av framgong og semje.

Lite søvn og utilstrekkelege måltid sett preg på oss. På venterommet i Klimasekretariatet fortel Luiz om toppmøtet i København. Han var med då den endelege teksten vart utforma på eit lite møterom av hans eigen president Lula og leiarane frå Kina, India, Sør-Afrika og USA.

Danskane rota det til

«Copenhagen» er blitt eit kodeord for alt som kan gå galt i klimaforhandlingane. Ifølgje Luiz rota danskane det til med manglande kunnskap om FN-prosessen og einsidig merksemd om USA framfor nye stormakter. I FN er det konsensus som gjeld. Alle må i prinsippet vere samde.

I møtet med sjefen for klimasekretariatet Christiana Figueres vert ein ide utforma. Vi kan få inn alle fem dokument utover natta og la møteleiaren presentere dei samla laurdag morgon med sitt framlegg til balansert løysing på dei siste uavklarte spørsmåla. Vi går til møteleiaren for heile klimakonferansen, Abdullah bin Hamad Al-Attiyah frå Qatar. Han er ein velmeinande bestefartype, men har imponert få hittil. Han blir likevel ein viktig alliert.

Klokka nærmar seg 3 på natta. Luiz seier at han har eit fly laurdag morgon, og at det begynner å haste. Al-Attiyah ringer straks til sin gode ven, sjefen for Qatar Airways for å ordne ny billett. Vi trur det er ein spøk, men etter nokre minutt får Luiz spørsmålet om han vil ha midtgang eller vindauge. Luiz blir til laurdag kveld.

Bombe

Vi treff møteleiarane for dei andre forhandlingsprosessane. Dei fleste spørsmåla verkar handterbare. Eg åtvarer mot «ei bombe» under Kyoto 2: Russland og spørsmålet om bruk av kvoter som er til overs frå førre Kyoto-periode. Ifølgje Kyoto-protokollen kan dei overførast til neste forpliktingsperiode.

Russland og andre austblokkland reduserte klimautsleppa sine dramatisk etter murens fall, då mykje forureinande industri vart lagt ned. Men Kyoto-protokollen har 1990 som basisår, då utsleppa var høge. Dermed har dei eit stort overskot av kvoter som dei kan selje til andre land. Kvotene er verdipapir, men representerer også enorme utslepp i åra som kjem om dei blir brukt. Til saman er det snakk om opp til 13 milliardar tonn CO2, eller 250 gonger Noreg sine samla utslepp i året!

På bordet hadde vi eit framlegg om kraftig innstramming, samt ei erklæring frå Kyoto 2-landa om at dei ikkje vil bruke desse kvotene. EU har fått med seg Polen ved å opne for at nokre kvoter får lov til å reise mellom land. Vi forsøker å få Russland med på det same.

Kompromisslaus

Russlands sjefsforhandlar Oleg Shamanov vil ikkje godta nokre restriksjonar. Han er totalt kompromisslaus. Og Russlands miljøvernminister har reist heim.

Det ironiske er at Russland sjølv ikkje skal vere med i Kyoto 2. Russland sin sjefsforhandlar trugar altså med å blokkere ein avtale landet hans ikkje vil vere med i. Mange er uroa. «Vi kjenner Oleg», seier dei. Han kan velte heile avtalen.

Natt til laurdag får eg to timers søvn. Klokka 8 opnar Al-Attiyah plenum og legg fram fem dokument som partane skal få studere. Det skal enda gå nesten ti timar til saka er avgjort.

Vi må finne ei løysing på Russland-spørsmålet. Og løysinga må finnast i salen, vi kan ikkje sleppe folk ut kvar til sitt no. Då mistar vi momentum.

Utsetje?

Skal vi utsetje problemet eit år eller to? Då vil EU-land protestere, og garantert utviklingslanda. Dei er mange. Russland er eitt land.

Eg er sterk motstander av å la eit land få presse alle dei andre 191 partane til å godta noko som kan gje opptil 13 milliardar tonn auka CO2-utslepp.

Vi står og sitt i ei klynge og forhandlar, synleg for alle. Al-Attiyah, Luiz, eg, Russland, Ukraina, Kviterussland, enkelte frå EU og u-landa og folka frå Klimasekretariatet. Russland nektar å gje seg.

I ein kort diskusjon i ein krok kjem forslaget opp: «Vi kan ta ein Cancun», seier ein. Kva betyr det? Å legge fram forslaget og ignorere protesten vi veit vil kome frå Russland.

I Cancun var det Bolivia som protesterte. Men kan vi overkøyre ei tidlegare supermakt som Russland? Det avheng av at ikkje fleire land protesterer. Det blir intense konsultasjonar som tek tid. Sikre kan vi ikkje vere.

«I decide»

Al-Attiyah har manus på kva han skal seie. Klokka 19 opnar plenum igjen.

Al-Attiyah seier raskt og bestemt medan han kikkar ned i bordet: Eg opnar partsmøtet til Kyoto-protokollen og legg fram dokument nummer L. 9, eg høyrer ingen protest. I decide! Og dunkar klubba i bordet. Slitne forhandlarar ser himmelfalne på kvarandre og klappar. Nokre tårar kjem fram. Oleg dunkar først handa i bordet, så namneskiltet til Russland. Men Al-Attiyah ser ned med det kvite hovudplagget som skjermar for utsikta og held fram klubbinga til alle naudsynte dokument er vedtekne.

Kyoto 2 er ein viktig avtale, som vil gje utsleppskutt i meir enn 30 industriland. Utan Kyoto 2 hadde det heller ikkje blitt semje om resten av det som vert kalla «Doha Climate Gateway».

Ein ny avtale

Vi må no lage ein ny klimaavtale der alle store land er med, ein bindande avtale basert på dei vitskapelege råda om ikkje å varme opp jorda med meir enn 2 grader. Den skal vere klar til 2015. Det er avgjerande, fordi Kyoto 2 berre omfattar om lag 14 prosent av verdas utslepp.

No skal Noreg arbeide alt vi kan saman med mange andre for å få fram ein ny avtale. Det er naudsynt for å løyse klimaproblemet.

  1. Les også

    Viktige fremskritt i Doha

  2. Les også

    Rekordlite snø Tundraen tiner Sjøisen smelter

  3. Les også

    Jo, tenk, vi er u-land!

Slik var Bård Vegar Solhjells «kladd» til Kyoto 2, med en skjematisk oversikt over de forskjellige gruppenes posisjoner. Foto: Miljøverndep

Les mer om

  1. Kronikk

Relevante artikler

  1. KRONIKK

    Satiren blomstrer på saudiske sosiale medier | Iyad El-Baghdadi

  2. KRONIKK

    Kronikk: Hvorfor trenger vi et pro-europeisk Norge? | Nina Witoszek

  3. KRONIKK

    Putin og Zamjatins advarsel | Jahn Otto Johansen

  4. KRONIKK

    Å gå til politiet og domstolene med denne saken var uheldig

  5. KRONIKK

    Åpne byrommene for informasjon om Oslo! | Ingrid Røynesdal

  6. KRONIKK

    Nederlands frykt for Eurabia | Ketil Raknes