«Jeg mistet min barndom i Auschwitz» | Jakob Lothe

  • Jakob Lothe
Edith Notowicz og Herman Kahan er de to norske statsborgerne som overlevde Auschwitz, som fortsatt lever. Her avbildet utenfor Auschwitz i 2015.

Mandag er det 75 år sidan frigjeringa av konsentrasjonsleiren Auschwitz i Polen. I Norge er det no berre to tidsvitne frå Auschwitz igjen.

Dette er en kronikk. Eventuelle meninger i teksten står for skribentens regning. Hvis du ønsker å sende et kronikkforslag, kan du lese hvordan her.

Tittelen på denne kronikken er frå forteljinga til Edith Notowicz i boka Kvinnelige tidsvitner. Notowicz er ein av dei to norske statsborgarane som overlevde Auschwitz, og som enno lever. Ho bur i Trondheim, medan den andre overlevande frå Auschwitz – Herman Kahan, som fortel si historie i Tidsvitner – bur i Oslo.

Jakob Lothe er professor i engelsk litteratur ved Universitetet i Oslo og leiar for menneskerettskomiteen i Det Norske Videnskaps-Akademi. I 2006 utgav han saman med Anette Storeide boka Tidsvitner. Fortellinger fra Auschwitz og Sachsenhausen. I 2013 utgav han Kvinnelige tidsvitner. Fortellinger fra Holocaust.

Ufatteleg og uhyggeleg

Då sovjetiske soldatar rykte inn i Auschwitz mot slutten av januar for 75 år sidan, kunne dei ikkje fatte omfanget av drapshandlingane i denne konsentrasjons- og utryddingsleiren. Auschwitz har for ettertida blitt ståande som eit symbol på Holocaust: det tyske naziregimets systematiske, statsfinansierte massedrap av cirka seks millionar jødar og andre offergrupper under andre verdskrigen. Over ein million menneske blei drepne i Auschwitz åleine. 90 prosent av dei myrda var jødar, ein stor del av desse var jødiske barn. Det er ufatteleg og uhyggeleg.

Forteljingar frå Auschwitz

Sidan seks millionar myrda er eit ufatteleg høgt tal, blir individuelle forteljingar til dei få som overlevde Holocaust, spesielt viktige. Tidsvitna fortel med eit sterkt krav om å bli trudde. Dei har ein eineståande autoritet.

Edith Notowicz, som blei deportert frå Ungarn til Auschwitz i mai 1944, er uroleg over at det tynnest i tidsvitnas rekker.

Ho spør: «Hvordan blir det den dagen da den siste av oss takker av? Vil det da være fritt fram for dem som benekter Holocaust?»

At det i dag faktisk finst dei som benektar holocaust, som er det best dokumenterte av alle folkemord, viser kor viktige desse spørsmåla er. Dei synleggjer også tidsvitnas motivasjon for å fortelje frå Holocaust, sjølv om det er uvanleg krevjande.

I arbeidet med bøkene Tidsvitner og Kvinnelige tidsvitner blei eg igjen og igjen slått av motet og styrken tidsvitna viste i sine innstendige forsøk på å formidle traumatiske opplevingar som dei helst ville gløyme, og som dei på ein måte måtte prøve å legge bak seg for å kunne gå vidare i livet.

Møtte Josef Mengele

Eit illustrerande eksempel er Edith Notowicz’ forteljing om møta med Josef Mengele, den nazistiske legen som for mange symboliserer vondskapen i nazismen:

«I Auschwitz opererte den beryktede legen Josef Mengele, også kalt «dødsengelen». Ham fikk jeg ganske snart stifte bekjentskap med. Mengele brukte barn i sine medisinske forsøk.

Han hadde en spesiell forkjærlighet for tvillinger, men jeg kan ikke gå i detaljer her. Det blir for grusomt for meg. Han var også opptatt av å finne nye metoder for sterilisering, og dermed hindre den jødiske rasen i å formere seg.

I leiren hadde han mer enn nok av forsøkspersoner, og jeg var en av dem som ble brukt i Mengeles steriliseringsforsøk på jødejenter. Det var ikke snakk om noen bedøvelse. Smertene sitter i meg ennå, og i mørke nattetimer er det iblant som om jeg er tilbake i forsøksrommet i leiren.»

Edith Notowicz har skrevet om den vonde tiden i Auschwitz.

Vitnesbyrdet til Notowicz støyter her mot ei grense for kva som er muleg å formidle frå Holocaust. Som lesarar respekterer vi at ho ikkje kan «gå i detaljer» om korleis ho mista barndommen sin i Auschwitz. Forteljingar kan vere meiningsskapande, men forteljingar frå Holocaust kan også vere uuthaldeleg smertefulle.

Brokkar av minne

At eit tidsvitnes minnebrokkar og erfaringsfragment frå Holocaust er uvanleg vanskelege å kommunisere, gjer ikkje forteljingar frå Holocaust mindre viktige. Snarare tvert imot. Notowicz spør seg sjølv og lesaren: «Er det sant eller ei?

Hva var drivkraften bak nazistenes intense forsøk på å utrydde andre mennesker? Går det an at mennesker kan være sånn? Mange ganger tror jeg ikke det. Men jeg har vært der, så jeg vet det hendte».

Tidsvitna frå Holocaust i Tidsvitner og Kvinnelige tidsvitner fortel lenge etter at dei blei arresterte og plasserte i nazistanes konsentrasjons- og utryddingsleirar. Dei er ikkje historikarar, innfallsvinkelen deira er og må vere annleis.

Det er opplevingar dei ikkje hugsar i detalj, det er episodar dei er usikre på og ikkje klarer eller maktar å setje ord på. Men dei var i leirane, og dei fortel om det dei hugsar slik dei hugsar det, og slik at ettertida ikkje skal gløyme eller fortrengje det. I formidlinga av historiske fakta er forteljingane påfallande konsistente, noko som styrkjer dokumentarverdien dei har.

Overlevde mot alle odds

Dette gjeld også forteljinga til Herman Kahan, som blei transportert frå Ungarn til Auschwitz med tog (i ei fullstappa kuvogn) i mai 1944, om lag samtidig med Notowicz.

Til liks med dei cirka 300 norske jødiske kvinnene og barna som blei deporterte til Auschwitz hausten 1942 og vinteren 1943, blei mor til Herman send i gasskammeret. Berre seks dagar etter frigjeringa døydde faren, men Herman overlevde mot alle odds og kom til Norge med Nansenpass i 1949.

Noko av det som gjer sterkast inntrykk i forteljingane til både Notowicz og Kahan, er formidlinga av måten som nazistane braut ned jødanes verdighet på.

Ved å lese vitnesbyrda deira forstår vi betre kor avgjerande det er for vår personlege identitet å bli akseptert og verdsett som menneske.

Vitnesbyrd med varig verdi

Forteljingane til Edith Notowicz og Herman Kahan viser at sjølv om det no er 75 år sidan frigjeringa av Auschwitz, kan erfaringar frå holocaust framleis ligge innanfor eit livsløp. Slik sett er Holocaust nær oss i tid.

Då den tyske forbundskanslaren Angela Merkel i desember i fjor besøkte Auschwitz, understreka ho at Tyskland har eit varig ansvar for ikkje å gløyme Holocaust.

Å vere klar over dette ansvaret, sa Merkel, er ein del av vår nasjonale identitet og vår sjølvforståing som eit opplyst og fritt samfunn – eit demokrati. Merkels kloke kommentar gjeld eigentleg heile Europa, Norge inkludert.

Tidsvitna frå holocaust har gitt uvurderlege bidrag til å tydeleggjere dette ansvaret. Sjølv om dei no blir borte, har vitnesbyrda deira varig verdi.

Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter