Kronikk

Punktum for etter(kald)krigstida blei effektivt sett den 9.11.2016 | Bård Vegar Solhjell

  • Bård Vegar Solhjell, stortingsrepresentant (SV)

Vi må adressere dei utfordringane høg innvandring og dårleg integrering har skapt i Europa. Ikkje ved å late som om ingen ting har skjedd, eller å overta høgrepopulistisk politikk. Men heller ikkje ved å snakke om noko anna, eller late som ingenting skjer. Foto: Zohra Bensemra

90-talets optimisme er erstatta av finanskrise, politisk mistillit og frykt på begge sider av Atlanteren. Og punktum for etter(kald)krigstida blei effektivt sett den 9.11.2016.

Kronikk
Dette er en kronikk. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Barna mine har sett val kome og gå. Eg har vore med i dei norske, dei utanlandske har eg følgt på radio og TV. Dette er første gang eg har opplevd at dei blir urolege, ja nesten redde.

Blir det krig no? Kvifor snakkar han sånn? Kva skjer med oss. Når barn over heile Noreg har reagert sånn, er det jo fordi dei har plukka opp foreldre, lærarar og politikarar si uro.

Ein viktig, om enn nesten banal, bodskap er difor at dette nok vil gå godt. Mykje går bra i verda. Levealderen aukar, færre barn dør i barsel, fleire får utdanning.

I Aftenposten 10.11 viste fredsforskar Nils Petter Gleditsch at det over tid blir færre drepne i væpna konfliktar. Noreg er også eit heilt anna samfunn enn USA.

Optimismen er erstatta av frykt

Men vår del av verda er i alvorlege problem.

I boka Europeere frå 2015 skildrar Simen Ekern si tid som Erasmus-student i Brussel på 90-talet. Fylt av euro-optimisme og framtidstru møttest studentar frå heile kontinentet til fellesskap på tvers av landegrenser.

90-talets optimisme er erstatta av finanskrise, politisk mistillit og frykt på begge sider av Atlanteren. Og punktum for etter(kald)krigstida blei effektivt sett den 9.11.2017.

Parallellen til mellomkrigstida

Mange samanliknar vår tid og mellomkrigstida, og eg er blant dei som kjenner på krafta i denne parallellen. Men som Olav Brostrup Müller peika på i vår, så er det viktig å forstå at folk som levde i mellomkrigstida jo ikkje visste at dei levde i mellomkrigstida. Dei trudde dei levde i etterkrigstida.

Eg skriv ikkje dette fordi eg trur det blir krig. På ingen måte. Eg skriv det for å minne om kor lett det er å registrere endringar, slå fast at dei er viktige – men halde fram som før.

Vi må ha is i magen og tenke oss om. Men ikkje lene oss tilbake, mentalt førebudd på «business as usual».

Vi har ei ulikskapskrise i USA og Europa

For kva skjer? Finanskrisa i Europa, framveksten av høgrepopulisme, Brexit og Trump er ulike fenomen, men også med ei felles kjerne.

For det første, ei ulikskapskrise i USA og det meste av Europa. USA har hatt høg vekst, men sterkt vaksande ulikskap sidan 80-talet. Breie grupper amerikanarar har ikkje hatt reallønsvekst, medan prisane – til dømes på bustad og utdanning – aukar.

Færre tek no høgare utdanning i USA på grunn av den høge prisen, og landet har ikkje klart å møte teknologisk endring med å investere i kompetanse og nye, trygge jobbar. Usikre, lågt betalte jobbar er utbreidd.

Thomas Seltzer skildra dette USA i ein dokumentar rett før presidentvalet med innsikt og utan moralisme.

Europa er blitt eit innvandringskontinent

I Europa har forskjellane auka mindre, men mange land har lenge hatt låg vekst og nesten permanent høg arbeidsløyse.

Ungdomsarbeidsløysa er skyhøg i store delar av EU. I land som Tyskland, Spania og Italia auka knapt realløna på 2000-talet. Folk med vanlege middelklassejobbar – lærar, ingeniør regnskapsførar – kan oppleve at det år for år er litt tyngre å betale for tannlegen, barneidretten eller ferien.

For det andre, ulikskapskrisa fell i tid saman med ein stor auke i innvandringa. Europa har gått frå å vere eit utvandringskontinent, dominert av ein kvit og kristen befolkning, til å vere eit innvandringskontinent.

Migrasjon kan vere konfliktfylt

I 1965 utgjorde innvandrarar om lag 2.2 prosent av folketalet i Vest-Europa. I dei fleste land er det 5-10-dobla sidan det, og det meste av befolkningsveksten i Europa kjem i dag frå innvandring.

USA, i motsetnad til Europa, er bygd på innvandring. Kulturelt og religiøst mangfald er regelen. Men landet er også sterkt segregert. Ofte bur kvite, svarte og menneske med latinamerikansk bakgrunn i ulike bydelar, arbeider på ulike stader, har born på ulike skular og er med i kvar sine trussamfunn og sosiale arenaar.

Migrasjon kan være konfliktfylt. I land som har stor innvandring, kombinert med dårleg integrering og store klasseskilje, har konfliktane – og problema – blitt særleg sterke. Mykje tyder på at det har eksplodert no, både i Europa og USA.

Politisk tillitskrise i både USA og Europa

For det tredje, både Europa og USA opplever politiske tillitskriser. I USA er det dramatisk. Sterke pengeinteresser dominerer politikken. Årets valkamp kosta over 50 milliarder kroner, meir enn eit norsk forsvarsbudsjett. Politikarar er blitt avhengig av pengar frå store selskap.

Polariseringa i det amerikanske samfunnet har slått inn i politikken, og samarbeidet på tvers av partilinjer har blitt verre og verre – retorikken hardare og hardare.

Samstundes fører to-partisystemet til at breie grupper ikkje føler seg representert. I 1960 hadde nordmenn og amerikanarar om lag like stor tiltru til myndigheitene våre, og tiltrua var svært høg. Vi har opprettheldt den, i USA er den forvitra.

Mistilliten har gitt oss høgrepopulismen

I Europa er tilliten framleis høg i mange land, særleg i Nord-Europa, men i Sør-Europa er det annleis. Ein ny dimensjon har gjeve grobotn for mistillit og motstand mot byråkrati og politikk også her: EU, og avgjerder som vert fatta langt unna folk.

Mistilliten til etablerte parti har ført til framveksten av høgrepopulisme over store delar av Europa.

Det vil til slutt ramme oss også

Vi har ansvar for vårt land. Eit godt og vellukka samfunn, verdt å ta vare på. Men verda rundt oss, Europa og Nord-Amerika, er i ein fase av kritiske endringar. Det som rammar dei vil til slutt ramme oss. Vi er ikkje immune.

Eg trur difor det er naudsynt at vi lar oss sjølv utfordre i dette landskapet.

Vi må konfrontere politikken som skaper ulikskapskrisa på nasjonalt og internasjonalt nivå. Sette små økonomiske forskjellar på toppen av lista over mål i den økonomiske politikken. Redusere forskjellar i Noreg, konfrontere det i Europa saman med allierte der.

Kanskje kan også eit revitalisert nordisk samarbeid om utanrikspolitikken ta utgangspunkt i vår felles velferdsmodell?

Vi kan ikkje late som ingenting

Vi må adressere dei utfordringane høg innvandring og dårleg integrering har skapt i Europa. Ikkje ved å late som om ingen ting har skjedd, eller å overta høgrepopulistisk politikk. Men heller ikkje ved å snakke om noko anna, eller late som ingenting skjer.

I vår leia eg eit arbeid i regi av tankesmia Agenda, der politikarar frå sentrum/venstre og forskarar presenterte felles forslag. Eg trur det ligg viktige svar her.

Kanskje minst diskutert, men like viktig; Vi må tore å sjå mot institusjonane våre, og fornye dei. Er det breie veljargrupper som ikkje blir representert i det politiske systemet? Fungerer EU, når detaljar vert regulert medan flyktningpolitikken står uløyst?

Kva skjer med dei politiske fellesskapa når medielandskapet endrar seg, dersom felles kjelder til kunnskap og meining forvitrar?

Store spørsmål, men det er tid for det no.

Twitter: @bardvegar


Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter.


  • Bård Vegar Solhjell har også skrevet om situasjonen i Europa. Artikkelen heiter Europa brenn.

Her er flere artikler om USA, Trump og innvandring:

  1. Les også

    Der tapet av den amerikanske drømmen møter virkelighetens sterke følelse av skam, finner vi Donald Trump | Erika Gubrium

  2. Les også

    Suzie Flaherty er en hvit, blond amerikansk forstadsfrue. Likevel har hun møtt fordommer hele livet.

  3. Les også

    I ni år har antall ulovlige innvandrere i USA gått ned. Likevel har Trump gjort dem til valgkampens heteste tema.

Les mer om

  1. USA-valget 2016
  2. USA-valg 2016
  3. Innvandring
  4. Fattigdom
  5. Integrering
  6. Frykt

USA-valget 2016

  1. KRONIKK
    Publisert:

    Kronikk: «Ivanka Trump vil bli USAs første kvinnelige president. Kanskje er hun det allerede.»

  2. KOMMENTAR
    Publisert:

    Bøllete, hårsår, selvopptatt, inkompetent og med tvilsom impulskontroll — og i rute til å bli gjenvalgt

  3. VERDEN
    Publisert:

    New York varsler kamp mot Trumps vraking av utslippskutt

  4. VERDEN
    Publisert:

    Seks journalister anholdt i USA etter anti-Trump-demonstrasjon - risikerer ti års fengsel

  5. KRONIKK
    Publisert:

    Høyresiden i Europa er i sterk fremvekst. Men for liberalt innstilte borgerlige er ikke det særlig gjevt.

  6. ØKONOMI
    Publisert:

    Finansmannen om Trump på VIP-middag i Davos: Han er en bedrager. Og vil mislykkes.