Føresetnad for demokrati

Dei muslimske samfunna er dårlig rusta overfor den demokratiske ytringsfridommen, slik han råka dei med Muhammed-karikaturane og Salman Rushdies (bildet) Sataniske vers, skriv Solveig Aareskjold.

Romanar. Å lesa romanar byggjer opp den indre styrken som er føresetnaden for å hevda sine eigne verdiar - samtidig som ein er villig til å drøfta dei irriterande og støytande meiningane til folk ein er totalt ueinig med.

Dette er en kronikk. Eventuelle meninger i teksten står for skribentens regning. Hvis du ønsker å sende et kronikkforslag, kan du lese hvordan her.
Solveig Aareskjold

Då moderniseringa av det vestlege statsstyret tok til for godt over 200 år sidan, kom lesekunsten i siget. Eller sagt på ein annan måte, etter kvart som det blei vanleg at folk kunne lesa, skifta statsstyret frå einevelde til demokrati. I vår tid blir det sett på som eit absolutt vilkår for folkestyret at folk skjønar det som står i aviser og på nettsider, og det blir rekna for grunn til bekymring at det er såpass få som les bøker.Når skulebarn skal gjerast til gode lesarar, blir det lagt vekt på nyting og spenning. Når foreldrer og føresette skal motiverast til å satsa på leseopplæringa, snakkar ein gjerne om utviding av perspektiv og utvikling av empati. Begge delar har mykje for seg, trass i at det finst mange ivrige lesarar som heller vil drøyma seg bort med oppdikta liv og hendingar enn å tøya sine eigne grenser og utøva empati mot sine nærmaste. Sidan skjønnlitteraturen gir innblikk i ulike måtar å vera menneske på, er han like fullt ei av dei viktigaste kjeldene til forståing og toleranse.

Mentale struktur

Men bøkene grip òg inn i danninga av den politisk medvitne borgaren på eit meir grunnleggjande plan. Dei skaper ikkje berre demokratiske haldningar, dei skaper òg den mentale strukturen som er vilkåret for at desse haldningane skal bli noko meir enn fine talemåtar. Å lesa romanar byggjer opp den indre styrken som er føresetnaden for å hevda sine eigne verdiar samtidig som ein er villig til å drøfta dei irriterande og støytande meiningane til folk som ein er totalt ueinig med.

Vanlegvis tenkjer ein seg at demokratiet spring ut or nøktern diskusjon og sakprosa, ikkje or dikting og fantasi. Då gløymer ein at den teoridanninga som låg til grunn for den nordamerikanske frigjeringa og Den store franske revolusjonen, skjedde i eit miljø der det blei både skrive og lese ei mengd med romanar. Filosofar og forfattarar vendte seg til det same publikum, litteratur og politikk blei drøfta i dei same salongane. Jean Jaques Rousseau skreiv skjønnlitteratur for å få fram den politiske bodskapen sin, Voltaire dreiv samfunnskritikk gjennom romanane sine. Dei demokratiske ideane utvikla seg hos menneske som allereie var godt i gang med den opptreninga av hjernen som dei fekk av å lesa for moro skuld.

Fyllast med meining

Historisk sett er bøkene sjølvsagt ei ny oppfinning. Likevel fyller dei eit behov som alltid har vore der, og som blei prekært då menneska slutta å streifa omkring i små flokkar av jegerar og samlarar og blei innordna i strengt regulerte sivilisasjonar. Den måten me bruker ord og setningar på, vitnar om eit mentalt rom som må fyllast med meining om me ikkje skal bli sinnssjuke, eller bryta saman i mismot og mista viljen til å leva.

Ved sida av vanleg kvardagskommunikasjon og munnleg framførte heltesoger har dette rommet helst vore fylt av religiøse ritual som har halde tankane på plass og fortvilinga i sjakk. Når dagen både startar og sluttar med bønn, og alle vanskelege spørsmål får det fromme svaret at Guds vegar er uransakelege, kan me halda det gåande utan protest livet ut med tungt arbeid, svoltne barneflokkar og urettferdige styresmakter. Men som det stadig blir demonstrert i dei landa der berre eit ørlite mindretal les bøker, er folk utan romanar forferdeleg dårleg rusta til å gjennomføra moderniseringa av det politiske systemet.

Sjølvsagt finst det forteljingar i boklause miljø òg. Dei fungerer likevel på ein heilt annan måte. Den munnlege overleveringa skjer i ein sosial samanheng der ein fører ordet mens dei andre lyttar, med latter og tilrop eller så stilt at du knapt kan høyra dei pusta. Om slike fellesopplevingar er aldri så verdifulle i seg sjølve, gir dei lite rom for individuell ettertanke. Og den kollektive stemningsrusen har opp gjennom tidene vore flittig utnytta av hærførarar som vil gå til krig, som då Slobodan Milosevic på slutten av nittenhundretalet brukte mellomaldermyten om slaget på Kosovosletta til å kveika opp under den serbiske kampgløden.

Å ha lese den same boka kan langt på veg gi den same gode stemninga. Det er det som er salsmekanismen i bestseljarane, det er det som gjer at klassikarane blir trykte om og om igjen, det er derfor det kan arrangerast litteraturfestivalar på Lillehammer, i Stavanger og Sarpsborg. Den felles kjennskapen til oppdikta personar som Peer Gynt og Kristin Lavransdatter gjer at ein kan ha djupe, eksistensielle samtalar med folk ein nettopp har møtt. Likevel er den litteraturen som kjem inn gjennom auga, heilt ulik den som kjem inn gjennom øyra. Kvar lesar kan velja sine eigne yndlingsforfattarar, og den trykte boka må lesast i einsemd før ho kan delast med andre. Resultatet er at alle byggjer opp sitt eige forråd av historier, eit kulturelt særtrekk som manglar der det berre finst ein einaste versjon av kva som er sant og verkeleg.

Dei muslimske samfunna

I seinare tid har det blitt smerteleg klart kor dårleg rusta dei muslimske samfunna er overfor den demokratiske ytringsfridommen, slik han råka dei med Muhammed-karikaturane og Salman Rushdies Sataniske vers . For sjølv om dei færraste muslimar er bakstreverske sharia-fantastar, er det store fleirtalet ute av stand til å setja på plass dei som ikkje toler andre forteljingar enn sine eigne. Der er altfor mange såre kjensler i omløp til at folkestyret kan slå rot, altfor mange ømme tær som stadig blir trakka på, i det heile ein skrikande mangel på litterært verneutstyr.

Dei som skriv og les skjønnlitterære bøker, er heller ikkje ukjende med krenking. Når ein venn ikkje liker den romanen som du sjølv synest er heilt fantastisk, kan det kjennast som ei personleg avvising. Ein forfattar som blir slakta i offentlege media, opplever det like katastrofalt som respektlaus omtale av profeten er for dei sanne truande. For det er dessverre ikkje sant at sticks and stones can hurt my bones, but words can never harm me.

Ei herding

Sett under eitt skjer det likevel ei herding av både lesarar og forfattarar, ei herding som må til for at ytringsfridom skal finna stad. Med tid og stunder dannar dei evinnelege påkjenningane ein mental buffer mot krenkande ord og bilde. I ly bak den kan folk veksa seg robuste nok til å skilja mellom det som som må tolast i eit demokrati, og det som er ein trussel mot menneskeverdet.