Sex, storting og valgordning | Eirik Holmøyvik

169 representanter har nå sete på Stortinget. Her fra åpningen av det 162. storting 9. oktober i fjor.

Er det mogleg å seie frå seg stortingsvervet? Eller fjerne stortingsrepresentantar som ikkje er skikka til å utføre vervet sitt?

Dette er en kronikk. Eventuelle meninger i teksten står for skribentens regning. Hvis du ønsker å sende et kronikkforslag, kan du lese hvordan her.

Sex og Stortinget er to ord som for få månader sidan var nesten utenkeleg å bruke i same setning. Så kom #metoo-fenomenet og blottstilte fleire mannlege stortingsrepresentantars tvilsame seksuelle framferd mot yngre partifeller.

Varslingssakene straumar inn til partiorganisasjonane. Nokre av tilfella vi høyrer om, kan vere straffbare. Spørsmålet mange stiller seg, er om desse mannlege politikarane er skikka til å utføre stortingsvervet? Kan vi ikkje berre sparke dei ut av Stortinget?

Ein vanæra stortingsrepresentant kan ikkje velje å gå av. Kanskje vil «me too» rokke ved den rotfesta norske ombodsplikta?

Veljarmakt

Sparke dei ut kan vi som veljarar gjennom bruk av røysteretten. Men neste stortingsval er i 2021. Om ikkje det er lenge nok, er førestillinga om at vi, veljarane, fritt vel våre representantar til parlamentet meir eit munnhell enn gjeldande statsrett.

Den norske valordninga gjev veljarane ingen påverknad på kven som blir valde til Stortinget. Det er partia, gjennom nominasjonen til sine vallister, som avgjer kva personar vi vel til Stortinget. Vi, veljarane, kan berre straffe dei partia som set dårlege kandidatar på toppen av lista, men gjer vi eigentlig det? Og bør det vere slik?

Les også:

Les også

«Presidentklubben» skulle ha sin årlige herremiddag. For første gang var det noen som fortalte hva som skjedde på veldedighetsmiddagen.

Personrøyster?

Utvalet som utforma vår noverande vallov frå 2002, føreslo å innføre personrøyster ved stortingsval. Stortinget ville det annleis.

Personrøyster har vi i dag ved fylkestingsval og kommuneval, men ikkje ved stortingsval. Dei siste åra har ordningar for personrøyster ved stortingsval vore utgreia på nytt, men Stortinget har ikkje klart å einast om ein modell.

Kva makt veljarane får over Stortingets personsamansetnad kjem nettopp an på kva modell for personrøyster som blir vald. Simuleringar syner at innføring av personrøyster kan gje veljarane reell påverknad på kven som blir valde til Stortinget, sjølv om partia framleis vil spele hovudrolla.

Kva makt vi veljarar skal ha til å bestemme ikkje berre kva parti, men også kva personar som skal representere oss på Stortinget, er eitt av spørsmåla eit nytt regjeringsoppnemnt utval skal vurdere i samband med revisjon av vallova. «Me too» har synleggjort at valordninga vår er meir enn sperregrense og utjamningsmandat. Den gjeld også personar.

Å seie frå seg stortingsvervet?

Medan vi ventar på neste stortingsval, er det i mellomtida mogleg å fjerne stortingsrepresentantar som ikkje er skikka til å uføre vervet sitt?

Stortingsvervet er ikkje eit vanleg verv eller stilling. Det er det fremste tillitsvervet i samfunnet vårt. Stortingsrepresentantane tek avgjerder med store følgjer for oss andre.

Alvoret i stortingsvervet blir spegla av rettsreglane som styrer det. Ein vanæra stortingsrepresentant kan til dømes ikkje velje å gå av. Grunnlova bestemmer nemleg i § 63 at norske statsborgarar som hovudregel har plikt til å stille til val og til å ta i mot stortingsvervet dersom ein blir vald. Dette kallar vi ombodsplikt. Den fekk som kjend Carl I. Hagen erfare då han forsøkte å trekke seg som vararepresentant til Stortinget for å kunne veljast til Nobelkomiteen.

Fritak?

Ombodsplikta gjeld også for vararepresentantar og i heile valperioden. Reglane for fritak er strenge. Stortinget har sjølv etablert ei permisjonsordning, men fordi denne vanskeleg kan forlikast med ombodsplikta i Grunnlova, vert permisjonar sjeldan innvilga.

Ombodsplikta har lange historiske røter her til lands, men er ikkje ei naturlov. I Sverige kan Riksdagen samtykke i at ein riksdagsmedlem seier frå seg vervet.

Kanskje vil «me too» rokke ved den rotfesta norske ombodsplikta? Peter Christian Frølich (H) spurte i eit intervju med NRK 25. januar, om ikkje også norske stortingsrepresentantar bør kunne seie frå seg vervet sitt når dei personlege kostnadane blir for store.

Ein kan spørje seg om varslingssakene vi no ser mot stortingsrepresentantar, ville ha fått ein ny dimensjon om det var mogleg å seie frå seg stortingsvervet.

Vanskelege avvegingar

Om ein stortingsrepresentant ikkje kan velje å gå av, kan likevel han eller ho i særleg alvorlege saker tape stortingsvervet.
Etter Grunnlova § 61 må ein ha røysterett for å kunne veljast til Stortinget. Vert ein fråteken røysteretten, tapar ein òg stortingsvervet. Det kan skje på to måtar:

  • Den som går i teneste for ei framand makt utan samtykke frå regjeringa, mistar automatisk røysteretten for den tida tenesta varer.
  • Den andre måten å tape røysteretten og dermed også stortingsvervet, er dom på straffa rettstap («rettighetstap»).

Bruk av rettstap mot stortingsrepresentantar reiser vanskelege avvegingar:

  • På den eine sida vil ein dom på tap av stortingsvervet gripe inn i demokratiet ved å overstyre veljaranes val av representant.
  • På den andre sida kan det i visse tilfelle vere nødvendig å fjerne ein stortingsrepresentant nettopp for verne demokratiet dersom stortingsvervet blir misbrukt eller utøvd av ein person som har tapt allmenn tillit.

Les også:

Høg terskel

Rettstap kan berre påleggast av ein domstol, og vilkåra i straffelova er at «vedkommende er uskikket til eller kan misbruke sin stilling» og at «allmenne hensyn tilsier det». Her ligg det ein etisk standard som må vurderast konkret mot stortingsvervet.

Av omsyn til demokratiet er terskelen for at ein domstol skal frådøme stortingsverv høg og kan berre tenkast for grove brotsverk. Stortingsvervet kan dessutan berre frådømast for valperioden. Med det legg lova den endelege dommen i veljaranes hender: Om veljarane vil ha en straffedømd person som representant, står ikkje lova i vegen for det valet.

Representant fekk fornya tillit

I 2011 vart til dømes ein profilert stortingsrepresentant bøtelagt for brot på forbodet mot sexkjøp. Det var aldri spørsmål om at vedkomande skulle frådømast stortingsvervet, og veljarane har gjeve han fornya tillit dei to siste stortingsvala.

Prinsippet i lovverket er altså at personsamansetninga på Stortinget så langt som mogleg skal liggje i veljaranes hender. Men fordi veljarane etter dagens valordning ikkje kan påverke partias lister til stortingsvalet, må vi stole på at partia tek ansvar for oss.