Kronikk

Den som lir av «reality hunger» kan ha mykje å hente i fiksjonen | Marta Norheim

  • Marta Norheim
    litteraturkritiker, NRK

Dei nye forfattarane skriv seg inn i komplekse sider ved tida vi lever i, anten utgangspunktet er navlen, krigen eller klimakrisa, skriv Marta Norheim. Foto: Aschehoug/Samlaget/Gyldendal

Ein skal lese uvanleg vrangt eller temmeleg snevert om ein ikkje ser at den nye litteraturen har vesentlege ting å kome med.

Kronikk
Dette er en kronikk. Meninger i teksten står for skribentens regning.

I skuggen av den såkalla «virkelighetslitteraturen» spirer og gror ein litteratur som i høg grad interesserer seg for det verkelege, men på ein annan måte.

Den som følgjer norsk litteratur gjennom å lese dagsavisene, kan få inntrykk av at norske forfattarar har forlate fiksjonen for godt. Ein kollektiv «reality hunger» gjer at norske forfattarar har gått over til å skrive sanninga om seg sjølve, og ikkje minst om alle som står dei nær.

Misforståinga breier seg faktisk langt inn i dei litterære krinsane: Då «virkelighetslitteraturdebatten» herja hausten 2016, lufta dåverande redaktør av litteraturtidsskriftet Vinduet, Preben Jordal, ein mistanke han sat med, om at dei nye forfattarane ikkje hadde lese så mykje før dei tok til å skrive og at dei dermed ikkje hadde anna enn seg og sitt å spele på.

«Det er ikke bra hvis den nye litteraturen bidrar til at vi får en enda mer selvopptatt kultur,» sa Jordal i eit intervju i Aftenposten. I Vinduet gjekk redaksjonsmedlem Frode Helmich Pedersen eit hakk lenger, og uroa seg over Knausgård-epigonar som «er tilbøyelige til å overføre bloggerenes naive bekjennelsesprosa til det litterære feltet».

Kronikkforfatter Marta Norheim er litteraturkritiker hos NRK, og har nylig gitt ut boken Oppdateringar frå lykkelandet, som handler om den nyeste litteraturen. Foto: Tove K. Breistein

Til dei som har delt denne uroa, kan eg kome med godt nytt: Dei nye forfattarane, lat oss avgrense oss til dei som har debutert etter 2000, skriv sjeldan sjølvbiografiske bøker. Slik prosa kjem helst frå dei godt etablerte, ofte halvgamle forfattarane. (Og den kan vere glimrande, men det er ei anna historie.)

«Virkelighetslitteratur» er elles ikkje noko ein skriv, det er ein kategori du vert plassert i dersom det kjem fram at historia du har kalla «roman» inneheld element nokon kjenner att frå livet ditt, eventuelt frå livet sitt. Eller frå livet til nokon andre.

Ein kan dermed ikkje sjå bort frå at ein del av den nye skjønnlitterære prosaen kan bli «virkelighetslitteratur» etter kvart som lesarar, kritikarar og forskarar har fått undersøkt om forholdet mellom dikt og liv er intimt nok til at ein kan bruke v-ordet om dei.

Kulturhuset på Youngstorget i Oslo var stappfullt da Kenneth Moe (nr. 2 fra venstre), kulturredaktør Ane Farsethås i Morgenbladet, Vinduet-redaktør Preben Jordal og hovedanmelder Ingunn Økland i Aftenposten diskuterte bruk av levende modeller i litteraturen. Ordstyrer Joacim Lund fra Aftenposten helt til venstre. Foto: Rolf Øhman

Fiksjonar til å få hunger av

Eg deler heller ikkje inntrykket dei to litteraturkunnige sit med om at dei nye forfattarane har lese lite og er dårleg forankra i den litterære tradisjonen, tvert i mot: Landet har neppe hatt forfattarar som har førebudd seg grundigare for oppgåva enn dei aller nyaste: dei har studert litteraturvitskap på universitetet, eller dei har gått på skrivekunstakademi, forfattarskular eller folkehøgskular. Mitt bestemte inntrykk at dei lærer meir der enn å velte greiene sine ut på papiret.

Dette viser seg i at intertekstualiteten florerer hjå så ulike forfattarar som Jan Grue og Inger Bråtveit. Vidare i medvit om form, tydeleg for den som vil sjå hjå Eivind Hofstad Evjemo, Tina Aamodt og Jan Roar Leikvoll.

Les også

Vigdis Hjorth i ny bok: – Jeg brøt med familien for mange år siden

Les også

Synne Skouen: Man får være glad for å ikke ha en avslørende forfatter i familie eller vennekrets

Les også

Jan Kjærstad om Helga Hjorths roman: – Dette er alle forfatteres drøm

Research ligg til grunn hjå Ingrid Stormoen og Erlend Kaasa når dei skriv om krig, hjå Kari Brænne og Aina Basso når dei går historisk til verks, og ikkje minst hjå dei som skriv om klimakrisa, til dømes Mette Karlsvik, Maja Lunde og Carl Frode Tiller.

Og her, i den nye klimalitteraturen, nærmar vi oss det verkelege på ein annan måte enn i den såkalla «virkelighetslitteraturen». Dei nye forfattarane går inn eitt av dei største problema i si tid.

Somme har valt ein annan skala: Ta dei som slit med å forstå kva for gjeld dei har sett seg i når dei får ting gratis på finn.no: there is no such thing as a free sofa. På nettet kan også sjalusien florere på heilt nye måtar, når den forsmådde kan følgje eksen og den nye dama på Facebook. Slikt er naturlegvis skammeleg, og skamma er ikkje berre noko som finst på TV; det finst også i rause porsjonar i samtidslitteraturen.

Skam og skamløyse

Det interessante ved den moderne skamma er at det sjeldan ligg ei uetisk eller ulovleg handling til grunn for kjensla: Det er nok å ikkje følgje stilen, kjenne sjargongen, vite kva det går i. Skamma har sin grunn i kven du er eller korleis du ser ut, og i mindre grad i kva du gjer.

Denne, lat oss kalle den «estetiske» skamma, blir utløyst når du blir sett av eller tenkjer at du kan bli sett av dei du identifiserer deg med: Som når Liv i De bortkomne av Marlene Ferrer og Preben i Deflora av Preben Z. Møller fantaserer om kva Litteraturhuset, Klassekampen og Morgenbladet ville tenkt om dei svært unge elskarane dei har der dei bur langt heimanfrå, i Thailand og i Mexico.

Les også

Slik skildrer de to søstrene Vigdis og Helga Hjorth samme situasjon

Les også

Gode etiske reflekser krever trening. Derfor trengs virkelighetsdebatten.

På den andre sida: dei som ikkje har andres blikk på seg står i fare for å misse alle hemningar og alle menneskelege trekk, noko vi ser døme på i bøkene Massemenneske av Anders Malm og Fortellingen om øde av Ida Hegazi Høyer. Mennesket blir ikkje nødvendigvis verken fritt eller godt av å mangle det sosialiserande blikket.

Alle interessante bøker å lese opp mot Skamløs, boka til dei «skamløse» unge kvinnene, som dokumenterer andre sider ved omgrepet. Når forfattarar skildrar personar som er hekta på sjølvbiletet og på blikket frå dei andre, treng ikkje dette vere uttrykk for at dei sjølve er ute av stand til å sjå forbi eigen navle.

Dei kan like gjerne ta opp eit dominerande trekk i tida. Eg kan likevel ikkje sjå bort frå at somme byggjer på eigne, verkelege erfaringar. Det må dei gjerne gjere, berre dei skriv godt.

Vesentleg og vittig

Det finst også blant dei nye ei handfull som skriv eksplisitt sjølvbiografisk, berre så det er sagt. Dei gjer det på nye måtar; ein av dei har endåtil late seg inspirere av blogg-formatet. Heller enn å diskutere naiviteten ved denne forma, kan ein studere endringane i bruken av seg sjølv i fiksjonen.

Det sentrale poenget er at dei nye forfattarane skriv seg inn i komplekse sider ved tida vi lever i, anten utgangspunktet er navlen, krigen eller klimakrisa.

Dei redefinerer ord som «fridom,» »skam» og «identitet».

Dei utforskar det ustabile forholdet mellom sjølvet og dei andre.

Ein skal lese uvanleg vrangt eller temmeleg snevert om ein ikkje ser at den nye litteraturen har vesentlege ting å kome med.

Etter år med lesing av det nye kan eg på tampen røpe at her også finst humor av mange slag. Både forpinte knis og den svartaste grottelatter har vore å høyre frå arbeidspulten min.

Delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter

Les mer om

  1. Virkelighetslitteratur
  2. Skamløs
  3. Litteratur

Relevante artikler

  1. KRONIKK

    Romanen som både førte til ein nobelpris i litteratur og langt på veg ein fredspris | Ole Våge

  2. KRONIKK

    Å fortelje er å ordne fortida. Då hjelper det ikkje alltid å dikte.

  3. KULTUR

    Forfatter Kenneth Moe: «Selvbiografi er visdomslitteratur for duster, skrevet av duster»

  4. KRONIKK

    Nobelprisvinneren i litteratur har en særpreget fortellerstil med stor leserapell.

  5. KOMMENTAR

    Seksuell trakassering i bokbransjen: No kan ein berre halde på, utan sanksjonar

  6. KRONIKK

    Må vi snakke om korleis vi har det, heile tida?