Heftar alltid ved Hamsun
Knut Hamsun støtta fascismen på generelt politisk grunnlag, både den italienske, den spanske og den tyske, skriver Jon Langdal.
Uklar begrepsbruk. Aksel Sandemose, poetokraten som var ein av dei første som i 50-åra tok til orde for å rehabilitere diktaren Hamsun, uttalte i eit intervju i 1955 at det om 20 år «knapt (ville) være igjen en fotnote om landssvikeren Hamsun i litteraturhistorien». I dag er dei fleste samde om at nazismen og forræderiet vil hefte ved Hamsuns namn til evig tid, som pukkelryggen ved Richard III og klumpfoten ved Ibsen-figuren snekkar Engstrand. Men striden om diktarens politikk held fram, og denne artikkelen er eit forsøk på å forklare kvifor. Årsaka er ikkje minst mangel på klar begrepsbruk.
Amatørprega psykologisering.
Det er viktig å vere klar over at Hamsun støtta fascismen på generelt politisk grunnlag, både den italienske, den spanske og den tyske. Dette aleine burde kunne gjere slutt på all den amatørprega psykologiseringa vi har vore plaga av, så som at Hamsun støtta Hitler fordi han nærte sterk kjærleik til «Tyskland». (Støtta han Mussolini og Franco fordi han var glad i Tyskland?).
Redd for kommunisme.
Den avgjerande mangelen ved Ingar Sletten Kolloens oppfatning av nazismen, slik det trer fram i slutten på den store biografien, er at han overser det allment fascistiske ved Hamsun, hans forhold til «den åpne kjæft», proletariatet, sosialismen og kommunismen. Dette var derimot eit sjølvsagt poeng i Robert Fergusons Hamsun-bok, der det på s. 360 heiter: «Utifra den almene forståelse av begrepene var han både fascist og rasist. Han var dødsens redd for kommunismen, forkynte diktaturets karismatiske leder, og drømte om et germansk imperium i Europa styrt av en ren germansk rase.» Men, truleg av omsyn til den psykologiserande norske tradisjonen, med Atle Kittang i spissen, har Kolloen og hans menn bestemt seg for å hoppe bukk over kommunistfrykta.
Styrt av kjensler.
Dermed blir Hamsuns nazisme utan eigentleg ideologisk grunnlag, han blir nazist berre i kraft av handlingar han gjorde seg skuldig i på 30— og 40-talet, handlingar som kanskje berre var styrte av tilfeldige kjensler, og ikkje fordi han tenkte som ein vaskeekte nazist.
Når ein da som Kolloen, i tillegg vil ha det til at Hamsun var mangetydig i sitt forhold til jødefolket, blir det rimeleg klart at Hamsun, slik Nils Magne Knutsen peikte på i omtalen sin av Kolloens biografi, ikkje var eigentleg nazist, om Kolloen aldri så mykje kalla han det. Dermed blir det presserande å finne ut korleis Kolloen kan frikjenne Hamsun for eintydig og politisk antisemittisme.
Jørgen Haugan peiker i svarinnlegget til Kolloen 23. september med rette på at antisemittismen ikkje dreiar seg om kva private forhold ein har til jødane som individ, men om kva sosioøkonomisk rolle ein tillegger jødane å ha som gruppe. For å gjere det enkelt kan vi ta utgangspunkt i Sartres kjende skrift Tankar om jødespørsmålet. Essayet tek til slik: «Den som legg skulda for eit lands ulukker, eller delar av dei, på eksistensen av jødiske element i samfunnet, og som føreslår å bøte på tilstanden ved å ta frå dei somme av rettane deira og ved å forvise dei, eller ved å utrydde dei, seier ein har antisemittiske meiningar.»
Denne definisjonen er, unnateke utryddingstanken, dekkande for Hamsuns syn på jødane. Han meinte at dei i Tyskland – mellom anna fordi dei er så intelligente og har så høg kultur – tar frå landet sine «eigne» borgarar sentrale økonomiske posisjonar. Dette kjem fram så seint som i «Knut Hamsuns vitnesbyrd på pressekongressen» i Wien i juni 1943.
Svekker den germanske ånd.
Etter at Hamsun har kommentert Tysklands nederlag i den første verdskrigen, held han fram: «Den tyske befolkning hadde også i årenes løp fått et innsig av fremmede elementer, som svekket den germanske ånd i folket – det passet England godt. Tyskland skulle svekkes. Et overdrev av ugermanske folkeslag og raser grasserte landet og utbyttet befolkningen som no var utpint etter krigen».
Sjølv om ordet «jøde» ikkje blir uttalt, var tilhøyrarane neppe i tvil om kva for ei «ugermansk» folkegruppe Hamsun her særleg tenkte på. At det var jødane, kjem klart fram i eit innlegg Hamsun skreiv mot Fredrik Paasche 10. juli 1934, der han med forakt snakkar om Weimar-republikkens tid, «da kommunisterne, jøderne og Brüning regjerte». Og når det kom nazikritiske avisoppslag i norsk presse, reagerte Hamsun med raseri, ikkje mot tyske styresmakter, men mot t.d. antinazisten Ragnar Vold i Dagbladet.
Jødiske vener.
Kolloen nemner i svarinnlegget sitt til Haugan at Hamsun roste jødane for å vere intelligente og musikalske. Da kan det vere på sin plass å sitere vidare frå Sartre: «Antisemitten vedgår gjerne at jøden er intelligent og flittig; han seier gjerne at han sjølv i så måte er jøden underlegen». Då Hamsun etter krigen påkalla seg at han hadde jødiske vener, forsvarte han seg på same måten som den notoriske antisemitten, filosofen Martin Heidegger. Han meinte å kunne frikjenne seg ved at han hadde hatt omgang med jødiske Hanna Arendt, vore elev av jødiske Husserl, stilt opp for jødiske studentar osv.
Ikkje personleg hat.
Antisemittismen hos Hamsun gjeld også norske jødar. I 1942 innførte naziregimet i Norge eit Gestapo-påbod om at alle jødar måtte fylle ut eit særskilt skjema med personlege data, slik at politiet kunne stemple passet til jødar med ein J. I eit brev til sonen Tore seier Hamsun at han finn det heilt i sin orden at skjemaet blir brukt. At han til tider kunne hjelpe enkeltjødar, seier berre at antisemittismen hans ikkje bygde på personleg hat, noko heller ingen har hevda, men var uttrykk for ein politisk konsekvent handlemåte.
Banal nazisme.
Hamsuns nazisme var ikkje spesiell, den var like banal som Vidkun Quislings. Kampanjen for å frikjenne Hamsun for å redde han frå den mytisk Vondskapen han aldri tilhøyrte, har i høg grad vore eit åndsaristokratisk, eit poetokratisk prosjekt. Aksel Sandemose seier i det nemnde foredraget at det ikkje var tvil om at Hamsun var skuldig i landsforræderi, men han såg helst at den geniale diktaren blei dømt av ein like genial domstol.
Nå er narrespelet slutt. Det var moro så lenge det varte. Men som det heiter i revynummeret: «Det holder det, sa Gundersen, det klarer seg med det.»