Kronikk

Det store mobbesviket | Sigrun K. Ertesvåg

  • Sigrun K. Ertesvåg
    professor / forskingsleiar, Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforskning, Universitetet i Stavanger

Norge har vært ledende i arbeidet mot mobbing. Det er vi ikke lenger, påpeker kronikkforfatteren. Foto: Jan Tomas Espedal

Ein løyser ikkje utfordringane med mobbing i skulen med å riste på hovudet over at førekomsten ikkje går ned frå eit år til eit anna.

Kronikk
Dette er en kronikk. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Faren for at vi kollektivt går på trynet i mobbearbeidet er overhengande om vi ikkje snur i tide. Vi svik elevar og lærarar dagleg.

Ingen tid å miste

Mobbing i skulen er eit stadig tilbakevendande tema i fag- og mediedebatten. Gjerne gjennom historiene til enkeltelevar, historier som kvar for seg er svært tragiske.

Les også

Du har rett til å ha det bra på skolen | Inga Bejer Engh

Desse illustrasjonane har utløyst debatt. I debatten ser ein einsidig på at ein ikkje lykkast med å få ned mobbetala, men utan å gjere djuptgripande analysar av årsakene til dette.

Dette gir ein forenkla debatt, med enkle løysingar som ikkje kan gi resultat. Vi har ingen tid å miste på uverksame tiltak eller filosofiske debattar.

Foto: Jeanette Larsen

Historielaus debatt

Norge har vore i førarsetet i arbeid mot mobbing internasjonalt. På 1980-talet starta vi verdas første landsomfattande innsats mot mobbing. Det gav resultat.

På midten av 1990-talet skreiv Erling Roland den banebrytande boka Elevkollektivet, som la grunnlaget for å forstå arbeidet mot mobbing i eit systemperspektiv. Boka er ein fagklassikar som gir innsikt i korleis læraren kan leie elevgruppa mot felles mål. Her drøftar Roland korleis læraren kan utvikle positive normer og eit læringsmiljø i klassa som kan vere heilt avgjerande for eit mobbefritt miljø.

På starten av 2000-talet vart den tredje nasjonale satsinga som omfatta alle skular i landet, implementert med dette utgangspunktet. Tiltaka var kompetansepakkar mot mobbing med dokumentert effekt. Under denne satsinga vart førekomsten av mobbing betydeleg redusert.

Les også

Sanners kortsiktige anti-mobbetiltak | Halstensen, Myrvik og Hole

Ikkje godt nok

Vi er ikkje lenger i førarsetet internasjonalt. Ei viktig årsak til dette er at vi etter snart 40 år framleis ikkje i tilstrekkeleg grad bygg arbeidet i den enkelte skule på forskingsbasert kunnskap. Kunnskap om korleis ein må jobbe med dokumentert effektive tiltak på ein måte som gjer at dei kan gi resultat.

Det er krevjande å omsette forskingsresultat til praksis. Terje Ogden og Dean Fixen har vist til at etter om lag 17 år var berre 14 prosent av kunnskapen om effektive helsefremjande tiltak tatt i bruk.

Det er enno vanskelegare å lykkast med forskingsbaserte tiltak som omfattar heile skular. Vi lykkast, men ikkje ofte nok og ikkje godt nok. Utfordringa er derimot ikkje effektive tiltak, det har vi.

Læraren – den viktigaste faktoren

Den viktigaste enkeltfaktoren i arbeidet mot mobbing er relasjonen mellom læraren og den enkelte elev. Kvaliteten i denne relasjonen er heilt avgjerande for å lykkast med arbeidet mot mobbing.

Ein ny omfattande studie frå Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforskning (NSLA) viser at kvaliteten i relasjonar mellom lærarar og elevar varierer svært mykje mellom klasserom, også klasserom innan same skule. Dette er urovekkjande, særleg når dei elevane som utset andre for mobbing, rapporterer at dei har svakare relasjon til lærarane enn medelevane.

Dette inneber at mange lærarar rett og slett har ein for dårleg relasjon til elevar som utset andre for mobbing til at dei kan sette stoppar for mobbinga. Læraren har ikkje den nødvendige autoritet og legitimitet hos eleven for å lykkast, og han eller ho veit det kanskje ikkje sjølv.

Eit lag rundt elevane

Læraren kan, og skal, ikkje gjere arbeidet åleine. Effektivt arbeid mot mobbing krev skular som er velfungerande organisasjonar.

Skular med tydeleg leiing og ein samarbeidskultur i personalet som arbeider målretta med førebygging, avdekking og stopping av mobbing. Ein studie frå 2014 tyder på at i skular der elevane rapporterer mest mobbing, har svakast føresetnadar for å lykkast i arbeidet mot mobbing. Dei har svakare leiing og ein svak kollektiv kultur i personalet. Skulane som treng det mest, har minst føresetnad for å lykkast.

Effektive tiltak mot mobbing er breispektera, komplekse og omfattande tiltak, og det krevjast ein velfungerande organisasjon for å gjennomføre desse tiltaka slik at dei gir resultat for alle elevar.

Les også

Jeg ble kalt «jævla norsking» og «hurpe», men lærerne forsvarte mobberne

Effektive tiltak

Dei verdsleiande forskarane Maria M Ttofi og David Farrington ved Universitetet i Cambridge gjennomførte i 2011 ei internasjonal evaluering av tiltak mot mobbing.

Dei mest effektive tiltaka er omfattande, breispektera og dei er norske

Dei slår fast at dei mest effektive tiltaka er omfattande, breispektera og dei er norske. Olweus-programmet har den dokumentert beste effekten på førebygging og reduksjon av mobbing. Då er det eit paradoks at desse tiltaka i svært liten grad er i bruk i Noreg i dag.

I USA nyttar ein derimot Olweus-programmet, og ein ny, omfattande studie dokumenterer klar reduksjon i førekomsten av mobbing.

Dei beste tiltaka, som Olweus-programmet, viser effektar òg etter at intervensjonsperioden er over. Ein norsk langtidsstudie av skular som deltok i Olweus-programmet på starten av 2000-talet, viser at desse skulane opprettheld effektane mange år etter oppstarten.

Det tar lang tid for ein skule å innarbeide nye arbeidsmåtar mot mobbing, kanskje 3–5 års systematisk arbeid. Nokre lykkast aldri.

Effektive tiltak er kompetansepakkar som set kommunar, skular og lærarar i stand til å systematisk arbeide med førebygging, avdekking og stopping av mobbing. Men tiltaka gir effekt berre om dei faktisk vert gjennomført.

Ingen quick-fix

Uansett kor gudsjammerleg kjedeleg det kan høyrest ut, er det ingen enkle og fancy quick-fix løysingar som reduserer mobbing. Det einaste som gir resultat, er systematisk, målretta arbeid over lang tid. Arbeid som er tufta på den fremste forskinga vi har på feltet.

Vi må berre innsjå at det klarer vi ikkje i dag. Ikkje i alle skular, ikkje i alle kommunar. Det er her utfordringa ligg.

Skal vi ha noko som helst håp om at alle skular skal lykkast, vil det krevje felles og samstemt forskingsbasert innsats frå alle profesjonelle i og kring skulen. Frå politikarar, departement, kommunar, skular og lærarar, og frå nasjonale kompetansemiljø som Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforskning. Om ikkje er sviket totalt.

  • Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter

Les mer om

  1. Mobbing
  2. Oppvekst
  3. Skolepolitikk
  4. Debatt

Relevante artikler

  1. KOMMENTAR

    Å erstatte lærebøker med Ipad for 5-åringar fortoner seg som ein sci fi-dystopi

  2. DEBATT

    Kort sagt, mandag 24. september

  3. KRONIKK

    Spiralnektdommen er ingen samvittighetssak

  4. KRONIKK

    Nortraships hemmelige og omstridte fond

  5. KRONIKK

    Hvordan dekket norske medier #metoo? Det har vi undersøkt.

  6. KRONIKK

    Hvis vi forfattere skal behandles fair, kan vi ikke selv opptre sjofelt | Finn Iunker