Kronikk

Å vera mann | Åshild Ulstrup

  • Åshild Ulstrup, journalist og forfatter
Seinare har eg skjøna at konkurransen mann og mann imellom kan vera like sterk i dag som i storkjempene si tid. I det siste har mannen vore i fokus frå ein ny og sikkert uventa ståstad. Han må nå ta skulda for meir enn han hadde tenkt seg, skriv Åshild Ulstrup.

Gjennom livet har eg fått møta mange menn. Den første var far min.

Kronikk
Dette er en kronikk. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Eg hugsar songen me song ilag om gutane med stål i bein og armar. Kanskje ynskte han at det eldste barnet hans - skulle ha vore ein gut, for den første gåva eg fekk av far var diskos og kule. Seinare, då eg begynte å kikka på karane, fekk eg høyra at eg ikkje måtte koma heim med ein kjærast utan skikkeleg brystkasse. Så fekk eg historiene om mannfolka som greidde å løfta ein kubbestol med berre klypa eller endå betre - med berre kjeften.

For det det var ein gong, før heste- og motorkreftene si tid, at manndomen vart målt i muskelkraft og kor god du var til å drikka – ja – kor mykje du tålde. Når nokon kom frå eit gjestebod, var gjerne spørsmålet: Slost dei godt?

Å vera nest best vart ikkje påakta. Venleik og vit vart verdsett, men fysisk styrke talde meir. Ein mann er ein mann til han stuper!

Karane som var dei dyktigaste, gjekk som frikarar. Dei hadde friplass i bryllaupsgarden som overalt elles. Frikaren ville ikkje bøya seg for nokon. Men det var mange drap på den tid. Konkurransen var stor mellom gutane. Ein sterk tenestegut ga økonomisk vinning og stor sjølvkjensle. Og frikaren fekk den jenta han ville ha.

Storbragd og mannemakt

Nokon meiner at folk i tidlegare tider var mykje større og sterkare – og at både voksteren og styrken har minka ledd for ledd. Difor kan ingen nå gjera dei storbragdene som dei gamle gjorde med mannemakt, slik Sterke-Nils, som var fødd i Kvitseid i 1722, løfta ein stein på 570 kilo og fekk dobbel dagløn der han tente.

Seinare har eg skjøna at konkurransen mann og mann imellom kan vera like sterk i dag som i storkjempene si tid.

Ei tevling eg som kvinne var heilt ukjend med, men som eg tidleg fekk høyra om i møte med menn som kjende seg igjen i dette presset frå arven etter fortidas manneideal.

– Eg var ikkje før komen ut or bleia før eg fekk høyra at det må ikkje du gjera som er gut eller det må du gjera som er gut, sa forfattaren Arvid Hanssen. Han skulle vera ein sterk og modig mann. - Men det var eg ikkje, medgjekk han.

I min barndoms generasjon hadde mannen både økonomien og ansvaret for familien og dermed også makta over den. Kvinner ga opp sitt eige namn og flytta etter ektemannen. Mange mista råderetten over sitt eige liv.

Så seint som i 1970-åra gjekk ei oppegåande veninne til Steen & Strøm for å kjøpa ein støvsugar på avbetaling. Det fekk ho ikkje før ektemannen hadde signert. Eg gløymer heller ikkje den heimeverande nabokona som gjekk laus på putene sine i staden for på mannen sin – i redsel for at han skulle gå frå henne. 50 år gamal tok ho endeleg sin artium og fekk dermed både arbeid, sjølvtillit og respekt.

Det undrar meg også at menn ikkje opnar meir for tankane om seg sjølv i alt dette stygge som blir sagt om mannen.

Boka Menn og elskere

For meg endra synet seg på mannen då eg i 1978 samla stoff til boka mi Menn og elskere. 25 menn i alle aldrar fortalde om seg sjølv. Kva sit eg igjen med:

Menn som ikkje kunne fortelja om sine vanskar:

«Fikk en skyllebøtte på jobben en gang. Ble kalt inn til sjefen og fikk høre hvilken udugelig selger jeg var. Det kunne jeg ikke fortelle til kona. Jeg torde heller ikke snakke med noen for å få trøst. Derfor har jeg lært meg å bære skuffelser og nederlag alene.»

Menn som ikkje våga å nærma seg kvinnekjønnet:

«Natt etter natt lå jeg og kavet i svette. Så på tissen min. Den var ikke stor. Hadde kameraten min ant redselen hos en gutt med liten tiss! Gutter er ikke ærlige. Noen hadde metermål for å måle hvem som hadde den største.»

Gutar som måtte lyga om sine erobringar:

«Det gikk så mange guttehistorier som jeg trodde på. Jeg måtte erobre, nedlegge viltet som de andre. Ganske lenge trodde jeg at «Hva du gir, får du igjen». Nå skjønner jeg at «Tar du – så får du!»

Menn som meinte at kvinnene var det sterkaste kjønnet:

«Mannens seksualliv er en grotesk myte. Han er lett å pirre, har nesten ingen styring over sin potens og mekanikken i driftene sine. Det har vært mennenes nederlag gjennom tidene. Kvinner lyger, mannen lyger hele tiden. En mannlig orgasme kan være grenseløst fattig. Selv den beste elsker vet hvor svak han er i forhold til kvinnen.»

Menn som sleit i konkurransen med andre menn:

«På alle felter må gutten konkurrere med andre gutter. Konkurransen forfølger oss. Derfor kan menn ikke snakke med hverandre om problemene sine. Det er til å grine av.»
Menn som kjende seg varare til sinns enn kvinner: «Kvinnfolk er mye tøffere og hardere. Mannfolk føler mer. Derfor holder vi alltid noe igjen. Jenter snakker om følelser mens de kan tråkke på våre. De har ingen fornemmelse overfor det vi sliter med og føler for.»

Menn som kjende tyngda av ansvar og lojalitet til familien:

«Jeg tror hun er glad i meg på et vis. Er vel glad i henne også, men tanken er ikke fjern for at det kunne blitt lettere og annerledes om hun døde. Da ville jeg slippe å gjøre noe. Jeg har satt barn til verden som jeg har ansvar for.»

Å døy med støvlane på

Etter mine møte med menn over fjell og dalar med NRK-mikrofonen, sit eg også igjen med alle karane som har sagt at dei ynskjer å få døy med støvlane på, noko eg aldri har fått høyra frå kvinner.

Det er her på einsame stiar under open himmel at dei lettare finn løysing på sine problem enn mellom veggene heime.

Ein gong var naturen levevegen og mannen fór over heiane med fiskestonga, snarene og rifla på jakt etter maten vår. Trivdes mannen betre då?

Menn eg har møtt gjennom livet mitt er sterkt knytta til kreftene i naturen. Er ikkje også det ein arv frå gangne tider då naturen var levevegen og mannen fór over heiane med fiskestonga, snarene og rifla på jakt etter maten vår?

Så kanskje er mannen meir i utakt med det moderne servicelivet på kontorkrakken enn kvinnene som løyser problema sine på krakken saman med sine medsøstre?
I åra me har bak oss, har kvinner gradvis opparbeidd seg eit liv jamstilt med karane, mens karane gradvis har mista mykje av det som var knytt til mannsrollen sin. I sommar sat eg ilag med eit kjærastepar der mannen uttrykte kor lite det nå var bruk for han til anna enn å beskytta jenta si.
- Skal du beskytta meg, spurde kvinna. - Det greier eg sjølv, sa ho bestemt.
Svaret sette punktum for kvelden: - Når mannen ikkje lenger ber ansvaret og styrken ikkje betyr noko, kven har bruk for han då, spurde han utan å få svar.

Kreftene i stuten og hingsten

I det siste har mannen vore i fokus frå ein ny og sikkert uventa ståstad. Han må nå ta skulda for meir enn han hadde tenkt seg.

Det gjeld langt frå alle menn, men korleis kjennest det for desse som det vonleg er flest av og som så lojalt tar kvinnene sitt parti? Kvifor snakkar dei ikkje med like sterk innlevelse for kvarandre?

Det undrar meg også at menn ikkje opnar meir for tankane om seg sjølv i alt dette stygge som blir sagt om mannen.

Me som vaks opp ein gard med dyr og drenger, vart tidleg kjend med kreftene i hankjønnet. Når stuten vart leidd til kua ute på tunet, viste han tydeleg at han hadde det beste i vente slik hingsten også viste med heile seg kva han skulle. Augo våre stod på stilk – mens kroppen dirra.
Slik vart me også kjende med dei nykonfirmerte drengene me hoppa i høyet med. Dei hadde også noko hardt frampå som me av og til dulta borti og som skapte spenning. Like spennande som det var å leika mor og far i lauvhyttene me bygde oss i skogen utan å mista møydomen.

Seinare i livet kunne eg, som mange andre, meld frå om merkeleg og uventa oppførsel som førde til spark og spenn – og undring. Kva er det som får nokon til å blottleggja seg slik?

Eg har ikkje blitt øydelagt av det, men blitt kjent med eit manneliv som slit med krefter som tydeleg er tunge å tøyla. Eller lever nokre menn ennå i sin pubertet der dei måtte lyga om sine erobringar for å hevda seg blant venene sine?

Eg har ikkje svaret. Har mannen det?

Les fleire artiklar av Åshild Ulstrup

Les også

  1. Den drepande eldrebølga | Åshild Ulstrup

  2. Framand i eige liv | Åshild Ulstrup

  3. - Jeg er så glad for at ingen drepte mamma da hun fikk meg | Åshild Ulstrup

  4. Då eg la livet mitt i hendene på ein handspåleggar | Åshild Ulstrup