Kronikk

Integreringsmottak vil verke mot si hensikt

  • Tor Brekke, leiar av nettverket for asylmottak i NHO Service
  • Tore Vaagen, styreleiar i Driftsoperatørforum

Sist regjeringa oppretta eigne ventemottak for dei som skulle returnerast, fekk vi bebuargrupper som gjorde opprør og sette fyr på bygningane. Biletet viser Lier ventemottak, som brant i 2010. Foto: Snare Knut

Styresmaktene er i ferd med å velje det dyraste mottaksalternativet, med unødvendig omfattande integreringsarbeid og høge meirkostnadar for kommunane.

Kronikk
Dette er en kronikk. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Vi som driv asylmottak meiner det er på høg tid at vi snart tar lærdom av dei erfaringane vi har fått sia vi fekk etablert mottakssystemet på 80-tallet. Driftsoperatørforum og nettverket for asylmottak i NHO Service er medlemsorganisasjonar for kommunale, ideelle og private drivarar av norske asylmottak. Dei to organisasjonane har til samen meir enn 80 prosent av den norske mottakskapasiteten som medlemmar.

Tor Brekke, leiar av nettverket for asylmottak i NHO Service. Foto: STUNDOM PRODUKSJONER / e-mail

Vi sitt naturleg nok på eit erfaringsgrunnlag ingen andre har, knytt til nettopp drift av asylmottak. Vi har over tid vore gjennom mange forsøk på forskjellige mottakskonsept, når ulike regjeringar har teke initiativ til dette. Vi har etter kvart opparbeidd erfaringar om kva som fungerer godt, samt kva som fungerer mindre godt i praksis.

Tore Vaagen, styreleiar i Driftsoperatørforum Foto: e-mail

Returmottak kan være farlege

For få år sidan freista regjeringa å ha eigne mottak for dei med endeleg avslag, sokalla ventemottak. I desse mottaka skulle bebuarane få tak over hovudet og mat. Tanken var at desse mottaka skulle markere ein overgang. Dei som fekk avslag skulle ikkje forsetje å bu i vanlege mottak. Dei skulle bu i mottak med eit marginalt tilbod, slik at dei skulle verte meir motivert til sjølv å ta initiativ til å returnere til sine heimland.

Tilhøva i ventemottaka påverka nok ein del til retur, men ein fekk raskt eit systemproblem knytt til dei som likevel ikkje returnerte. Butida auka og etter kvart var ventemottaka fulle av bebuarar som ikkje vart påverka til retur.

Konsekvensen vart ei bebuargruppe som etter kvart bygde opp ein stor frustrasjon over sin situasjon, og som til slutt gjorde opprør og setje fyr på bygningane.

Vi har vanskeleg for å sjå kvifor dette ikkje skal gjenta seg om regjeringa vel å opprette sokalla returmottak.

Les også

17. mai er også for dem som ikke kan teksten til «Ja, vi elsker» og som ikke har bunad | Abid Raja

Integreringsmottaka gir ekstrakostnadar

Integreringsmottak er i utganspunktet ein god tanke, der ein skal ha eigne mottak dedisert til å arbeide godt fagleg med integrering. Men her er det nokre ulemper.

Om ein vel å reindyrke dette fullt ut, så vil dei mottaka som ikkje er integreringsmottak, i praksis vere mottak for dei med avslag – altså returmottak.

Om ein vel å finansiere eigne integreringsmottak for dei som raskt klarer å tileigne seg kompetanse, ved reduserte tenestar for dei som er mindre ressurssterke, så vil dette samla sett ha negativ integreringseffekt. Samfunnet vil verte påført større kostnader i samband med integrering enn nødvendig.

Det dyraste alternativet

Det er viktig at asylsøkjarar som får avslag på sin søknad, forstår at avslaget er endeleg og ikkje starten på ein anke- og omgjeringsprosess. Så lenge vi i Noreg opprettheld butilbod for personar med endelig avslag, meiner vi det er best å markere avslag ved å differensiere tenestetilbodet og ikkje ved å flytte folk til ulike mottak.

Vi støtter også eit offensivt returarbeid for personar med endeleg avslag.

Dei siste åra har utviklinga gått i feil retning, ved at ein har redusert tilbodet for personar med uavklart asylsak eller positivt asylvedtak ned til same nivå som for dei med endelig avslag. Tilbodet for dei som skal busetjast og dei som skal returnerast, er altså blitt likare. Redusert norskundervisning og redusert basisbeløp har ført til at dei som skal bli i Noreg lærer mindre norsk i mottakstida, ikkje har råd til helsehjelp eller til å delta på aktiviteter som er integreringsfremjande.

Forslag til forbetringar

Vi bør sjå kva erfaringar vi har frå praksisfeltet i Noreg og kva erfaringar andre land i Europa har gjort seg med å ha mottak for eigne grupper av asylsøkjarar/flyktningar.

Etter det vi kjenner til har svært få europeiske land eit mottakssystem inndelt etter status i asylsaker. Eit unntak er Nederland, som har utreisesenter for dei med avslag. Ein svært viktig forskjell er at avviste asylsøkjarar i Nederland mister mottaksplassen når utreisefristen har utløpt. På den måten unngår ein problema med alt for lang butid som vi såg i dei norske ventemottaka.

All erfaring fortel at om vi har mottak med homogene bebuargrupper, så får vi utfordringar internt på mottaket og i lokalsamfunna der mottaket er.

Det som fungerer er mottak med ei variert bebuargruppe, med ei blanding av nasjonalitet, sivilstatus, familiar, opphaldsstatus, alder og kjønn.

Vi ynskjer mottak som skal bruke tida effektivt, både med omsyn til integrerings- og returfremjande tiltak. Asylmottaksystemet har dei siste 10 åra hatt ei stor fagleg utvikling, og det vert gjort mykje godt fagleg arbeid både med omsyn til integrering og retur. Faktisk har vi fått signal frå busetjingskommunar om at dei skulle ynskje at kvoteflyktningane også hadde ein periode i mottak før busetjing. Kommunane fortel at dei som kjem frå mottak har lært mykje før busetjing. Dette gjer arbeidet i kommunane mykje enklare.

Passivitet og fattigdom avlar problem

Føresetnadene for at vi skal ha ei system som fungerer godt, er at bebuarane som skal ut i våre samfunn slepp fyrst å leve i passivitet og fattigdom. Vi har dei siste åra sett ei negativ utvikling i denne retninga, og vi er uroa over kva for utvikling vi vil sjå i nær framtid.

Vi har registrert større uro, og meir uttrykk av frustrasjon hjå bebuarar i det siste.

Det er positivt at ein foreslår meir opplæring om det norske samfunnet i mottak, om våre verdiar og normer. Det er naturlegvis også rett å krevje at dei som kjem hit aksepterer våre verdisett.

Det er også rett å bruke opphaldstida i mottak til ytterlegare å kvalifisere dei som skal ut i våre lokalsamfunn til raskt å verte ressurssterke bidragsytarar.

Få med deg debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter

  1. Les også

    Nedjusterer asylprognose: Laveste tall siden 1997

  2. Les også

    Asylsøkere forstår ikke avslag - nå skal UNE skrive klart og tydelig

  3. Les også

    Slik skal St. Hanshaugen ta imot flyktningene

Les mer om

  1. NHO
  2. Europa
  3. Asylmottak