Kronikk

Kulturhusvekst utan kontroll

  • Georg Arnestad

Dei nye kulturhusa i Kristiansand, Stavanger, (biletet) Larvik, Os og Lørenskog har til saman kosta meir enn eit halvt statleg kulturbudsjett, skriv Georg Arnestad. Jan M. Lillebø

Kulturbygg. Kven skal fylle dei mange nye salane?

Kronikk
Dette er en kronikk. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Rundt om i Noreg reiser det seg for tida mange vakre og storslåtte kulturbygg. Siste ti åra har opp mot 15 milliardar kroner vorte investerte i kulturbygg, inklusive Den Norske Opera og Ballett. Dei nye kulturhusa i Kristiansand, Stavanger, Larvik, Os og Lørenskog har til saman kosta meir enn eit halvt statleg kulturbudsjett. Fleire nye multikulturanlegg er under oppføring, mellom anna i småbyane Hamar, Bodø og Stjørdal, som no byggjer svære kulturhus for 2,6 mrd. kroner.

Det er ambisiøse norske kommunar som står i spissen for «kulturhusboomen». Mange av anlegga det no vert arbeidd med, har stått lenge på det politiske sakskartet. Husa vert dyrare og meir storslåtte etter som tida går. Sentrale politikarar, vanlegvis ein ordførar, er kulturhusets entreprenør og frontar saka. Han ser huset som eit vesentleg element i utviklinga av byen og regionen. Den viktigaste økonomiske verknaden av svære kulturhus er likevel ein sterk auke i den kommunale lånegjelda. Kulturhus er heller inga folkesak: Motstanden er stor. Fleirtalet vil ikkje ha dei påkosta praktbygga. Eitt vesentleg element er òg utelatt: Publikum. Kven skal fylle dei mange nye salane?

Tre kommunar

Stjørdal kommune i Nord-Trøndelag er i ferd med å reise eit omstridt kulturhus, der prosessen tok til i 1985. Debatten om huset har rast i mange år, splitta politikarar og innbyggarar, samt ført til fleire aksjonar og demonstrasjonar. Bygget har vorte dyrare og dyrare. I 2011 var kostnaden 440 mill. kroner, så steig den til 570 mill. No er den 717 mill. Det er ikkje til å tru. I oktober i år vart prosjektet mellombels stoppa av kommunestyret, etter eit Ap-initiativ. Sp-ordføraren Johan Arnt Elverum står standhaftig i spissen for arbeidet, saman med ein nølande varaordførar frå Frp. Opningsdato for huset er ikkje fastsett. Finansieringsplanen er ikkje klar. Kor mykje lånegjelda vil auke, veit knapt nokon.

Tilbodet skaper ikkje lenger sin eigen etterspørsel. Vi nærmar oss snøgt ein situasjon der kulturtilbodet, særleg når det gjeld arenaer, overstig etterspørselen

I Bodø byggjer dei eit heilt kulturkvartal, sværare og dyrare enn i Stjørdal. Kalkylen er 1,2 mrd. kroner. Gravemaskinane starta arbeidet for vel eit år sidan. Ei meiningsmåling viste då at 48 pst. av innbyggjarane var mot bygging av kulturkvartalet, 34 pst. var for og 18 pst. nøytrale. Kvartalet er prestisjeprosjektet til tidlegare Ap-ordførar Odd Tore Fygle. Men ein Høgre-ordførar losar no saka igjennom, med ein motvillig Frp-varaordførar ved sida av seg. Bygget heiter «Urbane figurer», valt ut etter arkitektkonkurransar. Lesarane av Avisa Nordland hadde vinnarutkastet på klar jumboplass. Det vart starta ein folkeaksjon for å få gjennomført ei avgjerande folkeavstemming om saka. Byen er delt, frontane er steile. Varaordføraren truar med å gå av. Bygget skal opne i november 2014. Det fører til ein auke av den kommunale lånegjelda med minst 250 mill. kroner.

Lånegjelda auker

Arbeidet med det nye kulturhuset på Hamar starta i 1999. Eit dansk arkitektfirma blei alt i 2003 valt ut til å stå for arbeidet. Men først i juni 2011 vart detaljprosjektet godkjent av kommunestyret. KrF, Pensjonistpartiet, Frp og fleirtalet av Ap-representantane stemte mot. Hamar Arbeiderblad presenterte då ei meiningsmåling som viste at 46 pst. av befolkninga i Hamar ville vente med å byggje til staten lova å støtte huset økonomisk. Den tidlegare ordføraren for By— og Bygdelista, Einar Busterud, har vore prosjektets viktigaste entreprenør. Ap-ordførar Aspeli med ei lunken bystyregruppe må fullføre prosjektet. Bygginga starta i september 2011. Opninga skal skje i mars 2014. Budsjettet lydde opphavleg på 570 mill. kroner. No er sluttsummen 697 mill. kroner. Uro har prega debatten om dei siste kostnadsoverskridingane. Lånegjelda vil pga. kulturhuset auke med meir enn 300 mill. kroner.

Mange småbyar apar etter dei tre eg har nemnt. Kulturhusmilliardane rullar. Totalsummen kjenner ingen. Knapt nokon spør seg om det er slike hus publikum og brukarane ønskjer seg. Det lokale kulturlivet er lite involvert i prosessane. Men tilbodet skaper ikkje lenger sin eigen etterspørsel. Vi nærmar oss snøgt ein situasjon der kulturtilbodet, særleg når det gjeld arenaer, overstig etterspørselen.

«Look to America»?

Ein fersk studie («Set in Stone») som i sommar vart presentert ved University of Chicago, bør helle litt kaldt vatn i blodet på kulturhusivrige ordførarar. Undersøkinga har teke for seg «a major building boom of museums, performing arts centers and theatres» i USA i perioden 1994-2008. Desse åra vart det i USA bygt fleire kulturbygg enn helsebygg. Det vart samla inn omfattande data frå 700 kulturbygg i heile USA. Representantar for 500 organisasjonar er intervjua. Dei undersøkte bygga hadde ei kostnadsramme mellom 4 og 335 mill. dollar, eller frå 24 mill. til 2 mrd. NOK (2005-prisar). Gjennomsnittsbygget i USA kosta 21 mill. dollar (126 mill. NOK). Dei byggjer rimeleg i USA.

Granskinga konkluderer blant anna med:

  • Det vart bygt for mange institusjonar, særleg i dei gode åra på byrjinga av 2000-talet
  • Mange av prosjekta hadde store problem undervegs. Desse starta som regel tidleg i planleggingsprosessen.
  • Nøye planlegging og fokus på publikum er heilt avgjerande for kor vellykka dei nye kulturbygga blir
  • Meir enn 80 pst. av bygga overskreid budsjettet, nokre med 200 pst.
  • Ni av ti «top spenders» på kulturprosjekt var i småbyar
  • Arkitektens signaturambisjonar gjorde nokre bygg langt dyrare enn nødvendig
    Kulturhusbyggets suksessformel er slik:
  1. Eit klart definert behov
  2. Kontinuerleg og ansvarleg leiarskap
  3. Eit realistisk budsjett som vert halde oppe heile byggjeperioden
  4. Fleksible inntektskjelder i etterbruksfasen

Overskotstilbud

Vi kjenner oss godt att. Og vi burde lære av USA. I Noreg har Kulturdepartementet eit overordna ansvar for balansen mellom etterspørsel og offentlege tilbod på kulturfeltet. På kulturhusfeltet står vi no i reell fare for å få eit kommunalt finansiert overskotstilbod. Heilt på tampen av det pengerike Kulturløftet II med ein valkamp om hjørnet er det nok ikkje dette kulturministeren vil bry seg mest med. Men vil Kommunenens Sentralforbund gjere noko med den sterke kulturhusveksten?

  1. Les også

    Feighet i Bergen

  2. Les også

    Men hva med Tøyen, da?

  3. Les også

    20 millioner er ikke nok til å holde Operaen ren

Les mer om

  1. Kronikk

Relevante artikler

  1. SPORT

    Dårleg handballtilbod: - Dette viser at vi har ein solid veg å gå

  2. FOTBALL

    Fem problem Øygarden FK må løysa for å lukkast

  3. KOMMENTAR

    Det er lett å spørje seg kvifor ein blir buande i Oslo. Heldigvis er det også lett å finne svara.

  4. KRONIKK

    Jul skal det bli. Ja, i år skal vi ha det koselig. Nei, det skal ikke bli som i fjor. Så smeller det.

  5. KRONIKK

    Farvel til den liberale idealdebatten

  6. KRONIKK

    Nederlands frykt for Eurabia | Ketil Raknes