Kronikk

Barna er borte i debatten om eggdonasjon | Marit Johanne Bruset

  • Barnefaglig Sakkyndig
  • Psykologspesialist
  • Kronikkforfatteren Er Tidligere Ufrivillig Barnløs
636a9239-438f-f56b-eb89-7af679a9b6a4_doc6p6cg4iv00ixcddm117.jpg

På 80-talet var det rådande argumentet at det er barna som har rett på foreldre, ikkje omvendt. I dag talar få barna sin sak, sjølv barneombudet er taus.

Kronikk
Dette er en kronikk. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Assistert befruktning handlar først og fremst om barna og deira rettigheiter. Tidlig på 1980-talet var det rådande argumentet at det er barna som har rett til foreldre, og ikkje omvendt. Etterkvart så har fokuset endra seg frå eit barneperspektiv til eit vaksenperspektiv.

Det er no på høg tid å gjenreise barneperspektivet i debatten om eggdonasjon. Denne debatten handlar om store etiske spørsmål som til dømes: Skal barnet vere eit middel for andre og ikkje berre eit mål i seg sjøl?

Prøver å svekke argumentet om «barnets beste»

Som tidligare ufrivillig barnløs på 80-talet har eg i fleire tiår følgd nøye med på debatten om assistert befruktning. Etterkvart som behandlingstilbudet har blitt utvida til fleire grupper og rettigheitstenkinga har blitt dominerande i samfunnet vårt, så prøver mange å svekke eller direkte ugyldiggjere argumentet om «barnet sitt beste».

Det har skjedd eit radikalt skifte frå å ha hovudfokuset på barna sine behov og rettigheiter, til å sette dei vaksne sine ønsker og interesser først. Eitt talande eksempel på det er utviklinga i argumentasjonen i Arbeiderpartiet.

Lilkestilling brukes som argument for eggdonasjon

Då det første norske prøverørsbarnet vart fødd, hevda dåverande sosialminister Grete Knudsen at det ikkje er nokon menneskerett å få barn. Idag brukar det same partiet likestilling mellom kjønna som eit hovudargument for å tillate eggdonasjon.

I dag er det relativt få, samanlikna med tidigare, som talar barna si sak i debatten. Særlig oppsiktsvekkande er det at barneombudet, som av samfunnet er gitt som mandat å ivareta barna sine interesser, er taus i debatten om desse store og viktige spørsmåla.

Sterk lojalitet til dei barnløse

Eg har sjøl erfart kor sterkt eit barneønske kan vere og kor tungt det er å vere ufrivillig barnløs. Eg veit óg kor langt mange er villige til å gå for å få oppfylt sitt barneønske. Eg har tidligare vore aktiv og tala dei ufrivillig barnløse si sak og var ein av initiativtakarane til å opprette ei lokalavdeling av Foreninga for ufrivillig barnløse (no kalla «Ønskebarn»).

Eg har fått oppleve den store gleda det er å bli mor, først ved hjelp av IVF-behandling og seinare ved adopsjon av eit utanlandsk barn. Eg har også opplevd den store sorga det er å miste dette barnet.

Ved eggdonasjon bryt ein opp eininga mor – barn.

Utfrå bakgrunnen min kjenner eg stor sympati med dei ufrivillig barnløse og har følt sterk lojalitet til dei. Til forskjell frå enkelte andre debattantar med infertilitetsbakgrunn (professor Johanne Sundby og journalist Mala Wang-Naveen) så har eg landa på standpunktet om at vi av omsyn til barna, ikkje bør opne for eggdonasjon (og surrogati) i Norge.

Jan Arild Snoen:

Les også

Hvorfor er det etisk greit å tillate sæddonasjon, men ikke eggdonasjon, Høyre?

Behovet for å kjenne biologisk opphav

Dette standpunktet er forma av mine erfaringar som psykolog i klinisk arbeid i barne— og familiefeltet i over tre tiår, og som barnefaglig sakkyndig i barneverns- og barnefordelingssaker i bortimot like mange år.

Gjennom mine yrkesroller så har eg lang erfaring i å møte barn og unge med ulik start på livet og som lever i forskjellige omsorgsituasjonar. Eg har erfart gjennom kontakten med desse at der er eit grunnleggande behov for å kjenne sitt biologiske opphav, særlig i forhold til identitet og opplevinga av å høyre til i ein større samanheng.

Min lojalitet til barna veg tyngst

Identitetsopplevinga er av stor betyding både for barn og vaksne. Det å finne utav seg sjølv involverar gransking av likheiter og forskjeller i forhold til psykologisk og biologisk opphav. I arbeidet som barnefaglig sakkyndig har eg i tallause samanhengar også erfart at barna sine behov vert overkøyrt av dei vaksne sine interesser.

Argumentet om å vere ønska forenklar det store temaet om arv og miljø og identitet, og det er dei vaksne sitt barneønske som er i fokus.

Barn er svært lojale overfor foreldra, og i konfliktsituasjonar mellom foreldra så set ofte barna behova sine tilside for å ivareta og for å skåne foreldra. Erfaringane som eg har fått gjennom arbeidet mitt i alle desse åra, har gjort at lojaliteten min til barna veg tyngst. Eg har difor omsider valt å delta i den pågåande debatten om eggdonasjon i samband med evalueringa bioteknologilova.

Gynekolog Johan T. Hazekamp:

Les også

Uttrykket «barnets beste» misbrukes

Kven er mor?

Ved eggdonasjon bryt ein opp eininga mor – barn. Dette er ei eining som alltid har ligge der fast. Det betyr at vi rokker ved ei grunnleggande vissheit, og at vi innfører noko radikalt nytt i mennesket si historie. Vi opnar for at morsbegrepet vert uryddig og vanskeligare å forstå for barnet.

I vaksen alder kan det bli vanskelig å finne tilbake til det genetiske opphavet sitt. Noko som forsterkar alvoret i situasjonen, er at dersom vi tillet eggdonasjon, så bryt vi ei viktig barriere og opnar for surrogati.

Viktigast å vere ønska og få omsorg?

Det vert hevda at argumentet «barnet sitt beste» har mista sin aktualitet på grunn av store samfunnsmessige endringar som har resultert i nye familieformer og eit endra familiebegrep. Min påstand er at samfunnsutviklinga har vore drive fram utfrå dei vaksne sine behov og interesser, og at det tvert imot forsterkar argumentet om i særlig grad å vurdere og å ta omsyn til barnet sitt beste.

Les også

Eggdonasjon. Mor er ikke først og fremst DNA og slektstre | Trine Eilertsen

Som "kronargument" for å tillate eggdonasjon i Norge, blir det hevda at det viktigaste for barnet er å vere ønska og få god omsorg, og at den internasjonale forskninga viser at donorbarna klarar seg godt og ikkje opplever større psykososiale vanskar enn andre barn.

Arv, miljø og identitet

Sjølsagt er det viktig med god omsorg og at barnet er ønska. Men argumentet om å vere ønska forenklar det store temaet om arv og miljø og identitet, og det er dei vaksne sitt barneønske som er i fokus.

Filosof Nina Karin Monsen svarer Trine Eilertsen:

Les også

Mor er en person

Når det gjeld forskninga på donorbarna, så opplyser Bioteknologirådet at forskninga som er gjennomført på feltet ikkje gir noko grunnlag for å seie at barn som er fødde etter eggdonasjon eller surrogati, opplever større psykososiale vansker enn andre barn, på gruppenivå. Men at der er fleire metodemessige svakheiter ved denne forskninga; små utvalg, få langtidsstudier og ikkje minst utfordringa med korleis ein kan måle slike effekter. Det er difor god grunn til å stille spørsmål ved dei konklusjonane som er trekte frå desse studiane.


Her kan du lese flere saker i debatten om ufrivillig barnløshet, eggdonasjon og surrogati:

Kristin Halvorsen og Sissel Rogne, Bioteknologirådet:

Les også

Etisk refleksjon rundt hvordan vi tar i bruk ny teknologi er viktigere enn noensinne

Det er ikke teknologien, men norske lover som stopper ufrivillig barnløse:

Les også

Valgets kvaler

Tidligere helseminister Jonas Gahr Støre om surrogati og straff:

Les også

Forbud er lite kvinnevennlig

Nina Karin Monsen:

Les også

Primitiv selvhevdelse

Få med deg og delta i debatten hos Aftenposten Meninger på Facebook og Twitter

Les mer om

  1. Kronikk
  2. Surrogati