Den frie samfunnsdebatten er under press i Tyskland

  • Astrid Sverresdotter Dypvik
Det tyske samfunnsklimaet er blitt råere, og koronapandemien har ført til økt polarisering, mener Astrid Sverresdotter Dypvik.

Bak står politiske ekstremistar – som utnyttar landets demokratiske lovverk.

Dette er en kronikk. Eventuelle meninger i teksten står for skribentens regning. Hvis du ønsker å sende et kronikkforslag, kan du lese hvordan her.

I Tyskland er den frie samfunnsdebatten under press. Dei som står bak, er politiske ekstremistar som utnyttar landets demokratiske lovverk til å undergrave demokratiet innanfrå.

«Den heilt openlyse passiviteten til politiet gjer meg rasande. Dei gjorde ingenting for å trygge kollegaene våre.»

Dette var den harde dommen til Frank Überall, som er leiar for det tyske journalistlaget (DJV), etter ein demonstrasjon i storbyen Stuttgart 3. april år. Rundt 10.000 personar frå det såkalla Querdenker-miljøet protesterte mot regjeringas koronapolitikk denne laurdagen. Aggresjonsnivået blant demonstrantane var høgt, og det ramma både politi og presse.

Astrid Sverresdotter Dypvik er redaktør i Syn og Segn, og forfatter.

I løpet av det siste året har det vore så mange hendingar av liknande karakter at Tyskland rykka ned to plassar, frå 11.- til 13.-plass, på Reportere utan grenser sin indeks for pressefridom. Reportere utan grenser påpeikar ein urovekkande tendens i Tyskland.

Dei skriv at det rår «eit klima av mistru» i landet som populistiske politikarar arbeider systematisk for å behalde og styrke.

Alarmerande utvikling

Som trugsmål mot ein fri samfunnsdebatt stiller einskildepisodar med vald mot journalistar frå radikale smågrupper sjølvsagt i ein anna liga enn den systematiske undergravinga av pressefridom som regjeringane i Ungarn og Polen står for.

Koronalovgjevninga til statsminister Viktor Orbán sitt regime gjer at pressa risikerer bøter for å skrive kritisk om Ungarns handtering av pandemien. Og det siste året har den gjort at landet har rykka ned til 92. plass på pressefridomsindeksen.

I Polen er det blant anna eigarskapskonstellasjonar som har gitt landet 64. plassen på Reportere utan grenser sin indeks. Men utviklinga i Tyskland er alarmerande nettopp fordi den skjer i eit land som har eit sterkt juridisk vern av pressefridomen.

Den er også urovekkande fordi ei fri presse og ein open samfunnsdebatt er høgt verdsett av dei aller fleste innbyggarane i landet.

Hetskampanjar og trugsmål

Då eg arbeidde med boka Det mørke Tyskland, fekk eg merke at trugsmålet mot den frie pressa i Tyskland er langt meir omfattande enn einskilde valdsepisodar.

Dei siste åra har krefter på ytste høgre bygd opp eit stort alternativt presseunivers på nett. Publikasjonane har namn som PI NEWS og Compact. Dei har kommentarfelt der hets og sjikane mot einskildjournalistar er ein av ingrediensane som skaper engasjementet som nettstadene er heilt avhengige av.

Bloggen Journalistenwatch kallar seg «mediekritisk», men den blir i stor grad brukt til å kritisere einskildsaker frå dagspressa og til å initiere hetskampanjar mot einskildjournalistar.

Dei siste åra har krefter på ytste høgre bygd opp eit stort alternativt presseunivers på nett

Journalisten Patrik Gensing har spesialisert seg på å rapportere om ytre høgre. Han har påpeika at ein ved å rette retorisk skyts mot einskildpersonar er med på å gjere desse personane til potensielle mål for valdelege personar og grupper.

Ein journalist eg var i kontakt med då eg arbeidde med boka, fortalde at han nesten aldri hadde motteke trugsmål og hets i jobbsamanheng. Ikkje før han byrja rapportere om ytre høgre. Han hadde ikkje publisert mange saker før e-postboksen vart fylt opp av hatpost. Han fortalde også at han bur på hemmeleg adresse, og at han aldri under nokon omstende legg ut informasjon av privat karakter på nett.

Ytre høgre går fram

Situasjonen i pressa heng tett saman med den generelle auken i politisk motiverte brotsverk i Tyskland dei siste åra.

Nyleg la landets innanriksminister Horst Seehofer fram tal som viste ein kraftig auke i 2020. Seehofer slo fast at samfunnsklimaet er blitt råare, og at koronapandemien har ført til ei auka polarisering. Terroråtaket i Hanau 19. februar, der ni personar vart myrda på open gate, var den mest alvorlege hendinga i 2020.

Gjerningsmannen i Hanau var djupt prega av høgreekstrem hatideologi. Etter angrepet i Hanau peika mange tyske politikarar på ytre høgrepartiet Alternative für Deutschland som medansvarlege. Den sosialdemokratiske politikaren Lars Klingbeil sa at «det var ein mann som brukte skytevåpen i Hanau. Men det var mange som gav han ammunisjon. AfD var definitivt ein av dei». Cem Özdemir, som er politikar for partiet Dei Grøne, kalla AfD «hatets politiske fløy».

Sidan 2015 har ytre høgre gått fram i Tyskland. Samstundes har den politisk motiverte valden auka.

Liberale demokrati er sårbare

I år er det val i Tyskland. I september skal det veljast ny forbundsdag, og fram mot årsskiftet skal seks delstatar gjennomføre val. Den siste tida har tysk presse gjentekne gongar rapportert om at folkevalde, på alle nivå i tysk politikk, blir utsett for hets, sjikane og i nokre tilfelle også valdelege angrep.

Ingen har gløymd at den kristenkonservative lokalpolitikaren Walter Lübcke vart myrda på terrassen i sin eigen heim av ein nynazist etter å først ha blitt utsett for ein årelang hetskampanje på internett.

Konsekvensen av det som skjer? Det er eit auka press for meir overvaking og at samfunnsdebatten blir mindre fri.

Det tyske tryggingspolitiet brukar landets lovverk for handtering av politisk ekstremisme aktivt. Difor blir krefter innanfor partiet AfD og Querdenker-miljøet og fleire hundretals smågrupper overvaka på politisk grunnlag.

Den tilspissa situasjonen fører til eit auka politisk press for å gå enno hardare til verks mot kreftene som destabiliserer landet. Eit av tiltaka som blir diskutert, er å gi tryggingstenesta utvida fullmakter til overvaking av telefon og nettrafikk.

Utviklinga i Tyskland er urovekkande fordi den understrekar at liberale demokrati er sårbare for politisk ekstremisme. Dei kreftene som står bak, har brukt det opne samfunnets mogelegheiter for samlingsfridom og ytringsfridom til å vinne terreng. Konsekvensen av det som skjer? Det er eit auka press for meir overvaking og at samfunnsdebatten blir mindre fri.