Nei, eit reknestykke held ikkje Noreg stengt

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) under pressekonferansen 13. januar.

Scenarioa må evaluerast basert på det vi visste då dei blei laga – ikkje kor godt dei trefte.

Dette er en kronikk. Eventuelle meninger i teksten står for skribentens regning. Hvis du ønsker å sende et kronikkforslag, kan du lese hvordan her.

Aftenposten skriv 1. februar om Folkehelseinstituttet sine modellerte scenario for omikronvarianten. Kritisk omtale bidreg til openheit og til å gjere oss betre.

Diverre gjer Aftenposten, gjennom både vinkling og innhald, at legitim kritikk druknar i vranglesnadar som berre skaper forvirring. Når Aftenposten skriv at «modellene […] holdt Norge stengt», tek dei heldigvis feil.

Sakene til Aftenposten har ofte gjort data og analysar meir tilgjengelege for lesarane enn vi sjølv har greidd. Det er difor overraskande at det er nettopp Aftenposten som gjentatte gonger tolkar den matematiske modelleringa på ein så uforståande måte.

Avisas journalistar blandar også saman konsepta scenario og prognose. Vi skal forsøke å oppklare.

Nyttig bidrag til heilskapen

Matematisk modellering er ein del av eit breitt kunnskapsgrunnlag som vi utviklar og leverer. Folkehelseinstituttet sine råd vert alltid gjeve på bakgrunn av ei heilskapleg vurdering av mange ulike kjelder til kunnskap.

Vi tilrår Aftenposten å lese instituttets risikovurderingar, som vi har sampublisert med kvar nye omikron-modelleringsrapport. Den siste er på 58 sider og inneheld ei brei oppsummering av norsk og internasjonal kunnskap. Folkehelseinstituttets modellering utgjer éi side.

Matematisk modellering er ein del av eit breitt kunnskapsgrunnlag

Modellering er eit nyttig bidrag til heilskapen, mellom anna fordi dei viser mogelege utfall gitt dei føresetnadane vi legg inn. Modellane er ein måte å summere opp og kondensere tilgjengeleg, og ofte usikker, kunnskap på.

Resultata blir ikkje sikrare enn føresetnadane vi legg inn. Vi har gjennom pandemien vore opptekne av å understreke dette.

Trass usikkerheit er modellane ein nyttig reiskap. Ved å modellere scenario for framtidig utvikling bidreg modellane til å konkretisere biletet og fungerer som grunnlag for fagleg diskusjon.

Feil å påstå at vi «bommer grovt»

Folkehelseinstituttet har publisert ei rekke modelleringsrapportar og risikovurderingar knytt til framveksten av omikronvarianten. I kvar rapport har vi gjort oppdateringar av modellen og parametrane i tråd med nyare og stadig sikrare kunnskap.

Aftenposten viser fram modellerte og faktiske kurver over nye pasientar innlagt med covid-19 og påpeiker ganske riktig at dei fleste scenarioa frå 12. januar viser høgre tal enn det som er fasiten.

Den kvalitative trenden, med ei kurve som først går ned etter jul, for å så å ta seg opp igjen, har så langt vist seg å stemme. Dei faktiske tala ligg i nedre grense av usikkerheitsbandet i det scenarioet med lågast tal.

Scenarioa skal ikkje tolkast slik at dei scenarioa som ligg i midten av utfallsrommet er meir sannsynlege enn andre. Det er feil å påstå at vi «bommer grovt».

Dei overgripande konklusjonane

I rapporten frå 12. januar overvurderte vi det dåverande nivået av smittespreiing og kor mange eldre som vart smitta. Dermed fann modellen ei bølgje som kom raskare, og med fleire innleggingar, enn det vi har sett i praksis.

Dette blei vi raskt klar over, og i etterfølgjande rapport 26. januar gjorde vi justeringar. Men dette endrar ikkje dei overgripande konklusjonane.

Modellen finn framleis at dersom samfunnet no aukar eller allereie har auka kontaktraten sin tilbake mot nivået før omikron, så må vi forvente betydeleg auka smitte- og innleggingstal i vekene framover. Toppen kan vere flytta i tid, men han kjem.

Eit sett med scenario

Matematisk modellering av smittsame sjukdomar er forbunde med store usikkerheiter. Det skuldast i stor grad at det er praktisk talt umogeleg å føreseie korleis folk vil endre åtferda si framover i tid.

Det einaste som er sikkert, er at ingen av scenarioa kjem til å treffe heilt

Difor greier vi ikkje å kome med prognosar eller «vêrvarsel» for omikronbølgja, men må nøye oss med å presentere eit sett med scenario. Som med klimamodellering, der forskarane ikkje veit korleis land kjem til å kutte eller ikkje kutte i sine utslepp og difor modellerer mange ulike scenario for klimaet framover i tid.

I våre nyaste sett av scenario prøver vi å bruke modellen til å vise korleis ulike grader av gjenopning av samfunnet kan slå ut i smitte- og innleggingstal. Det einaste som er sikkert, er at ingen av scenarioa kjem til å treffe heilt.

Meiningslaust å samanlikne med fasiten

Modellane er komplekse. Formidling av modellresultata med alle sine atterhald er utfordrande.

I den første omikronmodelleringa, publisert 13. desember i ein situasjon der vi visste svært lite om omikronvarianten, rapporterte vi modellerte scenario som viste potensialet for smitte og innleggingar i ei omikronbølgje dersom smittetakta i samfunnet heldt fram uendra.

Som kjend vart det innført tiltak mot smittespreiing den 15. desember, og smittetakta gjekk drastisk ned. Dermed er ikkje desse scenarioa, som føreset ei verkelegheit utan tiltak, relevante lenger.

Ein kan gjerne kritisere premissane for scenarioa, men det er meiningslaust å samanlikne dei med fasiten halvannan månad seinare.

No veit vi stadig meir om at omikron er mykje mindre alvorleg enn delta og kva effekt tiltaka har hatt. Den kunnskapen har vi fortløpande teke inn i modelleringa.

Scenarioa må evaluerast basert på det vi visste då dei blei laga – ikkje kor godt dei trefte.

Meir forståing og nyanse

Vi prøver å vere opne og tydelege om kva modellane er og gjer. Men dei er kompliserte. Det stiller store krav til oss om å gjere resultata og føresetnadane forståelege for fleire.

Liknande utfordringar har andre fagfelt som nyttar komplekse matematiske verktøy på område av stor samfunnsmessig betydning.

Det kviler eit særleg ansvar på oss forskarar for å formidle det vi gjer på ein tydeleg måte, slik at demokratiet har høve til å forstå og diskutere.

Vi håpar at Aftenposten held fram med å skrive kritisk om modelleringa vår, men med meir forståing og nyanse kan kritikken bli nyttigare.

De følgende har skrevet under kronikken:

  • Jørgen Eriksson Midtbø, seniorforsker, Folkehelseinstituttet
  • Louis Yat Hin Chan, postdoktor, Folkehelseinstituttet
  • Francesco Di Ruscio, seniorforsker, Folkehelseinstituttet
  • Gunnar Rø, seniorrådgiver, Folkehelseinstituttet
  • Birgitte Freiesleben de Blasio, avdelingsdirektør, Folkehelseinstituttet
  • Line Vold, avdelingsdirektør og kriseleder, Folkehelseinstituttet
  • Camilla Stoltenberg, direktør, Folkehelseinstituttet