Kronikk

Eit storting for store tankar

  • Bård Vegar Solhjell

Kan kritisk tenking og idear spele ein tyngre rolle i den politiske debatten? Eg meiner ja, og eg har eit forslag til korleis det kan skje.

Kronikk
Dette er en kronikk. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Eg har no sete på Stortinget i litt over to år. Lenge nok til å ha danna meg eit inntrykk, kort nok til ikkje å vere heilt naturalisert. Det har fått meg til å reflektere over eit spørsmål. Kva nasjonalforsamling treng eit moderne, komplekst demokrati som vårt? Ei som vedtek lover og budsjett, openbart. Ei som kontrollerer den utøvande makt. Ei nasjonalforsamling der folk kan finne ombod frå sin region.

Men slik eg ser det, også eit leiande miljø for kritisk tenking, verdidebatt og bruk av forskingsbasert kunnskap i politikk. Det kan vi gjere betre enn i dag.

Gatelys og sosialisme

Bård Vegar Solhjell, nestledar og parlamentarisk ledar, SV Foto: Varfjell, Fredrik/Scanpix

Oddvar Nordli skriv i ei av sine bøker om ein leiarstrid mellom to kandidatar i Arbeidarungdomslaget på Stange. Den eine sloss for å få gatelys i utkanten av Stange sentrum, den andre for å innføre sosialisme. Etter ein tøff debatt og kampvotering vann han som ville innføre sosialisme. Sidan arbeidde dei alltid godt i lag; Dei sloss for gatelys i utkanten av Stange, og kalla det sosialisme!Politikken består både av dei store ideane og visjonane, og dei små sakene som løyser viktige problem i kvardagen. På sitt beste er dei mange små sakene del av eit større løft, ein visjon, om kva vi vil med samfunnet vårt.

Ideologiar og visjonar

Universitetet og andre kunnskapsmiljø, politiske parti og interesseorganisasjonar, skal kvar på sitt vis fremme tenking, ideologiar og visjonar. Departement og underliggande etatar, alle våre kommunar, domstolar og andre institusjonar skal følgje opp og fortolke regelverk og løyvingar. Av alle institusjonar i samfunnet er det Stortinget som først og fremst skal representere samanhengen.

Stortinget skal drive både med små og store ting. Vi skal forvalte grunnlov og handsame meldingar som omhandlar dei store linjene i politikken. Men vi skal også vedta lover og budsjettpostar om små detaljar og summar ned i. Stortingspolitikarar luftar store visjonar om lyntog og europapolitikk, men er også ombodsmenn for dei som ikkje får hjelpa dei har krav på av NAV eller vert mobba på skulen.

Kvar er debatten?

Som ny stortingsrepresentant har eg gått gjennom korridorar, inn i møterom og sete i salen med ærefrykt. Men som ny stortingsrepresentant er eg også fylt av spørjeteikn. Kanskje særleg dette; Kvar er debatten? Kvar får idear bryne seg mot kvarandre og mot kunnskap? Kvar er den politiske samtalen det går an å bli klokare av?

Den er i for liten grad på Stortinget, slik eg ser det.

I stortingsalen vert det diskutert. Etter at alle har bestemt seg. Det er ein debatt for å vinne – for å vise fram dei beste argumenta for oss sjølve, for tilhøyrarar og for arkiva. Dei fleste debattar går føre seg for nesten tom sal og nesten ingen tilhøyrarar. Andre, og det er ein del av dei, når eit breiare publikum. Men det er ikkje diskusjon i tydinga utveksling av meiningar vi skal bli klokare av. Vi snakkar ikkje med kvarandre, men til kvarandre og til publikum gjennom mediene si dekning av debatten.

Greitt nok, dette er jo etter at arbeidet i fagkomiteen er ferdig. Vert det så diskutert politikk i fagkomiteane? Aldri i min fagkomité, utanriks— og forsvarskomiteen, og sjeldan i andre komitear har eg forstått. Komitémøta er stort sett administrative møte, som fordeler arbeid, passar på framdrift og vert brukt til å melde frå om standpunkt. Men sjeldan diskutere.

Utvkling av idear

Ikkje misforstå; Debatt i salen etter handsaming av ei sak er viktig, komitémøta også. Men dei er ikkje arenaar for debatt og utvikling av idear i ordets rette tyding.

Det skjer også eit omfattande politisk utviklingsarbeid i det enkelte parti, i departementa og i organisasjonslivet. Like fullt, Stortinget er nasjonalforsamlinga vår – politikken sentrum. I dag har Stortinget ein utgreiingsseksjon, ein del tverrpolitiske grupper og sporadiske seminar. Men ikkje ein bevisst funksjon som eit senter for idear, kunnskap og debatt.

Eg meiner Stortinget bør bli nett det. Eit senter for utvikling av kunnskap og idear, i møte med praktisk politikk. Eit storting for store tankar.

Når leiande utanlandske politikarar vitjar Noreg taler dei på NUPI eller PRIO for utanrikspolitisk interesserte. Bra det, men dei burde også vere i nasjonalforsamlinga.

Når framståande intellektuelle vitjar landet taler dei på Litteraturhuset eller Universitetet for den akademiske eliten. Fint det, men dei burde også tale til våre fremste politikarar.

Tettare på politikken

Det er Stortinget som skal omsette internasjonal politikk og intellektuelle sine idear i faktisk samfunnsendring. Idear blir meir relevante om dei er tettare på politikken, politikken blir meir idérik om den er tettare på tenking og kunnskap.

Mange offentlege etatar og private selskap er storforbrukarar av forsking. Dei har eigne strategiar for kunnskapsutvikling på sitt felt, og initierer og bestiller forsking for å tette kunnskapshol, men også for å bruke til å utvikle sitt produkt eller fagfelt.

Stortinget bør tilsvarande vere ein storforbrukar av tenking, som initierer og «bestiller» grunnforsking og verdidebatt.

Lagtinget

Lagtingsalen er ein naturleg arena for Stortingets idé- og kunnskapssenter. Frå og med 2009 er Lagtinget nedlagt, men den ærverdige salen står der. I Christian Magnus Falsen sitt grunnlovsforslag til Riksforsamlinga i 1814 var lagtinget tenkt som eit senat, samansett av det historikar Sverre Steen kalla «de kyndigste og sindigste menn i landet». I staden vart lagtinget ein tryggingsventil, ein måte å sikre dobbel handsaming av lovsaker på, men også (saman med høgsterett) den dømande makt i riksretten.

Stortinget har ikkje ein bevisst funksjon som eit senter for idear, kunnskap og debatt

No kan saIen få ein ny rolle. I 1814 hadde tenksame og kloke menneske knapt noko apparat for å sette idear ut i livet. I dag er apparatet enormt. Den tenksame og kloke tenkinga om framtida finst, men druknar lett i detaljane.

For meg er dei to sentrale omgrepa i politikkutvikling verdiar og kunnskap. Verdiar og verdisystem er fundament og retning, kunnskap kan gje oss verktøy for å følgje retninga. Eg ser på det som ei viktig oppgåve for eit moderne parlament og aktivt debattere verdiar, og skaffe og spreie kunnskap.

Les også

  1. SV kan få fire ledere

  2. Høyre: Dropp klimameldingen!

  3. Solheim til Astrup: Takk, men nei takk

  4. Her er SVs nye nestleder

  5. Duell om dyster fremtid

Les mer om

  1. Kronikk