Kronikk

Europas innebygde frykt for folkestyre

  • Ola Mestad

Etter 1945 var stabilitet leiestjerna i Vest-Europa. Ikkje vanskeleg å forstå dersom ein frå 1945 såg tilbake på dei siste 31 åra på det europeiske kontinentet, skriv Ola Mestad. Foto: NTB Scanpix

EU og demokrati. EU har eit demokratisk underskot fordi det ikkje var meint å vere for demokratisk. Kampen mot det totalitære var det viktige.

Kronikk
Dette er en kronikk. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Ola Mæstad

Demokratiet førte til fascismen. Derfor måtte folkestyret i Europa etter den andre verdskrigen leggjast i tunge rettslege og institusjonelle former. På dette grunnlaget vart EU og dei nye europeiske nasjonale forfatningane bygd — for å oppnå stabilitet. Den norske erfaringa var annleis.Nyordninga etter 1945 har vore svært levedyktig. Den overlevde dei to store utfordringane: «1968» med krav om meir direkte demokrati og Thatcherismen i 1980-åra med krav om meir marknad. Framleis rår strukturane frå nyordninga etter 1945. Og etter 1989 har dei blitt gjennomført i mange sentral- og austeuropeiske land.

Slike samanhengar blir undersøkt i ei viktig bok som kom i fjor: Contesting Democracy av den tyske professor i politisk teori ved Princeton University, Jan-Werner Müller. Boka er ei samla europeisk politisk idéhistorie om det 20. hundreåret med vekt på politiske institusjonelle strukturar. Müller er altså særleg opptatt av idéar som har verka inn på den gjennomførte organiseringa av det politiske livet.

EUs grunnstrukturar

Har boka noko å tilføre den norske politiske debatten? Absolutt. Den gir innsikt i EUs grunnstrukturar og den gir ein bakgrunn for å forstå den avvikande norske erfaringa - sjølv om boka praktisk talt ikkje har med noko norsk materiale.

Ei sentral påpeiking i den norske demokrati- og maktutgreiinga frå 2003 gjaldt den aukande rettsleggjeringa av det som tradisjonelt ville ha vore område for politisk styring. Særleg vart det vist til rettsleggjeringa gjennom EØS-avtalen. Leiar av demokratiutgreiinga, Øyvind Østerud, såg dette som eit demokratiproblem. Framleis pågår denne viktige debatten.

Bandlegging av demokratiet

Denne analysen får gjensvar i Müllers omfattande analyse. Det er ei tilsikta bandlegging av demokratiet i EU det her er tale om. Og dette gjeld EU-landa direkte. For å sitere Müller: «European integration ... was meant to place further constraints on nation-state democracies through unelected institutions.» Særleg ser ein dette i den kompliserte styringsstrukturen i EU med forholdet mellom Kommisjonen og Rådet, og EU-domstolen som vaktar over det heile.

Müllers analyse gjeld altså ikkje det «norske» spørsmålet om EØS-avtalen er mindre demokratisk enn EU-medlemsskap. Den gjeld EU sjølv såvel som ordninga av dei nasjonale forfatningane, eksemplifisert ved rolla til den mektige tyske forfatningsdomstolen. Men Müllers tolking set den norske debatten i eit riktig perspektiv.

Les også

Soldater tar til gatene - frykter kuppforsøk i Argentina

Annleis etter krigen

Müller hevdar at det demokratiet som blei skapt etter krigen fekk ein vesentleg annleis karakter enn idealet om det liberale demokrati frå 1800— og tidleg 1900-tal. I samtid og ettertid kunne endringa vere vanskeleg å oppfatte fordi det legitimerte seg ved hjelp av det tradisjonelle demokrati-språket. Det er elles av dei viktige påpeikingane i boka generelt at nesten ingen politiske ideologiar i Europa i det 20. hundreåret, frå fascismen til folkedemokratia i Aust-Europa, kunne la vere å søkje legitimitet i demokratisk ordbruk. Så dominerande positiv verdi har omgrepet demokrati fått.

Etter 1945 var stabilitet leiestjerna i Vest-Europa. Ikkje vanskeleg å forstå dersom ein frå 1945 såg tilbake på dei siste 31 åra på det europeiske kontinentet med verdskrigar, veldig skiftande økonomiske tilhøve og krasse svingingar mellom svært demokratiske (Weimar-republikken) og totalitære løysingar

Kven dreiv fram utviklinga etter krigen? Det var særleg dei kristeleg-demokratiske partia som sette gjennom dei rettslege restriksjonane på folkestyret etter 1945. Med deira religiøse bakgrunn var det heller ikkje vanskeleg å meine at andre normer enn folkemeininga skulle stå over politikken. To drivkrefter låg under: Ein skepsis til folkemassane og kva dei kunne drive det til, og ein renessanse for ein religiøst inspirert naturrett.

Triumfen for sosialdemokratiet

Mange har sagt at etterkrigstida var triumfen for sosialdemokratiet. Dette meiner Müller berre kan seiast for Sverige og i ein mindre grad for Danmark (som nemnt er han ikkje opptatt av Noreg - det er i seg sjølv eit lite lærestykke). For dei europeiske kontinentale kjernelanda, Tyskland, Italia, Benelux-landa og Frankrike, var det kristelegdemokratane som var dei sentrale i å skape statsordningane inkludert dei moderne velferdsstatane. Dei tre grunnleggjarane av det europeiske fellesskap, italienaren Alcide de Gasperi, tyskaren Konrad Adenauer og franskmannen Robert Schuman, var alle kristelegdemokratar.

For ordens skyld, Müller drøfter òg at Storbritannia var annleis.

Den norske erfaringa

Korleis skil den norske erfaringa seg frå dei sentrale landa på Kontinentet? Den skil seg både ved den direkte erfaringa med krigen og mellomkrigstida, og ved den norske lange utviklinga av ei demokratisk ordning i kombinasjon med ei varsam domstolsoverprøving av lovvedtak.

Den norske politiske røynsla med vår lokale nazisme-variant Nasjonal Samling var at den ikkje slo an ved hjelp av demokratiske middel. Dermed hadde vi inga intuitiv oppfatning etter krigen om at folkestyret måtte avgrensast på grunn av totalitære truslar.

To drivkrefter låg under: Ein skepsis til folkemassane og kva dei kunne drive det til, og ein renessanse for ein religiøst inspirert naturrett

Den lange linja er at Noreg i tiåra etter 1814 hadde meir demokratisk forfatning enn nokon annan europeisk stat, bortsett kanskje frå Storbritannia. I Noreg har vi samstundes frå midten av 1800-talet hatt tradisjon for at domstolane kunne overprøve om vedtatte lover i Stortinget var i strid med Grunnlova. I europeisk samanheng var prøvingsrett heilt uvanleg. Den blei først introdusert nettopp etter andre verdskrigen, og då i form av eigne konstitusjonsdomstolar. Noreg har dermed hatt ein konstitusjon som etter 1814 var meir demokratisk enn andre europeiske konstitusjonar samstundes som vi hadde den prinsipielt modererande effekten av prøvingsretten opp mot menneskerettar i Grunnlova. På begge punkt var altså den norske utviklinga annleis.

Kampen mot det totalitære

EU har eit demokratisk underskot fordi det ikkje var meint å vere for demokratisk. Kampen mot det totalitære var det viktige. Det kan vere ein viktig grunn til at dei landa med dei sterkaste demokratiske tradisjonane og mangel på eigne totalitære røynsler, Storbritannia, Sveits og Noreg, framleis har størst vanskar med EU. Dei hadde erfaring for stabilitet. For den norske Europa-debatten må det vere ein viktig premiss at også EU er bygd på ei spesielt uttenkt ikkje for demokratisk styringsordning.

Etter 1945 var stabilitet leiestjerna i Vest-Europa. Ikkje vanskeleg å forstå dersom ein frå 1945 såg tilbake på dei siste 31 åra på det europeiske kontinentet, skriv Ola Mestad.

  1. Les også

    Kinas tapte tiår

  2. Les også

    Katalansk krise for Rajoy

Les mer om

  1. Kronikk

Flere artikler

  1. KRONIKK
    Publisert:

    Kan domstolane stoppa petroleumsutvinning i Nordområda?

  2. KRONIKK
    Publisert:

    Noreg må stå opp for Europas domstolar | Eirik Holmøyvik

  3. KRONIKK
    Publisert:

    Kronikk: Italienarane må velja mellom pest og kolera

  4. KRONIKK
    Publisert:

    Punktum for etter(kald)krigstida blei effektivt sett den 9.11.2016 | Bård Vegar Solhjell

  5. DEBATT
    Publisert:

    Musea og den vanskelege samtida

  6. KRONIKK
    Publisert:

    Freden kom i 1945. Men for mange europeere lar friheten ennå vente på seg.