Kronikk

Ytringsfridom er ein verdi. Å ha ansvar og ta ansvar er også ein verdi. | Andreas Skartveit

  • Tidligere Forlagsdirektør
  • Andreas Skartveit

Ytringsfridomen gjev oss sjølvtildelt og uavkorta rett til å sjikanere andre gudar, andre profetar og andre heilage skrifter, og til å trakassere dei som framleis held seg med dei, skriv Andreas Skartveit: Så reagerer dei som held seg med disse gudane og profetane. Foto: STEFAN WERMUTH/REUTERS/NTB SCANPIX

Har vi, dagens Europa, makt til å setje bak universalitetskravet om ytringsfridom?

Kronikk
Dette er en kronikk. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Gjennom nokre tusenår har europearane dominert verda, i alle fall den verda europearane kjende. Romarriket var eit europeisk imperium med provinsar i Asia og Afrika. Då romarriket fall, overtok Bysants som bastionen som skulle halde grensene. Samtidig med at grensene fall og tyrkarane trengde seg inn i Europa i søraust og arabarane i sørvest, starta den europeiske ekspansjonen mot resten av verda.

I den perioden historieverka våre kallar Dei store oppdagingane, vart nye sjøvegar oppdaga, fram til nye kontinent og nye folk. Dei nye kontinenta vart okkuperte eller koloniserte, alt etter som, og urfolka vart fortrengde eller reint ut sagt utrydja.

Andreas Skartveit

Dette ekspanderande Europa var eit mektig og sjølvtrygt Europa, med ein overlegen teknologi, i kommunikasjon og i våpenbruk. Økonomien var i vokster, og bak det heile trona den europeiske guden, den eksklusive og allmektige Jahve, ein tidlegare jødisk stammegud. Han heldt si velsignande hand over den europeiske ekspansjonen.Desse nye regionane vart marknader og råstoffleverandørar, alt etter som, integrerte i Europas økonomi. Europeiske misjonærar spreidde vår asiatisk/semittiske monoteisme, og militæravdelingar heldt nødvendig orden.

Slutten på det ekspanderande imperiet

Etter andre verdskrigen rakna dette europeiske imperiet. Kolonistane i Asia og Afrika vart stort sett sende heim. I Australia og Amerika var koloniseringa så gjennomgripande at ho vart ståande.

Fredeleg gjekk det ikkje for seg. Frankrike vart sendt heim frå sin eigen provins, Algerie, med djupe sår etter ein blodig krig med grove overgrep.

Franskmennene og amerikanarane sette seg føre å ta sitt sivilisatoriske ansvar og berge Vietnam frå kommunismen. Etter tiår med blodspele, vietnamesisk, fransk og amerikansk blod, måtte amerikanarane dra heim og la eit kommunistisk regime overta landet.

Så kom båtflyktningane.

Gud og konge tapte makt til demokrati og menneskerettar

Det hadde skjedd ei ombygging av det europeiske verdisystemet gjennom det siste halve tusenåret. Tradisjonelle makter som Gud, kyrkje og konge vart nedbygde og svekkja. Både Gud og kongen hadde tapt det lovvernet samfunna hadde gjeve dei. No vart dei offer i ein politisk strid der dei langt på veg vart nedkjempa.

Sekulariseringa og demokratiet trengde seg fram etter kvart. Ny vitskap gav nye verdsbilete og ny forståing.

Det ledige rommet etter den detroniserte guden og dei detroniserte kongane vart overteke av det europeiske individet, bore fram av kristne filosofar som Martin Luther, René Descartes og Immanuel Kant. Demokratiet vart statsforma for dette myndige individet, kjempa fram på ulikt vis i ulike land.

Det europeiske individet, med sine menneskerettar, er vår tids gud

Og der står då Europa i dag, utan den gamle globale makta, med sekulære samfunn der metafysiske verdiforankringar langt på veg har losna, og der fleire og fleire menneskerettar er kjempa inn i politikk og lovverk.

Ytringsfridommen får gjennomslag i domstolar. Han overtrumfar etablerte verdiar, som det heilage, sanninga, den borgarleg æra, kanskje også nasjonens tryggingspolitikk. Det europeiske individet, med sine menneskerettar, er vår tids gud.

Europa for slakt

Det 20. hundreåret vart ikkje noko godt hundreår for Europa.

Totalitære system trengde seg fram og skapte to globale katastrofar, der mykje av Europa vart lagt i grus, og der europeisk optimisme og framtidstru fekk ein varig knekk. Den glade imperialismen frå hundreåret før var der ikkje lenger. Til og med India, juvelen i krona, var tapt. Kolonistane kom heim, med sår både på kropp og sjel. Frå somme land fekk dei misjonærane med seg heim.

Verda var forandra. Nye makter, for ikkje å seie gamle makter, kravde å få ei røyst med i det internasjonale koret.

Ikkje alt dei hadde på hjartet klang like god i våre øyro. Islam, ein heidensk religion, såg ut til å bli vitalisert og kravde meir plass, også i politikken. Lenger aust såg også hinduismen ut til å bli ei veksande politisk kraft. Religionen vart ein politisk aktør, slik han ein gong var i Europa.

Og her ligg då Europa og driv, for slakt segl i skrælen vind, men med krossfararflagget vaiande frå høgan mast.

Dette flagget fortel om verdiane våre, som vi krev universalitet for, slik vi har gjort det i siste hundreåra. Rett nok er verdiane andre, men dei er framleis våre og universelle.

Ytringsfridomen og det nye rasieriet

Ein slik universell verdi er vår ytringsfridom, som gjev oss sjølvtildelt og uavkorta rett til å sjikanere andre gudar, andre profetar og andre heilage skrifter, og til å trakassere dei som framleis held seg med gudar, profetar, heilage skrifter og den slags. Slikt har vi lagt bak oss.

Så reagerer dei som held seg til desse gudane og profetane, sterkt og brutalt, til dels valdeleg. Sjikane mot guden og hans profet vil dei ikkje tole.

Det kan faktisk sjå ut til at dei mislikar dette sekulære ytringsfridomsevangeliet meir enn dei mislika dei gamle misjonærane med sitt gamle evangelium.

Raseriet ser ut til å vere større, kanskje berre fordi makta deira no er større enn ho då var. Eller kanskje dei toler vår gudløyse dårlegare enn dei tolte misjonærane og vår gamle Gud.

Vi skyt oss inn under at våre verdiar er universelle, som dei gamle misjonærane gjorde

Så kan vi, på enkel landsbygdvis, fundere på kva slag grannar vi er på denne vesle kloden vår, når vi med styrke og intensitet insisterer på vår uavkorta rett til å sjikanere det kjæraste grannane våre har, deira gud og profet, når vi får klåre meldingar om at våre ytringar gjer vondt. Og, om vi orkar og vågar, kan vi prøve å sjå nærare på det sivilisatoriske nivået i desse ytringshandlingane våre.

Vi skyt oss inn under at våre verdiar er universelle, som dei gamle misjonærane gjorde. Som påstand om faktum er denne påstanden openbart usann, tilbakevist av fakta kvar dag. Eller så er han ynskjetenking, uskikka til bruk i røyndomen rundt oss.

Mediehelten og medieskurken

Og har vi, dagens Europa, makt til å setje bak dette universalitetskravet? Kva gjer vi om dei andre ikkje vil bøye seg for og akseptere våre krav om uavgrensa og ansvarsfri ytringsrett, som dei openbert ikkje vil?

Om dei skulle vere så frekke at dei meiner at våre verdiar er lokale, utvikla under våre vilkår, i vår historie, og at vår hersing med deira religion er tradisjonell europeisk kulturarroganse? Kva gjer vi då? Ropar høgare?

På 1800-talet sende vi soldatar. Det har vi gjort svært dårlege røynsler med siste tiåra. Ikkje eingong bombefly duger.

Mediehelten i karikaturstriden vart Vebjørn Selbekk, ein ubøyeleg, prinsippfast, modig og fri kar, ansvarleg for ei lita vestlandsavis. Medieskurken, dialogklysa, vart Jonas Gahr Støre, utanriksministeren, ansvarleg for tryggleiken til utsett ambassadepersonell og for Noregs posisjon og liv ute i den store verda, så ugrei som ho er.

Respekt inn i verdihierarkiet

Ytringsfridom er ein verdi. Å ha ansvar og ta ansvar er også ein verdi. Å vise respekt for andre menneske, deira tru og tankar, toler også å bli innlemma i verdihierarkiet.

Å vege verdiar mot kvarandre, gjer vi alle kvar dag.

Å meine at ein og same verdi alltid skal overtrumfe alle andre, er fundamentalisme. Det er å krevje at ein og same trafikant skal ha forkøyrsrett i alle vegkryss. Av det blir det mykje blodig og stygg trafikk.

Vårt verdiansvar for heile verda, universalitetsansvaret, er kanskje over, i denne vår rolle «som disse velsignede rykkene som renner oss fattigfolk på dørene med den ideale fordring», for å sitere doktor Rellings sluttreplikk i Vildanden.

Vår renning på andre dører med våre ideale fordringar ser ut til å vere mindre og mindre velsigna. Færre og færre vil høyre på oss. Og fleire og fleire dører ser ut til å bli stengde.

Kulturkampen i Europa siste hundreåra har stått om retten til å tenkje annleis. Vi kan ikkje vente å få resten av verda med på at denne retten berre skal gjelde europeiske tankar.

Få med deg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter

Flere kommentarer og innlegg om ytringsfrihet? Her er noen som har engasjert i det siste:

  1. Les også

    Det finnes ingen «rett» til ikke å bli såret eller krenket, skriver Knut Olav Åmås

  2. Les også

    Høyesteretts avgjørelse i Rolfsen-saken er kåret til «verdens beste dom». Det er det gode grunner til, mener redaktør Harald Stanghelle

  3. Les også

    Hvem tør å kritisere islam dersom man frykter å bli stemplet som muslimhater? En gruppe samfunnsaktører, kunstnere og debattanter advarer sterkt mot å skille mellom islamkritikk og islamhat.

  4. Les også

    Robert Moods deltakelse i den politiske debatten har vært problematisk, mener Kristin Clemet

  5. Les også

    Justisministerens respons om overvåking har dessverre ikke gjort oss klokere. Vi er snarere mer bekymret

Les mer om

  1. Kronikk
  2. Ytringsfrihet

Relevante artikler

  1. KRONIKK

    Ytringsfridommen er ikkje universell, og har aldri vore det

  2. NORGE

    – Jeg våger knapt å fortelle hva jeg jobber med. Det er blitt en skam, føler jeg.

  3. KRONIKK

    Ny luksus-E18 mellom Oslo og Asker vil øke bilbruken, noe alle politikerne er imot. Så hvorfor vil de bygge den? | Bjørn Stærk

  4. KRONIKK

    Har nedgangen i sysselsetjinga i landbruket stansa opp? | Reidar Almås

  5. KRONIKK

    Jeg tror aldri noen lærere spurte: «Hva syntes dere om det nærmest psykotiske i Hamsuns tekster?» | Johanna Holt Kleive

  6. KRONIKK

    En privatlivfetisjists bekjennelser | Dag Sørås