Kronikk

Ytringsfridommen er ikkje universell, og har aldri vore det, korkje i tid eller rom | Andreas Skartveit

  • Andreas Skartveit
    Tidligere forlagssjef og fjernsynsdirektør

Tegning: Arne Nøst

Vår ytringsfridom er innbakt i vår vestlege historie. Og han har gått ein lang veg. At resten av verda skal følgje oss på denne vegen, er ikkje innlysande og sikkert.

Kronikk
Dette er en kronikk. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Ein statsråd hadde vore sleivete i ein kommentar på Facebook. Ho fekk Stortinget på nakken og måtte gå av. Ved utgangen klaga ho seg. Nokon ville ta ytringsfridommen frå henne. Og det var eit uhyrleg overgrep.
Siste tiåret har vi hatt ein livleg debatt om ytringsfridommen. Til tider blir han løfta fram som den universelle, urørlege, opphøgde kjerneverdien, overordna alle dei andre.

Slik er det ikkje, og slik har det aldri vore.

Tegning: Arne Nøst

Hovudmotstandarene har vore gudane

Ytringsfridommen er ein sentral verdi i vårt vestlege hierarkiske verdiunivers. Han har rydda seg plass der etter hard strid mot konkurrerande verdiar.

Hovudmotstandarane i all historisk tid har vore gudane. Gudane er laga for å gje svar på alle dei spørsmåla menneska sjølv ikkje greier å finne svar på: Korleis det heile kom i stand, korleis det ein gong skal ende, kva som er poenget med alt som er.

Dei fleste religionane og truene har ein skapargud bak det heile, og dei har tankar om ei avslutning. Gudane er ofte aktive hos menneska. Dei greske gudane sette barn på jordiske kvinner. Dei romerske hadde ansvaret for kvar sin del av jordelivet, ein for kjærleik, ein for krig, ein for jordbruk, som jordiske statsrådar. Og vår eigen gud såg til at israelittane kom heim frå Egypt.

Gud forbaud ytringsfridommen

Det låg i guderolla at gudane visste. Gudane har svar. Deira tankar var høgare enn våre tankar, som det står i vår gamle bok. Deira tankar er overordna våre.
Dette har gitt gudane autoritet.

Det første vår gud gjorde då han møtte Moses på Sinai, var å forby religionsfridommen. Andre gudar ville han ikkje vite noko av. Det var det første bodet. Då det var gjort, forbaud han ytringsfridommen. Fri tale om seg ville han heller ikkje tåle. Det var det andre bodet.

  • Andreas Skartveit har også tidligere skrevet i Aftenposten om ytringsfrihet. Les: Ytringsfridom er ein verdi. Å ha ansvar og ta ansvar er også ein verdi

Då han hadde etablert maktstrukturen mellom seg og menneska, gav han seg tid til å lage reglar for menneska og deira liv med kvarandre her på jorda, om helgefred, foreldrerespekt, om mord, hor, løgn og alt det andre. Og hans ti bod la lenge grunnlaget for rettsstellet på våre kantar.

Her er vår gud på line med det vi veit om andre gudar. Både Sokrates og Kristus vart drepne fordi dei kom i konflikt med rådande tankar om gudane. Det var livsfarleg. Gudane hadde statleg vern. Allah er mot ytringsfridom, både shia-Allah i Iran og sunni-Allah i Saudi-Arabia.

Og dei kristne kyrkjene hadde streng læretukt. Kjettarar vart det ofte synd om.

Ytringsfridommen er ein lokal vokster

Martin Luther slapp ytringsfriheten fri i kirken, skriver kronikkforfatteren. Shutterstock / NTB scanpix

Ytringsfridommen er ikkje universell, og har aldri vore det, korkje i tid eller rom.
Han er ein lokal vokster, som har rydda seg plass i vårt verdiunivers siste hundreåra, hjelpt av folk som Martin Luther, som slepte mennesketanken og ytringsfridommen fri i kyrkja, med strid og spetakkel til følgje, av René Descartes, som tok tvilen, med ytringsfridommen på lasset, inn i varmen, av Immanuel Kant, som ved sin erkjenningsfilosofi gjorde mennesket myndig som guds medskapar.

Desse kristne filosofane var med og skapte det frie og myndige europeiske mennesket, som etter kvart kom til å vende Gud ryggen.

Sekulariseringa, og ytringsfridommen, er grodd på kristen grunn. Der kravde også ateismen plass då han omsider dukka opp, ein plass ingen greidde å nekte han, trass i iherdige forsøk.

Grunnlovfest, men samtidig lovregulert

I vårt samfunn er ytringsfridommen grunnlovfest, og samtidig lovregulert, for også å ta vare på andre verdiar. I mange yrke er denne reguleringa ein sentral del av yrket. Prestar, legar og advokatar har lovpålagt teieplikt. Folk i næringslivet må vere forsiktige med informasjon som påverkar aksjekursen, om dei ikkje vil hamne i retten.

Sylvi Listhaug fikk lære at en statsråd ikke har privat ytringsrett i politiske saker, skriver kronikkforfatteren. Olav Olsen

I ein del yrke er det også meiningsplikt. Ein ordinert prest som meiner i hytt og ver om den treeinige guden og Jesu oppstode, vil snart høyre frå biskopen, tilsynsmannen i trua.

Og, som Sylvi Listhaug fekk lære, ein statsråd har ikkje privat ytringsrett i politiske saker. Etter 1884 må regjering og statsrådar stå ansvarlege mot Stortinget, også om private politiske ytringar. Dei konstitusjonelle reglane overtrumfar den private ytringsretten.

Då Noreg pakka ned ytringsfridommen

Staten Noreg har siste åra lært ei lekse om ytringsrettens møte med sterkare og tyngre verdiar. Etter nobelkomitéens tildeling av nobelprisen til ein kinesisk dissident, hamna Noreg i den kinesiske fryseboksen. Der, i fryseboksen til den stigande stormakta, var det utriveleg å vere, og det vart lagt ned eit stort arbeid for å kome ut. Til slutt lukkast det, om Noreg berre ville love å slutte med utidige kommentarar om menneskerettane i Kina. Så vart gjort. Ytringsfridommen vart pakka ned. Det kinesiske regimet og den kinesiske opposisjonen fekk finne ut av det med kvarandre utan frekke kommentarar frå Oslo.

Edward Snowden får sitte i Moskva og ta vare på seg selv og sin og ytringsfrihet. I Norge er det ingen hjelp å få, skriver kronikkforfatteren. Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Edward Snowden avslørte stygge ting frå innsida av det amerikanske styringsapparatet. Han måtte rømme landet for sin bruk av ytringsfridommen sin. Moskva tok imot han. Det er formulert ønskje om at han må kunne kome til Noreg, utan å risikere ei farleg utlevering til USA. Regjeringa er stum. Å gjere noko som helst som kan provosere vår mektigaste allierte er utenkjeleg, no når vår store granne i aust har byrja å slipe klørne og rugge på seg.

Edward Snowden får sitje i Moskva og ta vare på seg sjølv og ytringsfridommen sin. I Noreg er det inga hjelp å få. Tryggingspolitikken går først og veg tyngst.

Ei skjør og vestleg plante

Ytringsfridommen er ei skjør og vestleg plante. Og med Vesten har det globalt sett gått tilbake siste hundreåret. Rolla som politisk og moralsk verdspoliti er blitt tyngre og meir problematisk. Til tider har det gått svært ille med den tradisjonelle vestlege verdieksporten.

Tankeeksport er ingenting nytt. Trettiårskrigen, frå 1618 til 1648, var ein europeisk katastrofe. Han var ein krig om mange ting, også om religion. Då det heile var over, møttest europearane i Westfalen og vart samde om at denne valdelege eksporten av religion måtte det bli slutt på. Kva folket og kongen i landet trudde og tenkte om guddommen, hadde grannen ingenting med. Freden la seg ikkje over Europa, med det vart ei krigsårsak mindre, eit eintydig sivilisatorisk framsteg.

Vår ytringsfridom er innbakt i vår vestlege historie. Og han har gått ein lang veg.
At resten av verda skal følgje oss på denne vegen, er ikkje innlysande og sikkert.

Det kan vi like eller mislike.

Det er ikkje lenger sikkert at alle dei andre vil høyre på oss, slik vi før har meint dei skulle gjere.

Det kan bli strevsamt.

Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter.

Les mer om

  1. Edward Snowden
  2. Religion
  3. Martin Luther
  4. Ytringsfrihet
  5. Sylvi Listhaug
  6. Nobels Fredspris

Relevante artikler

  1. DEBATT

    Dette handlar ikkje om ytringsfridom, men om kvalitet

  2. KRONIKK

    Den nasjonale rikmannskulturen veks fram. Det avlar tomme bygg og tapte verdiar

  3. NORGE

    Dette er kommunen der flest liv har gått tapt i ras. – Vi er førebudde på ulukker med tap av menneskeliv igjen

  4. KRONIKK

    Krenkelse er subjektivt. Følelsen alene kan ikke styre hva lærere eller andre kan snakke om

  5. KRONIKK

    Døden hører også livet til

  6. KRONIKK

    Er Europa i ferd med å avvikle trosfriheten?