Kronikk: Den amerikanske ulveflokken
Igjen har USA blitt råka av det som ser ut som eit høgreekstremt terroråtak. Igjen ser gjerningsmannen ut til å vera ein einsam ulv. Han er neppe den siste.
Onsdag kveld – amerikansk tid – opna ein ung, kvit mann eld i ei kyrkje i Charleston i delstaten Sør-Carolina. Kyrkja er den eldste tilhøyrande eit metodistisk kyrkjesamfunn med afroamerikanske røter og stort sett svarte medlemer, og ei kyrkje med ei historisk rolle i kampen mot slaveri og for borgarrettar.
Mannen som no er sikta for udåden, Dylann Storm Roof, skal ha fortalt ofra at han var nøydd å utføra åtaket, fordi «de valdtek kvinnene våre og tek over landet vårt».
Vidare skal han ha kome med rasistiske utrop, medan han skaut og drap ni deltakarar i ei bibelgruppe, inklusive presten og delstatspolitikaren Clem Pickney.
Pillar, borgarkrig og gamle flagg
Framleis veit me ikkje så mykje om gjerningsmannen. På Facebook-sida hans låg eit profilbilete der han hadde på seg ei jakke med to jakkemerke: det sørafrikanske flagget frå apartheidtida, og flagget til Rhodesia – i dag Zimbabwe, den gongen landet hadde kvitt mindretalsstyre. Eit anna bilete synte Roof sitjande på bilen sin, på bilskiltet finn ein sørstatsflagget.Det siste seier likevel ikkje all verda, sidan flagget stadig ikkje er uvanleg i bruk i delstaten, og jamvel vaier i vinden ved eit monument over den amerikanske borgarkrigen like ved delstatsbygningen. Fram til sumaren 2000 flaug det over delstatsbygningen sjølv.
Intervju med Dalton Tyler, som budde saman med gjerningsmannen, fortel kanskje meir. Ifølgje han var Roof opptatt av rasedeling, og han snakka om korleis han ville starta ein ny borgarkrig, om jamvel om å gjennomføra eit åtak. Ein tidlegare skulekamerat har på si side fortalt at Roof brukte narkotiske pillar, og at han ofte kom med rasistiske vitsar.
Skulekameraten sa også at Roof ikkje hadde vore ein loner, men hadde hatt venar, inklusive svarte venar. Ein annan tidlegare klassekamerat meiner at Roof stort sett heldt seg for seg sjølv.
Video: — Vi må snart innse at denne type vold ikke skjer i andre utviklede land
Terroristbingo
Det er liten grunn til å tru at Roof samarbeida med andre om åtaket. Dermed vert han alt no omtala som ein einsam ulv. Media har byrja å grava i hans personlege historie. Nokre reagerer. I sosiale media har det byrja å versa ein versjon av bullshitbingo kalla «kvit terrorist-bingo», med ord og omgrep ein reknar med vil dukka opp, «trøblete oppvekst», «smart», «flink på skulen», «var glad i pizza», «ein god gut». Og sjølvsagt: «psykisk sjukdom».
Det er for så vidt ikkje uvanleg at slike omtaler også dukkar opp i samband med heilt andre sortar terroristar. Samstundes kan ein nok med ein viss rett hevda at det er ulike mønster i korleis media skildrar den ekstreme islamisten og den høgreekstreme når dei gjennomfører terroråtak. Eg vil hevda at det finst minst to forklaringar.
Den fyrste er at det i møtet med ein terrorist som kjem innanfrå, så og seia, er meir komfortabelt å sjå til nettopp psykisk sjukdom, og å sjå på gjerningsmennene som stoffvridde einstøingar. Den andre er skilnaden til ei viss grad er høgst reell: i nyare tid er høgreekstreme terroristar oftare einsame ulvar enn organiserte medlemer av ein terrororganisasjon. Dei er oftare åleine, sjølv om det jamvel finst unnatak blant dei som gjerne blir omtalt som einsame ulvar. Timothy McVeigh var ikkje ein gong den einaste som vart dømd etter det svært blodige åtaket på Alfred P. Murrah-bygningen i 1995.
Problemet oppstår når omgrepet «einsam ulv», fokus på personleg historie eller fokus på mental sjukdom vert nytta til å lausriva terrorhandlingar frå ein vidare kontekst. Sjølv om det er for tidleg å konkludera, tyder både symbolbruken og det vesle ein kjenner til av Roof sin retorikk på at også han kan plasserast i ein slik.
Draumen om rasekrigen
For det fyrste: Amerikanske media rapporterer at Roof i avhør skal ha sagt nettopp at han ynskte å setja i gang ein rasekrig. Den fantasien er knappast ny. Ideen om den komande rasekrigen er skildra i The Turner Diaries, som er noko av ein klassikar innan nyare høgreekstrem litteratur, og som vert rekna som inspirasjonskjelde til både Timothy McVeigh, til terrorgruppa The Order som opererte på 1980-talet, og til den seinare gruppa The New Order.
Også hjå europeiske høgreekstreme har ideen om ein rasekrig eller borgarkrig og førestillinga om at han treng hjelp for å sparkast i gang dukka opp ei rekkja gongar. Tre britiske døme: David Copeland, som stod bak fleire spikerbombeåtak i London i 1999. David Tovey, som i 2002 vart avslørt med eit stort våpenarsenal i ein landsby nær Oxford, i samband med at politiet etterforska grafitti med rasistisk bodskap retta mot kvite – grafitti det synte seg at høgreekstreme Tovey sjølv stod bak.
Ukrainske Pavlo Lapshyn, som stod bak eit drap på ein tilfeldig muslim og tre bombeåtak retta mot moskear i West Midlands i 2013. Alle skal dei ha villa starta rasekrig.
Det seksuelle trugsmålet
For det andre: Ideen om at «dei valdtek kvinnene våre og stel landet vårt» er knappast uvanleg innan høgreekstremismen.
I det heile er ideen om fienden som seksuell avvikar, som seksuelt trugsmål og som overgripar ein idé ein finn innan både antisemittismen, anti-muslimske førestillingar, anti-katolisismen og innan rasisme retta mot svarte. Han har også vorte uttrykt av kvit makt-band som Midtown Bootboys, som i låten «Coon Hunt» fantaserer om drap og lynsjingar, motivert av at «savage monkey boys» — svarte, altså – i ei av verselinene «rape our women and rob our homes».
På høgreekstreme nettstader som Stormfront og Vanguard News Network er fokus på den svarte som valdtektsmann daglegdags kost.
Men har Roof vitja Stormfront, slik til dømes Wade Michael Page – gjerningsmannen bak eit drepande åtak retta mot eit sikhtempel i 2012 – gjorde? Var han innom Vanguard News Network, der Frazier Glenn Miller var svært aktiv fram til han gjennomførte eit terroråtak retta mot eit jødisk samfunnsenter i april 2014? Las han The Turner Diaries, slik Pavlo Lapshyn ser ut til å ha gjort? Høyrde han på kvit makt-musikk? Slike svar har me førebels ikkje. Det me derimot kan seia er at det er langt frå usannsynleg at også denne einsame ulven fann næring i høgreekstrem subkultur.
Temperaturmålarane
Om psykisk sjukdom skulle dukka opp som tema også i samband med dette åtaket, ville det neppe overraska. Det er inga motsetjing. Sjølv om mange har ein tendens til å gruppera menneske som anten mentalt stabile, og dermed i stand til å ha ein ideologi, eller som mentalt ustabile, og dermed ikkje i stand til det same, er det ikkje slik røyndomen ser ut.
Som Audhild Skoglund skriv i boka «Sinte hvite menn» kan ein ofte sjå på soloterroristar som ein slags temperaturmålarar for hatefulle haldningar som finst i ein kultur eller ein subkultur.
Samstundes er det verdt å leggja merke til eit fellestrekk ved mange av dei, og det er ikkje psykisk sjukdom, men at dei er sosialt utilpasse – gjerne særleg i møtet med kvinner. Mange soloterroristar har også freista å slutta seg til grupper med tilsvarande idear som dei dei har sjølv, men har ikkje klart å passa inn.
Dermed har dei vald det eine som ikkje kan avvisa dei, ideologien i seg sjølv. Fleire har byrja å sjå på seg sjølv som ideologien sin sanne forsvarar, som dei som vil gjera ord om til handling. Vil etterforskarane finna fram til tilsvarande trekk også hjå Roof? Utenkjeleg er det neppe, sjølv om forklaringane også kan vera annleis.
Ein ytterlegare kontekst vil Roof uansett bli plassert i. Hatåtaket i Charleston har allereie skapt ny debatt om både våpenlovgivning, rasisme og om høgreekstremismen som trugsmål mot det amerikanske samfunnet.
Også det siste kan det vera gode grunnar til. I ei undersøking utført av New York Times i fjor syner det seg at det amerikanske politiet er meir uroa for høgreekstremisme enn for ekstreme islamistar. Det er ikkje grunnlaust. I åra som har gått sidan 11. september 2001 har ulike former for høgreekstremistar stått bak fleire åtak og drept fleire menneske på amerikansk jord enn ekstreme islamistar, ifølgje statistikk frå Arie Perliger ved det amerikanske militærakademiet West Point.
For å seia det brutalt: Dylann Storm Roof er ikkje den siste einsame ulven. Og kor einsam er han eigentleg då?