Kronikk

Folkeopplysningen vil knuse myter, men bygger sjølv opp under dei | Unni Eikeseth

  • Unni Eikeseth
    Universitetslektor i naturfag ved Institutt for lærerutdanning, NTNU

«Viss Wahl har sagt det, må det vere riktig, liksom. Dette i seg sjølv er uheldig» skriver Unni Eikseth. Foto: Skjermdump, NRK

NRKs underhaldningsserie bidreg til å sementere myter om naturvitskap.

Kronikk
Dette er en kronikk. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Programserien Folkeopplysningen på NRK er inne i sin fjerde sesong med å knuse myter om alt frå alternativ medisin til sukker og kjernekraft.

Programskaparane skal ha honnør for å framheve fakta som viktig grunnlag for å treffe avgjerder, og for å attpåtil gjere det på ein underhaldande måte. Likevel er det fleire svært uheldige biverknader ved opplysningspillen vi har fått servert.

Unni Eikeseth, universitetslektor i kjemi ved Institutt for lærerutdanning ved NTNU. Foto: Elin Iversen

Vitskap er antiautoritært

Inntrykket mitt frå debattar i tradisjonelle og sosiale media er at underhaldningsserien har fått ein nærast uangripeleg status i kretsar som reknar seg for å vere vitskaplege. Er ein kritisk til kjeldeval eller presentasjon av fakta, blir ein gjerne mistenkt for å vere uvitskapleg. Viss Wahl har sagt det, må det vere riktig, liksom. Dette i seg sjølv er uheldig.

Eitt av dei viktigaste kjenneteikna ved vitskap er jo nettopp at det er anti-autoritært, og at ein bygger ny kunnskap ved å utfordre etablerte teoriar.

Eit anna problematisk punkt er at fakta faktisk ikkje synest å vere det mest viktige for programskaparane. I fleire omgangar har serien utelate viktige kjelder og fakta, som å intervjue forskarar om kombinasjonseffektar av kjemikaliar i økologiprogrammet.

Fjerde sesong av den populære serien Folkeopplysningen er i gang. Opplysningspillen har bivirkninger, mener innleggsforfatter. Foto: Skjermdump, NRK

Dei har også konstruert konflikter, sist i kjernekraftprogrammet, der miljøorganisasjonar hevdar dei blir tillagt meiningar dei aldri har hatt om kjernekraft. Dette er sannsynlegvis eit resultat av eit altfor trongt programkonsept der det alltid må vere ei konflikt mellom riktig og galt, og der det ikkje finst noko midt imellom.

Der Folkeopplysningen etter mi meining har gjort mest skade, er likevel at det har bidratt til å sementere velkjente myter om naturvitskap. Her er nokre av dei.

Les også

Andreas Wahl: «Det gjør vondt å si til folk at det de tror på, ikke holder vann»

Myte 1) Naturvitskapen gir oss umotstøytelege bevis

Sjølv om naturvitskapleg kunnskap er den beste kunnskapen vi har på eit gitt tidspunkt, så er det ikkje det same som at alt vil bli ståande til evig tid. Eitt av dei verkelege adelsmerka ved naturvitskapleg kunnskap er nemleg at den kan reviderast og bli endra ettersom vi får ny kunnskap.

Historia er full av eksempel som illustrerer dette: Til dømes var det kontroversielt å hevde at sjukdom kunne forårsakast av små, usynlege organismar, inntil Louis Pasteur på 1870-talet presenterte bevis for dette.

Louis Pasteur var en fransk kjemiker og bakteriolog.

Dette betyr sjølvsagt ikkje at vi kan avfeie all vitskap som usikker, og noko kan vi vere nokså sikre på. Når tusenvis av forskarar har gått gjennom all tilgjengeleg forsking om klima i fem omgangar og konkluderer at det er ekstremt sannsynleg (95-100 prosent sikkert) at klimaendringar er menneskeskapt, gir det for eksempel eit langt sikrare kunnskapsgrunnlag enn ei enkeltståande studie.

For å unngå å sementere myten om at naturvitskapleg kunnskap gir eit endeleg fasitsvar kunne programskaparane ha gjort publikum merksame på at teknologiske framskritt eller nye analysemetodar kan gi oss ny viten der vi har lite kunnskap i dag.

Les også

Forfatter Erika Fatland begynte på familiens slakteri da hun var ti. I dag er hun vegetarianer.

Myte 2) Naturvitskaplege forskarar er særleg objektive

Naturvitskaplege forskarar er berre menneske. Dei er ikkje immune mot å bli bevisst eller ubevisst påverka av sine eigne haldningar, sosial kontekst eller vitskapstradisjonar. Dette er ein av grunnane til at forskarar kan komme til ulike konklusjonar sjølv om dei har tilgang til same data. For å motverke denne myten kunne det vore lurt av Folkeopplysningen å bruke fleire forskarar med ulike oppfatningar, i staden for å framstille enkeltståande forskarar sine synspunkt som ein fasit.

«Naturvitskaplege forskarar er berre menneske. Dei er ikkje immune mot å bli bevisst eller ubevisst påverka av sine eigne haldningar» skriver Unni Eikeseth. Foto: Skjermdump, NRK

Myte 3) Naturvitskap og dens metodar kan gi svar på alle spørsmål

Denne myten er særleg problematisk, og den går igjen fleire stader i programserien. Mens nokre, avgrensa problem heilt klart er mat for naturvitskapen, er det fleire som går langt utanfor naturvitskapens domene. I programmet om kjernekraft var til dømes økonomiske, samfunnsmessige og etiske utfordringar utelatne.

Vil vi verkeleg la vitskapsfolk ta alle avgjerder for oss på alle livets område?

La meg ta eit eksempel: Genredigeringsmetoden CRISPR-Cas9 som vart oppdaga i 2012, har alt revolusjonert genteknologien og har blant anna blitt brukt til å designe storfe utan horn og modifisere malariamygg. Metoden har også blitt tatt i bruk for å redigere arvestoffet i menneskeembryo og kan potensielt brukast til å forbetre menneskearten.

CRISPR-oppdagar Jennifer Doudna innsåg raskt at vitskapsfolk ikkje burde vere åleine om å avgjere korleis vi skal bruke dette kraftfulle verktøyet. I 2017 kom ho derfor med boka A Crack in Creation. Gene Editing and the Unthinkable Power to Control Evolution, der ho oppfordrar allmennheita til å ta stilling til korleis vi skal regulere bruken av verktøyet.

Les også

Kristian Gundersen: Er forskningspolitikken forskningsbasert?

Vitskapen har ikkje det fulle og sanne svaret på alt

Fakta er ikkje ein mangelvare i dagens samfunn. Tvert imot blir vi bombardert med informasjon berre vi tar opp smarttelefonen. Faktatilgangen har ikkje gjort det enklare for oss å vite kva som er riktig eller ikkje. Studiar tyder i staden på at vi lar haldningane våre avgjere kva fakta vi ønsker å «tru på».

Eitt av dei nyttigaste verktøya for å vurdere informasjon er å ha kunnskap om kva naturvitskap er, og skjøne korleis det fungerer. Det er den typen folkeopplysning vi treng, framfor å få stadfesta myten om at vitskapen har det fulle og sanne svaret på alle spørsmål.

Les også

NRKs Folkeopplysningen svarer: Fakta finnes, faktisk


Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter


Les mer om

  1. Forskning og vitenskap
  2. Underholdning
  3. NRK

Relevante artikler

  1. KRONIKK

    Skal eg støtte deg berre fordi du er kvinne?

  2. KRONIKK

    Den nasjonale rikmannskulturen veks fram. Det avlar tomme bygg og tapte verdiar

  3. NORGE

    – Jeg våger knapt å fortelle hva jeg jobber med. Det er blitt en skam, føler jeg.

  4. DEBATT

    Kort sagt, fredag 24. mai

  5. KRONIKK

    Menneskerettsorganisasjoner i felles kronikk: Norge må kreve at Russland svarer for overgrep på LHBT-personer

  6. KRONIKK

    Så da sitter jeg her da. Og håper at livet skal servere meg et ukomplisert beinbrudd.