Kronikk

Nynorsken er hijaben min

  • Ragnhild Kolden

afp000500456.jpg TEGNING: ARNE NØST

Det heftar noko ved bøkene mine. Eg skriv nynorsk.

Kronikk
Dette er en kronikk. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Eg er ein forfattar som søker lesarar. Til det trengst hjelparar: Forlag, media, Facebook. Og bokhandlarar. Dei siste er det leddet mellom meg og lesarane som ikkje fungerer.

Ja, du las rett. Bokhandlarane. Dei som i samband med utkastet til boklov seier at deira viktigste oppgave er å inspirere til mer lesing, og veilede leseren i mangfoldet av gode leseropplevelser. Eg er litt oppgjeven over somme av dei. Det store bildet ser nokolunde OK ut. Men det finst brotne kar. Mange nok til at det utgjer eit problem.

Det er ikkje sikkert at eigarane av bokhandlane er klar over problemet. Det er nok mest synleg i møtet mellom kunde og butikk. Men her skal dei få ein tilstandsrapport, så blir det opp til dei å ta det opp med dei tilsette. For høyr berre her, kva lesarar rapporterer til meg:

Ikkje marknad for slike bøker

Ein person går inn i ein bokhandel i nærleiken av Oslo og spør etter den sist utgjevne romanen min. Dessverre har ikkje bokhandelen boka inne. Kan du bestille den? spør kunden. Kan du ikkje kjøpe den på nett? seier bokhandlaren surt der han driv og stablar Fifty shades of grey. Kvifor får eg ikkje bestille hos deg? seier kunden overraska. Viss du likevel ikkje kjøper boka, blir den ståande i hylla og tar opp plass, seier bokhandlaren.

Og så legg han til: Det er nemleg ikkje marknad for slike bøker. Korleis slike? undrar kunden, og byrjar lure på om boka er uanstendig på noko vis. Bokhandlaren ser overberande på henne: Det er nynorsk, ikkje sant?

Ein annan etterspør boka i ein bokhandel i Akershus. Bokhandlaren prøver å søkje den opp i bokdatabasen. Han strevar fælt, til det går opp for han at han har skrive tittelen feil. Han unnskyldar seg med at han ikkje er så god i sidemål, og legg til at det er nå fortærande òg, at Norge ikkje kan ha eitt skriftspråk som alle kan forstå. Kanskje han kan få anbefale ei anna bok? Men kunden har bestemt seg for ikkje å kjøpe noko som helst. Han er eit ihuga målmenneske, og skal ha seg fråbede å bli utsett for språkpolitisk oppgulp. Og så i ein bokbutikk!

Nynorsk — eit aber

Ein tredje person går inn i ein bokhandel i Oslo. Dei har eit eksemplar av boka inne, det skal dei ha. Men idet ho skal skanne boka i kassen, seier bokhandlaren, sikkert for å "veilede kunden i mangfoldet av gode leseropplevelser": Men du er vel klar over at denne boka er på nynorsk?

For det er akkurat det, altså: Det heftar noko ved bøkene mine. Eit aber. Eg skriv nynorsk. Nynorsken er hijaben min. Den gjer meg framandarta, vanskeleg å forstå, set meg utanfor. Tek dyrebar tid og plass som kunne vore brukt til noko nyttig.

Eg er van med å bli diskriminert. Fri og bevare meg vel - eg er kvinne og nynorskbrukar og har vore begge delar i over 50 år, så kom ikkje her. Eg kan bera over med at kunnskapslause folk kallar skriftspråket mitt spynorsk. Eg kan draga på okslene av politikarar som innbiller ungane at sidemål er for vanskeleg for dei små hovuda deira, noko tull dei aldri får bruk for. Dei prøver berre å usynleggjera sin eigen mangel på kunnskap, prøver eg å tenkje. Har sikkert kome til kort på skulen då dei var barn, eller hatt dårlege lærarar.

Alle dei ikkje les

Det finst folk som ikkje les Leikvoll, Tiller, Kleiva, Bildøen, Basso, Ravatn, Parr, Tofte og Hovland fordi desse skriv nynorsk. Det finst folk som i fullt alvor spør bokhandlarane om kva tid Leikvoll og Tiller kjem på bokmål. Det finst folk som av raust hjarte uttalar at "nynorsk lyrikk og poesi er utruleg vakkert". Eg veit ikkje om dei har tenkt over det, men det er eit utsagn på linje med "afrikanarar er utruleg musikalske". Som alle generaliseringar, er den usann. Det finst både dårlege og gode dikt på nynorsk. Sjølvsagt. Personleg tykkjer eg at den største lyrikaren av alle norske, er Tor Ulven. Han gav ikkje ut éi nynorsk strofe, men det vakraste bokmål du kan tenkje deg.

Jada, det finst folk. Folk er folk. Men når delar av bokbransjen diskriminerer og plasserer meg utanfor, blir det noko heilt anna. Dei, som har så fine statuttar. Dei, som har fått ordna fastprisavtaler og momsfritak av styresmaktene, fordi dei skal vera norsk språkmangfalds sikraste vern. Fordi litteratur skal løne seg. Fordi den smale litteraturen skal ut, så vel som den breie. Både på nynorsk og bokmål. Over heile landet. Til og med i Oslo. Der bur det forresten fleire nynorsklesande enn nokon annan plass i landet - det er jo møringar, setesdølar, telemarkingar, sogningar, vossingar og gudbrandsdølar i kvar leselampeopplyste krok der!

Skriv vi kjedelege bøker? Er skulda vår? Er det noko vi ikkje har forstått?

Trur ikkje det. Nynorskforfattarar vinn ofte prisar, dei blir omtala i alle typer media, dei får ofte svært gode kritikkar. Barne- og ungdomslitteraturen er i verdsklasse. Kva meir skal til for å få plass i utstillingsvindaugo, eller i det minste vera tilgjengelege på bestilling? Og da utan at bokhandlarane må leggje til dette aberet som reduserer oss til noko mindre verdfullt enn andre som skriv: Men du er vel klar over at den er på nynorsk?

Femti skuggar grått

Kanskje burde vi skrive meire porno. Kline til med femti skuggar grått frå steinrøysene i Setesdalen og Gudbrandsdalen. Vi skriv ikkje mursteinar, så vi hadde nok klart å bli både fanga og bundne og sleppte fri på under tre hundre sider. Rett på sex, utan utanomsnakk.

Eller vi kunne drepa litt meir. Sidan krim er den store sjangeren for tida, berre utkonkurrert av Jon Michelet og Bibelen. Og Fifty shades, sjølvsagt, om ein gidd å rekne den med.

Idar Lind, Rune Timberlid og Magnhild Bruheim har drepe i årevis. Frode Grytten har skrive bedre krim enn dei fleste. Lars Mæhle kjem med krimroman i vår, og den andre til Kroken&Kolden kjem i mars. Så vi held da på. Vi kan ikkje anna. Nynorsk er språket vårt, identiteten vår. Men kva hjelp vel det, når det finst bokhandlarar som ikkje vil ha oss? Når vi blir diskriminerte der, som mange andre plassar?

All type diskriminering er synleg i språket. Haldningane våre blir avslørte i orda vi brukar, i tonefallet vi seier dei i, i alle aber som fer så lett over leppene våre.

Som når du har funne den best kvalifiserte jobbsøkjaren, men han heiter Mohammed.

Som når du får ein ny kollega, og du mumlar til sidemannen: Ho er hyggeleg og verkar dyktig, men ho har hijab - eg veit ikkje heilt.

Som når bokhandlaren seier: Men du er vel klar over at den er på nynorsk?

Mohammed kunne skifte namn til Harald, sjølvsagt. Kvinna med hijab kan ta den av. Og eg kunne gå over til bokmål. Men kan nokon gjeva meg èin god grunn til at vi skulle finne på noko så dumt? Ikkje det, nei.

Så slutt å kødde med hijaben min!

Les mer om

  1. Kronikk

Relevante artikler

  1. DEBATT

    Det har aldri vore lettare å vere nynorskbrukar enn i dag – sjølv i sentrale Oslo-media ser vi at nynorsken slepp meir og meir til.

  2. DEBATT

    Nynorskfaget må ut

  3. KOMMENTAR

    Nynorsken har sigra

  4. SID

    Sidemålskarakteren er der for å hjelpe oss

  5. SID

    Svarer Dordi Lerum (17): Dei nye læreplanane lyftar sidemål

  6. SID

    Nok er nok, politikarar. La oss sleppe tvang.