Det ultimate litterære liv

Manuskriptet til Ulysses var utstilt i Rosenbach Museum & Library i Philadelphia i sommer.

Konfliktfylt. James Joyces liv er eit godt eksempel på det nære og samtidig konfliktfylte forholdet mellom liv og dikting.

Dette er en kronikk. Eventuelle meninger i teksten står for skribentens regning. Hvis du ønsker å sende et kronikkforslag, kan du lese hvordan her.
James Joyce.
Jakob Lothe,professor i engelsk litteraturt, Universitetet i Oslo

Kvifor fascinerer biografien oss slik? Spørsmålet har ikkje noko enkelt svar, men éin grunn er at vi ved å lese om livet til ein annan person opplever at vi lærer noko om vårt eige. Når det gjeld biografiar om kunstnarar og forfattarar, kjem i tillegg trua på eller ønsket om å forstå meir av kunsten ved å lese om kunstnaren.

Nært og konfliktfylt

Livet til den irske diktaren James Joyce (1882-1941) er eit sjeldan godt eksempel på det nære og samtidig konfliktfylte forholdet mellom liv og dikting. Meir kompromisslaust og omsynslaust enn dei aller fleste levde Joyce for å bli forfattar; meir konsekvent og nyskapande enn dei fleste brukte han opplevingar og erfaringar frå sitt eige liv som element i litteraturen han skreiv. Dei litterære ambisjonane hans var kolossale. Det ekstraordinære med Joyce er i kva grad han lykkast med å realisere dei: sjølv om få vil hevde at Joyce er på nivå med Shakespeare, er han for mange den største engelskspråklege forfattaren i det 20. hundreåret.

Eit litterært liv

Gordon Bowkers James Joyce: A New Biography (2012) presenterer eit litterært liv med éin overordna ambisjon og eitt intenst ønske: å skrive ei ny form for litteratur som kunne gi treffande og nyansert respons på kompleksiteten i menneskets opplevingar og erfaringar i det nye Europa tidleg på 1900-talet. Joyce er ein modernistisk forfattar på linje med Franz Kafka og Virginia Woolf. Samtidig er han svært original.

Påverknaden hans på forfattarane som kom etter han, kan knapt overvurderast

Det Irland som Joyce blei fødd inn i på slutten av 1800-talet, var på to måtar påfallande likt Norge. For det første var begge landa blant dei fattigaste i Vest-Europa og blant dei med størst utvandring til USA i forhold til folketalet. For det andre var ingen av landa sjølvstendige: medan Norge framleis var i union med Sverige, herska Storbritannia over Irland. Bowker ser her ein grunn til at Joyce tidleg identifiserte seg med Ibsen, som han beundra i den grad at han lærte seg norsk for å kunne lese Ibsens drama på originalspråket. Ibsens analyserande, usentimentale samtidsdrama var for Joyce inspirert av ein historisk situasjon som likna Irlands. Det appellerte sterkt til den unge Joyce, som kom til å fornye litterær prosa slik Ibsen hadde fornya dramaet.

Som barn i ein katolsk middelklassefamilie i Dublin blei Joyce elev ved to jesuitt-skular. Tidleg viste han eit uvanleg språktalent, og han las enormt. Tidleg blei han også uvanleg sjølvstendig. Som sekstenåring braut han med jesuittane og katolisismen og skreiv seg inn ved det nyetablerte University College Dublin. Bowker viser at denne overgangen ikkje var så enkel for Joyce som mange har hevda, og han argumenterer godt for at nettopp sidan brotet med katolisismen var vanskeleg, kom Joyce til å tillegge kunstnarkallet ein religiøs dimensjon.

Formidle sanning

  1. januar 1900 heldt Joyce foredraget Drama and Life i Literary and Historical Society ved University College. Med talrike referansar til europeisk litteratur frå gresk antikk drama og framover formulerer attenåringen her sitt litterære program: litteraturens fremste oppgåve er å formidle sanning, men denne sanninga må vere realistisk snarare enn idealistisk. Som eksempel på litteratur som fyller dette kravet, løfter Joyce fram Ibsens Vildanden og Gengangere . Like etterpå blei Joyce invitert av redaktøren av tidsskriftet Fortnightly Review til å melde Ibsens Når vi døde vågner. Denne første publikasjonen til Joyce var ein av dei aller viktigaste for han — både gjennom prestisjen den ga og gjennom oppmuntring i form av eit takkebrev frå Ibsen.

Bowker skriv innsiktsfullt om det kompliserte forholdet Joyce hadde til Dublin, byen som representerte både det beste og verste ved Irland. Han får også godt fram paradokset i at Joyce lét byen han valde å forlate bli det litterære universet i mykje av det han seinare skreiv. Var det kanskje avstanden Joyce måtte ha til Dublin for å skrive som gjorde at han flytte bort? Medan mange av hans landsmenn emigrerte til USA, søkte Joyce mot det europeiske kontinentet - med den større toleransen og dei rike litterære tradisjonane som det representerte for han. Det første utanlandsopphaldet blei likevel kort, for i Paris fekk han følgjande telegram: “MOTHER DYING COME HOME FATHER”. Joyce reiste nærast i panikk tilbake til Dublin. Då onkelen ba alle knele for å be for henne på dødsleiet, blei Joyce ståande - i trass, men med sterk skuldkjensle.

Den lange perioden i eksil

Året etter møtte Joyce Nora Barnacle, ei ung kvinne frå ein arbeidarfamilie i Vest-Irland, og saman reiste dei først til Zürich og så vidare til Trieste. Dermed starta den lange perioden i eksil - i Zürich og Trieste 1904-1920 og i Paris og Zürich 1920-1941. I Trieste arbeidde Joyce som språklærar samtidig som han skreiv på novellesamlinga Dublinere og kunstnarromanen Portrett av kunstneren som ung mann . Medan Joyce i den første boka teiknar sylskarpe portrett av personar i Dublin, gir han i den andre ei fiksjonalisert framstilling av si utvikling som kunstnar.

Den som best såg Joyces talent og hjelpte han til å få trykt begge desse bøkene, var den amerikanske diktaren Ezra Pound. I 1920 inviterte Pound Joyce på eit kort besøk til Paris - der blei han verande i tjue år. I Paris klarte Joyce å ferdigstille hovudverket Ulysses (1922), og her skreiv han også den nesten uleselege romanen Finnegans Wake (1939). Bowker skriv utførleg om Joyces liv i denne perioden, men kor nødvendig informasjon dette er for å ha utbytte av Ulysses er eg usikker på. For å forstå denne kanskje største europeiske romanen i det 20. hundreåret er det viktigare å ha lese den greske diktaren Homers epos Odysseen enn Bowkers biografi. Handlinga i Joyces hovudverk utspelar seg i Dublin i løpet av éin dag, 16. juni 1904. Inn i denne dagen pressar Joyce ei stor stoffmengd som han presenterer originalt og eksperimenterande; han blandar alle mulege sjangrar og skaper ein unik tekst med eineståande energi, vitalitet og spennvidde.

Konkluderande kommentar

Dei litterære kvalitetane i Ulysses kunne Bowker godt ha skrive meir om, og denne kritikken av den elles gode biografien hans gir grunnlag for ein konkluderande kommentar om biografisjangeren generelt. Eg vil knyte denne kommentaren til to andre Joyce-biografiar.

Den første av desse kjenner Bowker godt: Richard Ellmanns James Joyce frå 1982. Noko av det som har gjort Ellmanns biografi klassisk, er koplinga av engasjerande framstilling av Joyces liv og intelligente kommentarar til litteraturen hans. Tydelegare enn Bowker ser Ellmann Joyces liv i eit litterært lys - og det er eit tiltalande trekk ved ein litterær biografi.

Denne kvaliteten er også slåande i Bjørn Tysdahls James Joyce. Liv og diktning frå 2003. Tysdahls biografi har ein tydelegare formidlingskarakter enn Ellmanns i og med at han introduserer Joyce til norske lesarar. Samtidig viser også Tysdahl stor innsikt i Joyces litteratur, og han skriv meir overbevisande enn Bowker om forholdet mellom liv og dikting. Det sentrale poenget her - eit poeng som Ellmann og Tysdahl får betre fram enn Bowker - er at samtidig som det er ein nær samanheng mellom liv og litteratur, er det også avstand, spenning og friksjon. Det er i denne friksjonen den kreative impulsen ligg, som for Joyce var så sterk at han nådde dei enorme litterære ambisjonane han proklamerte i Dublin som attenåring. Påverknaden hans på forfattarane som kom etter han, kan knapt overvurderast.