Kronikk

Kronikk: Det klassiske naturvernet er i krise. Stå vakt om naturen! | Herborg Kråkevik

  • Herborg Kråkevik

Naturen burde vernast fordi han er verdifull i seg sjølv, skriv debattanten. Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Natur skal ikkje løna seg, den skal berre få lov til å vera der. Det er det dessverre mindre og mindre av den norske naturen som får lov til.

Kronikk
Dette er en kronikk. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Under Hardangeraksjonen i 2010 skreiv Tor Bomann Larsen i Aftenposten at «Hardanger heng på Nasjonalgalleriet». Dette var eit av dei finaste bidraga til å lyfta debatten opp på eit høgare nivå enn det økonomiske og nytteverdien av naturen.

Hardangernaturen tilhøyrer heile Norge, og me er alle ansvarlege for all natur i landet vårt. Slik kan ein også seia at alle Norges naturjuvelar heng på Nasjonalgalleriet, og me må stå vakt om dei, både i kunsten og i livet.

Kva inneber det å stå vakt om å naturen?

Eg vil påstå at det er å tvihalda på eigenverdien til naturen – ikkje minst til det me kallar urørt natur. Den skal ikkje løna seg, eller setjast prislapp på, den skal berre få lov til å vera der.

Det er det dessverre mindre og mindre av den norske naturen som får lov til.

Alt skal løna seg i vår tid

Filmen Kampen om fjordane av Vigdis Nielsen som no vert sett opp på kinoar i Oslo, Stavanger, Trondheim og Tromsø, viser korleis lokalbefolkninga i Hardanger og naturvernarar i heile landet vårt tapar mot det politiske og det kommersielle systemet.

Filmen er ei påminning om kva det er å ta vare på naturen, og kva det kostar.

Monstermastene er på plass, naturen tapte i denne saka, og naturen tapar i slike saker heile tida. Kvar dag er nye sårbare naturområde i fare her i landet; Førdefjorden, Øystesevassdraget, på Fosen og i Nedre Otta, for å nemna nokon av stadane.

Dilemmaet ein møter på når ein diskuterer naturen sin eigenverdi, er korleis ein skal argumentera for noko som ikkje løner seg i vår tid?

Det er nesten ingen samfunnsområde som går fri frå kravet om å løna seg; kunst, Idrett, kulturaktivitetar, omsorgstenester, utdanning og mykje anna er no underlagt eit språk og haldningar som handlar om krav til inntening og kommersielle reglar.

Naturen burde vernast fordi den er verdifull i seg sjølv

Dess lenger me venner oss til dette språket, dess vanskelegare vert det å finna ord for at naturen har ein verdi i seg sjølv.

Kraftlinja i Hardanger under oppføring i 2011. Hommedal, Marit / SCANPIX

Me argumenterer ofte med at i urørte område kan det finnast planter med ukjende ingrediensar til ein medisin me ikkje enno veit om, eller me argumenterer for at vill natur er viktig som rekreasjonsområde for menneske.

Og når naturen ein sjeldan gong vinn framfor marknadsinteresser, så seier ein ofte at me tek oss råd til å verna naturen. Men eigentleg skulle dette ikkje vera nødvendig, naturen burde vernast fordi den er verdifull i seg sjølv.

Oss betyr alle

Sjølvsagt må me bruka naturen til å dyrka mat og til andre ting me har bruk for, til dømes elkraft, mineral eller vilt, fisk eller anna, men me må alltid sjå ting i samanheng; kva går tapt viss me byggjer ut dette vassdraget, eller byggjer denne linja eller dumpar avfallsstoff nettopp her?

Mange i landet vårt går rundt og trur at me har utømmelege mengder med vill natur å ta av. I 2008 opplyste Direktoratet for naturvaltning at knapt 12 % av Norge kan kategoriserast som villmark. Då er Svalbard halde utanfor, og ein stor del av desse 12 prosentane ligg i Finnmark.

Politiet pågrip to demonstrantar i 2011. Margrete Synnøve Jakobsen, Hard / SCANPIX

Villmark vert definert som område som ligg fem kilometer eller meir vekke frå tyngre tekniske inngrep i naturen.

Og spørsmålet er: Kven skal verna desse områda i landet vårt når det ser ut til at alt er til fals for pengar i vår tid? Kven har makt til å seia at denne naturen er verd noko i seg sjølv? At den ikkje kan setjast prislapp på og vurderast opp mot ei kraftlinje, eit småkraftverk eller eit deponi for avfallsstoff.

Svaret må vel vera oss, og det betyr alle, ikkje minst dei folkevalde og dei som arbeider i organ som har makt over naturressursane våre.

Problemet for oss som ikkje arbeider i slike organ, eller er folkevalde, er at prosjekta som går ut over villmark eller anna sårbar natur, ofte ikkje vert kjende for allmenheita før det er for seint å engasjera seg.

Liste over feil i saksgang

For det filmen Kampen om fjordane også viser, er korleis demokratiet ikkje fungerer, eller i beste fall kjem til kort, i slike saker:

  • Ein ordførar vert forsøkt knebla av partiet sitt og melder seg etter kvart ut av all politisk aktivitet. Fire utval vert sette ned for å greia ut saka på nytt.
  • Ekspertutvalas vurderingar vert sett til side, og Regjeringa gjennomfører vedtaket uendra.
  • Datoen det endelege vedtaket vert offentleggjort, vert lagt til midt i VM på ski i Oslo, og størsteparten av media var opptekne av det.
  • Når anleggsmaterialet kjem til Hardanger for å setjast opp, kan kven som helst sjå på materialet at det er bestilt lenge før utvala vart nedsette.
  • Grunneigarar og andre aktivistar som protesterer mot utbygginga med å hindra arbeidet, vert ikkje berre dømde til å betala bøter, som er etter lova, men får òg ferdselsforbod av politiet. Ferdselsforbodet vert seinare avvist av domstolane, og politiet har nyleg fått skarp kritikk av Sivilombodsmannen for handsaminga si av saka.

Lista over feil i saksgang og manipulering med fakta er lang og rystande for oss som håpte at naturen og kulturlandskapet skulle tryggjast av demokratiet, ikkje øydeleggjast av det.

Klassisk naturvern i krise

Hardangeraksjonen var ei av dei største folkelege mobiliseringane på vegner av naturen i nyare tid. Eit stort folkeleg engasjement vart oversett og ignorert av dei som sat med makt til å byggja kraftlinja og mastene.

Å tapa mot dei metodane som vart nytta i denne saka, er svært deprimerande for vanlege folk.

Det er lett å missa motet, men det finst folk som kjempar for naturen sin eigenverdi; i Naturvernforbundet, i Turistforeningen, i Natur og Ungdom og mange fleire viktige organisasjonar, og ikkje minst: I nesten alle dei politiske partia finst det medlemmer og folkevalde som kjempar imot dei kommersielle omsyna, og desse har bruk for at me andre bryr oss og tórer å seia ifrå på naturens vegne.

Les også

Leiar i Hardanger-aksjonen tre år seinare: - Vi føler oss lurt

Så kva skal ein stakkars naturvernar slå i bordet med?

I krisetider tyr ofte menneske til poesien; eg vil påstå at det klassiske naturvernet er i krise i Norge. Det er under press, ikkje berre frå statleg hald og kommersielt hald, men også under press frå dei som meiner at norsk villmark må vika for å senka CO2-utslepp i andre land og i vårt eige.

Framleis ein viktig parole

Sjølv om denne utviklinga går fortare og fortare, var det store interessekonfliktar om naturen allereie på 1800-talet, då forfattaren Teodor Caspari skreiv diktet Stå vakt om naturen, som startar og sluttar slik:

«Stå vakt om naturen! Slå angrepet ned!
Dem opp mot de hissige hjerner!
La fjellvidda hvile i soldagens fred
i dryss av de evige stjerner!
Slå døgnets urolige røster med bann!
Lys fred på de tagale lier!
Gi Norge et lysende Ingenmannsland
hvor skapningens herre tier!

Det kommer en dag da den syke kultur
vil fylle all verden med vånde,
en dag da maskinenes dunster og dur
vil døyve og kvele din ånde –
Den dag vil du hilse det lukkede land
og signe de fredede flyer
med rykende storm over ensomme vann
og sol gjennom drivende skyer.»

Casparis engasjement var ei viktig årsak til at til dømes Gjende vart freda område. I vår tid då slike umistelege område er truga oftare og oftare, er dette diktet framleis ein utruleg aktuell parole å gå under i kampen for å stå vakt om naturen.


Meir om tematikken?

Reportasje: Kor øydeleggande blei mastene i Hardanger?

  1. Les også

    Leiar i Hardanger-aksjonen tre år seinare: - Vi føler oss lurt

  2. Les også

    Velferdsprofitør klynget godhetstyrann opp i monstermast

  3. Les også

    Fortsetter aksjonene ved Førdefjorden

  4. Les også

    Her er innlegget av Tor Bomann Larsen, som forfattaren viser til: «Bildet av Norge»


Les mer om

  1. Naturvern
  2. Hardanger
  3. Natur

Relevante artikler

  1. NORGE

    – Jeg våger knapt å fortelle hva jeg jobber med. Det er blitt en skam, føler jeg.

  2. SPORT

    Lurer du på kvar du kan koma deg i alpinbakken? Dette seier skianlegga sjølve om snøtilhøva.

  3. NORGE

    Dette er kommunen der flest liv har gått tapt i ras. – Vi er førebudde på ulukker med tap av menneskeliv igjen

  4. BOLIG

    Fant roen ut mot et frådende Jærhav. - Det er så mektig, sier eieren.

  5. BOLIG

    Hyttedraumen tok form i Canada

  6. SPORT

    Kari Traa om OL-gullet, suksessbedrifta og det berømte nakenbiletet