Kronikk

Noreg må stå opp for Europas domstolar | Eirik Holmøyvik

  • Eirik Holmøyvik, professor, Det juridiske fakultet i Bergen, medlem i Venezia-kommisjonen

Kampen om den polske konstitusjonsdomstolen (biletet) viser kor skjør den europeiske rettsstaten er, skriver kronikkforfatteren. Foto: Alik Keplicz / TT / NTB Scanpix

Sjølvstendet til Europas domstolar er under politisk press. Mest alvorleg sett med norske auge er situasjonen i Polen. Europaministeren bør ta grep.

Kronikk
Dette er en kronikk. Meninger i teksten står for skribentens regning.

I Polen står tre seter i konstitusjonsdomstolen tomme. I over eitt år har det pågått ein knallhard politisk kamp om retten til å velje dei tre siste dommarane.

På den eine sida står den sentrumsorienterte opposisjonen, som inntil valet i 2015 hadde fleirtal i parlamentet. På den andre sida står det høgreorienterte partiet PiS, som no har fleirtal i parlamentet, sit i regjering og har presidenten. Begge partar har sine svin på skogen.

Før valet i 2015 forsøkte det dåverande fleirtalet å utnemne fleire dommarar enn dei hadde kompetanse til. Etter valet gjorde PiS det same.

Det handlar om å plassere sine folk i den viktige konstitusjonsdomstolen, som har makt til å setje lover og forvaltningsvedtak til side.

Samstundes har PiS eskalert konflikten ved å få vedtatt ei rekkje lovendringar som i sum vil svekke domstolens effektivitet. Konstitusjonsdomstolen har erklært lovendringane for grunnlovsstridige, men PiS nektar å bøye seg. I mellomtida blokkerer presidenten konstitusjonsdomstolen ved å nekte å publisere dommane denne avseier.

Eirik Holmøyvik. Foto: Privat

Vi er vitne til ein rå kamp om konstitusjonsdomstolens sjølvstende og effektivitet.

Ei europeisk krise

Kampen om den polske konstitusjonsdomstolen viser kor skjør den europeiske rettsstaten er.

Vi ser liknande strid om utnemningar til konstitusjonsdomstolen i EU-landa Slovakia og Kroatia. Utanfor EU har parlamentet i Georgia i all hast vedtatt lovendringar som trugar med å kneble konstitusjonsdomstolen der.

I Tyrkia har president Erdoğan like godt truga med å avskaffe heile konstitusjonsdomstolen. Alt dette berre i år.

Dei siste åra har også Ungarn under Viktor Orbán fått flengande kritikk for å undergrave domstolanes sjølvstende. Tendensen er urovekkande.

Kva kan Europa gjere?

EU erklærte tidlegare i år at situasjonen i Polen utgjer ein grunnleggande trugsel mot rettsstaten. Samstundes er EU forhindra frå formelle sanksjonar med mindre alle medlemsstatane står bak. Så lenge Ungarns statsminister Viktor Orbán står på sidelinja og heiar på den polske regjeringa, er det vanskeleg for EU å setje makt bak krava.

I tillegg til EU har også Europarådet uttrykt uro over utviklinga i Polen. Venezia-kommisjonen, som er Europarådets konstitusjonelle ekspertorgan, har i to grundige rapportar slått fast at dei polske lovendringane bryt med europeiske rettsstatlege standardar.

EU erklærte tidlegare i år at situasjonen i Polen utgjer ein grunnleggande trugsel mot rettsstaten

Sjølv om tilrådingane til kommisjonen ikkje alltid blir etterlevd, tar statane dialogen med kommisjonen alvorleg. Fram til no.

Som det fyrste landet i Venezia-kommisjonens 25 år lange historie, har den polske regjeringa gitt beskjed om at den ikkje ønskjer vidare samarbeid.

Venezia-kommisjonen og andre handhevingsorgan under Europarådet byggjer på frivillig samarbeid mellom Europas statar ut i frå tanken om at rettsstaten, demokratiet og menneskerettane er fellesverdiar.

Når ein stat demonstrativt bryt med denne fellesskapen, må Noreg og dei andre statane stå opp.

Kva kan Noreg gjere?

Pussig nok kan vesle Noreg leggje press på den polske regjeringa. Her som elles handlar det om pengar.

EØS-midlane på om lag 2,8 milliardar euro er eit kraftfullt utanrikspolitisk verkty. I desse dagar er regjeringa i ferd med å avslutte forhandlingane med mottakarlanda.

Polen er den klårt største mottakaren av EØS-midlane, med 809 millionar euro i perioden 2014-2021.

I si halvårlege utgreiing til Stortinget 8. november uttalte europaminister Elisabeth Vik Aspaker at EØS-midlane er eit viktig verkty i gjennomføringa av Regjeringas europapolitikk.

Elisabeth Aspaker. Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Eit nytt programområde for EØS-midlane i denne perioden er nettopp «Effektive domstoler og styrket rettsstat».

I utgreiinga til Stortinget lova Aspaker også at Regjeringa vil arbeide saman med EU for å sikre respekt for menneskerettar, demokratiske spelereglar og rettsstatsprinsipp. I denne samanhengen viste ho til EØS-midlane som eit verkty for å nå desse måla.

Orda må no følgjast opp med handling

Det er positivt at Regjeringa løftar rettsstatsspørsmål og domstolane opp på agendaen for europapolitikken. Dei fine orda må no følgjast opp med handling.

Aspaker lova overfor Stortinget at Regjeringa vil lytte til Europarådets kompetanse.

Dersom Regjeringa meiner alvor har Venezia-kommisjonen saman med EU blåst i trompeten og gitt marsjordre.

Vi snakkar om ein reell trugsel mot domstolanes effektivitet og sjølvstende i ein av dei største medlemsstatane i EU og som Noreg har nært samarbeid med.

Dette er ei krise som kan få store ringverknader i Europa.

  • EU har ikke kapasitet til å ta imot milliarder av kroner fra Norge

Europaministeren må tøffe seg opp

Vi må kunne forvente at Regjeringa gjer rettsstatsspørsmål til tema i forhandlingane med Polen om EØS-midlar.

Referatet frå Aspakers besøk i Polen i oktober tyder dessverre på at Noreg går stille i dørene.

Her var det andre takter hos hennar forgjengar Vidar Helgesen. I 2014 spente han på seg ringbrynja og fleska til med eit flammande innlegg i Financial Times til forsvar for det liberale europeiske demokratiet, som var og framleis er under press i Ungarn.

Vi må kunne forvente at Regjeringa gjer rettsstatsspørsmål til tema i forhandlingane med Polen om EØS-midlar

Helgesen kritiserte EU for manglande handlekraft overfor den ungarske regjeringas forsøk på å ta kontroll over domstolane og media. Samstundes viste han sjølv veg då Noreg suspenderte utbetalingane av EØS-midlar til Ungarn etter at den ungarske regjeringa hindra tildeling av øyremerka midlar til menneskerettsorganisasjonar.

Har Aspaker mot til å følgje Helgesens eksempel overfor Polen?

Utviklinga i Europa krev at Regjeringa gjer arbeidet for rettsstaten til ein meir synleg og aktiv del av europapolitikken.

Forvitrar rettsstaten, forvitrar også verdifellesskapen for det europeiske samarbeidet som Noreg er så avhengig av for å nå mål på andre område, det vere seg økonomisk politikk, migrasjon eller klima.


Få med deg debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter.

Lese mer? Her er noen forslag:

Hvorfor er Polen så interessert i oss nå?

For å få hjelp må fattige land hjelpe EU med å løse flyktningkrisen

Hvert år sender Norge over to milliarder forskningskroner til Brussel, for så å bruke hundrevis av millioner på å hente deler av beløpet tilbake igjen.

Les mer om

  1. EU
  2. EØS
  3. Europapolitikk