Kronikk

Slik balanserer Høgre varslarvern med rettferd for den det blir varsla mot | John-Ragnar Aarset

  • John-Ragnar Aarset
    generalsekretær, Høyre

Søndag informerte statsminister Erna Solberg og generalsekretær John-Ragnar Aarset om nye varsler om nå avgåtte Unge Høyre-leder Kristian Tonning Riise. Prosessene rundt varslene har vekket kritikk, blant annet fra Aftenpostens politiske redaktør Trine Eilertsen. Foto: Torgeir Strandberg

Vi vil byggje ned og fjerne alle tersklar for å få inn varsel til Høgre. Da må vi stille oss på varslarane si side.

Kronikk
Dette er en kronikk. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Det er tunge dagar i Høgres Hus. Fordi vi veit at vi har svikta. Vi erkjenner at vi ikkje har vore flinke nok til å fange opp element av ukultur både i ungdomspartiet og moderpartiet.

I løpet av to intense veker har vi fått avdekkja at fleire har prøvd å seie frå opp gjennom åra, utan at dette har blitt tatt nok på alvor og fått reaksjon. Det gjer veldig vondt å vite dette. Difor har vi i leiinga i Unge Høgre og Høgre bedt om orsaking til dei som kjenner seg svikta.

Vi står nå midt i ein rydjejobb, og den jobben skal gjerast skikkeleg. Samstundes får vi påstandar mot oss om at vi ikkje gjer denne jobben godt nok.

John-Ragnar Aarset er generalsekretær for Høyre. Foto: Olav Olsen

Det er på sin plass at vi blir følgd med kritisk blikk – og forhåpentleg er det litt klargjerande å fortelje kva vi faktisk gjer. Eg er den fyrste til å vedgå at denne jobben er krevjande, men eg ber innstendig om å bli trudd på at vi ønskjer alle saker på bordet, og at alle saker der nokon har opplevd urett, skal få ein reaksjon.

Klare reglar for varsling

Dersom nokon opplever trakassering i Høgre, vil vi vite om det. Vi har klare reglar for varsling. Dette er eit tema vi har øvd på, prata om og måtte handtere fleire gonger opp gjennom åra. Dersom du har eit varsel, skal du normalt kome med dette til den nærmaste leiaren din. Er varselet alvorleg, skal du kunne gå rett til generalsekretæren.

Vi oppmodar alle til å varsle opent, med namn og konkret historie. Da kan vi som leiarar gå til den det er varsla om, og vere konkrete på kven som har kome med varselet og konkret fortelje kva som har skjedd.

Dernest får vedkomande høve til å gi sin versjon av historia. Vi som partiorganisasjon kan endeleg avgjere at varselet får ein reaksjon for den det er varsla om, og varslaren blir samrådd om dette.

Reaksjonen kan vere alt frå munnleg åtvaring, skriftleg åtvaring, forbod mot å delta på visse arrangement i partiet, at ein må halde seg unna alkohol i sosiale partitilstellingar, eller i aller verste fall bli suspendert for ein periode – eller bli ekskludert.

Fortrulegheit er ein tryggingsventil

I Høgre har vi også opning for at folk skal kunne varsle fortruleg, sjølv om vi oppmodar alle til å stå fram med namn mot det ein varslar mot. Det er dette Aftenposten sin politiske redaktør, Trine Eilertsen, omtaler som at Høgre har ei «hjemmesnekret» varslingsrutine, men som eg meiner er ein totalt avgjerande tryggingsventil for å kunne få alle saker på bordet.

Faksimile Aftenposten, torsdag 25. januar

Vi vil byggje ned, og aller helst fjerne, alle tersklar for å få inn varsel til Høgre. Da må vi stille oss på varslarane si side, og seie at dersom du absolutt ikkje vil at vi skal konfrontere den personen som har fornærma deg med ditt namn, vil vi likevel at du fortel historia di til oss. Vi vil byggje tillit og fortrulegheit med varslarane.

16-18-årige ungdomar syns det er ein lang og tung veg å gå, i det heile tatt å fortelje nokon at dei har hatt ugreie opplevingar med personar som står over dei i alder og posisjon.

Les også

#metoo-bevegelsen blottlegger forhold det er viktig å få kunnskap om – og gjøre noe med. Men den har også problematiske sider

Gir eit brutalt, men meir riktig, bilete

Trine Eilertsen og arbeidslivsekspertar kan ikkje samanlikne det profesjonelle arbeidslivet med det politiske foreiningslivet. Vi er ikkje i same grad omfatta av arbeidslivets lovar og system. I politikken lever vi derimot av tillit. Det er bra, og det kan vere brutalt.

Dersom ein ikkje oppfører seg sømeleg, mistar ein tillit, og ein kan i verste fall gå frå sine verv og posisjonar. Tillit må ein gjere seg fortent til. Tillit er lett å miste og krevjande å vinne.

Eg veit sikkert at vi i Høgre aldri hadde fått inn så mange varsel som vi har i dag, dersom vi ikkje hadde opning for at personar kunne varsle oss fortruleg. Da hadde omfanget av seksuell trakassering sett mindre dramatisk ut, men vi hadde sete med eit feil bilete.

At Høgre har opning for at varslarar kan kome til oss i fortruleg gir eit meir riktig, men også meir brutalt bilete. Og det gir oss høve til å hjelpe varslaren.

Vi vedgår at dette gir oss utfordringar. Handtering av varslingssaker og seksuell trakassering er ikkje enkelt. Det blir meir krevjande å konfrontere ein person som har eit varsel mot seg, dersom vi ikkje kan vere opne om kven som har varsla og alle detaljar rundt kva det er varsla om. Difor er vi i dialog med varslarane om kor mykje vedkomande er bekvem med at vi utfordrar den det er varsla om med.

Les også

Unge Høyre-topp visste om seksuell omgang mellom Riise og beruset 16-åring, men fulgte ikke opp da han ble generalsekretær

Den det blir varsla om, blir konfrontert

Varslaren er innforstått med at det blir vanskelegare å rette ein kraftig reaksjon, dersom den det blir varsla om får avgrensa informasjon om innhaldet i varselet, og det kan bli vanskelegare å gi sitt svar på situasjonen.

Like fullt – den det blir varsla om, blir konfrontert. Og varslaren oppnår det ein som oftast ynskjer, nemleg å få sagt ifrå slik at den det blir varsla om blir konfrontert med dårleg oppførsel og at det kan førebyggjast at det skjer i framtida. Kontradiksjon på varslaren sine premiss, er eit juridisk nemning på praksisen vår.

Vi opplever også at personar kjem til oss i fortrulegheit og fortel om sine opplevingar opnar seg meir etter kvart. Vi kan gi hjelp med psykolog og kanskje ein jurist som kan vurdere om det kan ha skjedd noko straffbart. Gjennom denne prosessen hender det at varslaren kan ta mot til seg å stå fram ope og konfrontere den personen som har oppført seg dårleg. Dette hadde vi ikkje fått til dersom vi ikkje hadde opning for fortruleg varsling.

Endeleg kan det også skje at politiet tek kontakt med Høgre og ønskjer informasjon om saker vi sit på. Da er vi nøydd til å samarbeide med politiet og levere den informasjonen vi sit på. Det finst ingen alternativ, sjølv om varslarar kan oppleve det som krevjande.

Les også

Solberg mener at Riise-varselet fra 2014 er alvorlig nok til å kunne politianmeldes

Rettsvern for Kristian Tonning Riise

Vi blir også utfordra på kva rettsvern vi praktiserer for Kristian Tonning Riise. Riise valte å gå av som leiar i Unge Høgre på bakgrunn av at han generelt var utfordra på alkoholbruk, offensiv sjekking og mange relasjonar til yngre jenter.

Det var først etter han gjekk av som leiar i Unge Høgre, at dei konkrete varslarsakene om seksuell trakassering kom inn til partiet. Vi legg i utgangspunktet ikkje opp til ei særskilt handsaming av kvar enkelt varslarsak, sidan han allereie har gått av som Unge Høgre-leiar.

Der varslaren gir oss høve til å gi Riise innsyn, vil han sjølvsagt få det. Han vil da få ei orientering om dei sakene som har kome mot han på eit slikt nivå at vi tek vare på den tilliten varslarane har vist oss. Så vil Riise få høve til å kome med si historie og sine bodskap til partiet, knytt til den situasjonen han er kome i. Kor, når og i kva form dette vil skje, må vi kome tilbake til.

Les også

Sykmeldt Kristian Tonning Riise: «Jeg er veldig, veldig lei meg for den smerte jeg har påført andre»

Når det gjeld framtida hans i partiet, vil denne bli drøfta med fylkeslaget hans, Hedmark Høgre. No er Riise sjukmeldt, og vi forsikrar oss om at han alltid har gode vener rundt seg og eventuell helsehjelp innan rekkevidd. For vi har eit ansvar for eit menneske som er i ein veldig vanskeleg situasjon.

Det er slik vi jobbar i Høgre. Det er slik vi balanserer vern om varslarane med ei rettvis handsaming av dei det blir retta varsel mot.

Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter.

Les mer om

  1. Unge Høyre-saken
  2. Seksuell trakassering
  3. Kristian Tonning Riise
  4. Varsling
  5. Unge Høyre
  6. Høyre (H)