Dei gløymde motstandsheltane i skulen
I år er det 80 år sidan læraraksjonen, der tusenvis av lærarar sette ein stoppar for nazifiseringa av norsk skule.
Norske motstandsmenn har fått mykje merksemd for innsatsen dei la ned i kampen mot den nazistiske okkupasjonen. Det same kan ikkje seiast om lærarane som deltok i den ikkje-valdelege motstandskampen.
I år er det 80 år sidan læraraksjonen, der tusenvis av lærarar kjempa mot okkupasjonsmaktas forsøk på å nazifisere den norske skulen. Trass i trugslar, vald, fangenskap og deportasjon nekta lærarane å spele ei rolle i innføringa av nazistisk ideologi.
Dette er ei hending som i stor grad er ukjend for mange, men som er ein viktig del av forteljinga om Noreg.
Nasjonens framtid
5. februar 1942 vart det vedteke ei lov som slo fast at alle lærarar måtte vere medlem av det NS-kontrollerte Norges Lærersamband. Samstundes kom det ei lov om at all norsk ungdom skulle meldast inn i Nasjonal Samlings ungdomsfylking (NSUF), ein parallell til Hitlerjugend i Tyskland.
I kampen for å innlemme Noreg i den nye pangermanske verdsordninga skulle den oppveksande generasjonen møte eit nazistisk verdssyn både i skulen og på fritida. Difor var det avgjerande å få lærarane involvert.
Denne sigeren for sivilsamfunnet er ei historie som knapt vert formidla.
I boka «Kampen om skolen» skildrar historikar Nicola Karcher dette som ein kamp om heile nasjonens framtid: Den som kontrollerte skulen, kontrollerte landet.
Alt i 1941 vart difor leiarskapet i dei ulike lærarorganisasjonane bytta ut med NS-folk. Mange lærarar hadde allereie då vald å protestere.
Mellom anna melde 90 prosent av medlemmene i Norsk Lærerinneforbund seg ut. Det vart også oppretta lærarforeiningar som heldt fram med motstandsarbeid i det skjulte, mange i den hemmelege organisasjonen Skolefronten.
Støtte frå kyrkje og foreldre
Med innføringa av den nye lova vart alle lærarar stilte overfor valet mellom å verte innlemma i NSUF eller å verte straffa av NS.
Trass i at det var mykje som stod på spel, sende tusenvis av lærarar over heile Noreg eit brev til Quislings kyrkje- og undervisingsdepartement 20. februar 1942. Breva som lærarane sende, hadde likelydande innhald og fortalde at lærarane nekta å føye seg etter den nye lova.
Dette vart startskotet for ein dramatisk aksjon som er kjend som ein av verdas mest vellukka ikkje-valdelege motstandsaksjonar. Dei norske lærarane sin ikkje-valdelege motstandskamp har internasjonalt danna skule for sivilsamfunn sin motstand mot valdsmakt og undertrykking, mellom anna under den arabiske våren.
Lærarane fekk støtte i samfunnet, spesielt frå kyrkja, der biskopane la ned sine embete, og frå eit foreldreopprør, først og fremst drive fram av mødrene, som sende meir enn 200.000 protestbrev til Quisling-regimet.
1100 i fengsel
Regimet skjøna at dei no hadde byrja ein kamp dei såg ut til å tape. For å vinne tid annonserte regimet ein månad «brenselferie» i skulane under påskot av at det var mangel på ved. Dei stogga også løna til lærarane.
Rikskommissær Josef Terboven gav til slutt ordre om fengsling av 1100 norske lærarar. Desse vart internert i konsentrasjonsleirar, mellom anna Falstad, Grini og Jørstadmoen.
647 av lærarane vart sende til tvangsarbeid i Kirkenes, innkvartert på ein revefarm. Her levde dei under tøffe tilhøve i åtte månader. Trass dette nekta dei aller fleste av lærarane å melde seg inn i lærarsambandet.
Historia om læraraksjonen er historia om eit særs effektivt opprør mot okkupasjonsmakta, og den påførte okkupasjonsmakta eit stort nederlag.
Knapt formidla
Resultatet var at dei fleste krava som vart stilte til lærarane, vart trekte tilbake. Skulane kunne på nytt opna, utan at lærarane var bundne til NS-ideologien.
Denne sigeren for sivilsamfunnet er ei historie som knapt vert formidla. Til dømes vert det knapt nemnd i nokre av læreverka som har kome ut i samband med den nye læreplanen.
Demokratiet krev aktiv røkt frå medborgarane. I strid mot indoktrinering og press frå mektige interesser har lærarar ofte vore førande.
Det er naudsynt å setje demokrati på dagsorden, men ikkje tilstrekkeleg. Ein treng også open og kritisk gransking av korleis makta ter seg.
Historia har vist oss at lærarrolla er eit viktig forsvarsverk for demokratiet, og det er det på tide å anerkjenne.