Ein verdig nobelprisvinnar i litteratur | Jakob Lothe
Når Kazuo Ishiguro i dag mottar Nobelprisen i litteratur, er det for ein forfattarskap med stor lesarappell gjennom kombinasjonen av fem stikkord: Nagasaki, perspektiv, verdighet, solidaritet og kommunikasjon.
Nagasaki
Då Ishiguro blei fødd i Nagasaki i 1954, var det mindre enn ti år sidan byen 9. august 1945 blei ramma av den andre, og førebels siste, atombomba brukt mot menneske i krig. Tre generasjonar budde tett saman i familien, som blei sterkt prega av krigen som Japan tapte. Krigen kom også til å prege Ishiguro, om enn meir indirekte enn foreldra og besteforeldra.
På ein original måte aktiverer og bearbeider han opplevingar og minne frå barndommen i Japan i dei litterære forteljingane han skriv. Familiens krigsminne dannar eit melankolsk bakteppe for romanane.
«For meg», seier han i eit intervju i 1995, «har skriveprosessen aldri dreia seg om sinne eller vald, (men snarare) om anger og melankoli».
Perspektiv
Då Ishiguro var åtte år, flytte familien frå Nagasaki til Storbritannia. Foreldra trudde dei kanskje skulle tilbake til Japan, og Ishiguro vaks opp i ein familie som snakka japansk i ein engelsk språkkontekst. Dette pregar bøkene han seinare skulle kome til å skrive.
Ishiguro er ein britisk forfattar, men perspektivet i bøkene hans blir utvida gjennom foreldras japanske perspektiv.
Det blir også nyansert gjennom inntrykk frå langvarige reiser, særleg i USA og Kanada, og gjennom sosialt arbeid blant fattige i Glasgow og London.
Endeleg er Ishiguros perspektiv – blikket på livet og måten han litterært framstiller verda på – påverka av impulsar frå forfattarane Angela Carter og Malcolm Bradbury då han studerte «creative writing» ved University of East Anglia.
I debutromanen A Pale View of Hills (Skumring over landskapet) frå 1982 er perspektivet sterkt prega av japansk historie og japanske verdiar. Hovudpersonen Etsuko, som bur i England, fortel om tida ho var i Nagasaki etter bombinga i 1945. Forteljinga til Etsuko tar form av ei minnehandling:
Ved å fortelje kjem minna tilbake, men det er vanskelege minne som ikkje nødvendigvis er heilt pålitelege.
I den neste romanen, An Artist of the Floating World (Kunstner i den flytende verden) frå 1986, dannar Japans kapitulasjon i andre verdskrigen ein meir uklar bakgrunn for forteljinga. Her òg undersøkjer Ishiguro spørsmål om kor påliteleg eller upåliteleg ei forteljing er eller kan vere.
Verdighet
Ishiguro koplar den litterære framstillinga av ulike perspektiv til undersøking av menneskets behov for verdighet. Mest suverent gjer han dette i hovudverket The Remains of the Day (Resten av dagen) frå 1989.
Forteljaren i The Remains of the Day er hovudpersonen Stevens, ein aldrande butler på eit engelsk gods som har vore i lord Darlingtons eige. Då romanen opnar i 1956, startar Stevens ein biltur vestover frå godset i Oxfordshire. Ettersom forteljinga hans orienterer seg bakover i tid, viser det seg at lord Darlingtons aktivitetar i mellomkrigstida inkluderte utstrakt kontakt med Nazi-Tyskland. Stevens knyter sin identitet og sin verdighet til det å tene Darlington, men lordens tvilsame aktivitetar gjer denne støtten meir problematisk enn Stevens likar å vedgå.
Korleis reagerer vi og kva gjer vi når dei vi trur på sviktar moralsk?
Ein undertone av resignasjon og melankoli pregar romanen. Det gjeld også Stevens’ framstilling av forholdet sitt til Miss Kenton, som er assisterande butler på godset og som var glad i han og kanskje kunne ha gitt han eit heilt anna liv enn det han tenkjer tilbake på og fortel om.

Solidaritet
Eit viktig element i Ishiguros tematikk slik den nyansert framstår gjennom litteraturen han skaper, er solidaritet – og særleg solidaritet med den svake, med outsideren.
Den europeiske forfattaren han gjennom dette særtrekket minner sterkast om er kanskje Franz Kafka, men solidaritet med den eller dei svake er også eit viktig kjenneteikn ved britisk romankunst frå Jane Austen tidleg på 1800-talet og framover.
For Ishiguro inneber solidaritet respekt, ansvar og medansvar. Det er inga skarp grense mellom helt og skurk i Ishiguros fiktive univers. Stiller vi oss kritiske til eit karaktertrekk ved romanpersonane hans, kan vi i neste omgang bli tvungne til å innsjå at det er eit karaktertrekk vi som lesarar har del i.
Dette særtrekket gjeld alle romanane, inkludert Never Let Me Go (Gå aldri fra meg) frå 2005. I denne dystopiske framtidsromanen tar forteljaren, ei skulejente, lesaren med til ein internatskule ute på landet i England. Først verkar alt normalt, men gradvis forstår vi at desse barna ikkje er normale, men derimot ein slags klonar som seinare som «vaksne» endar opp som donorar av organ til levande menneske. Det mest skremande i systemet er personane som har skapt klonane vi kjenner solidaritet med, og som tatt frå dei eit normalt liv.
Sidan romanen ikkje er ein svart/kvitt dystopi med eindimensjonale «skurkar», blir systemet og maktapparet bak kloninga både vanskelegare å identifisere og meir krevjande å distansere seg frå. Slik stiller Ishiguro utfordrande etiske spørsmål til lesaren.
Kommunikajon
Bøkene som Ishiguro skriv viser korleis varierande perspektiv og ulike verdiar eksisterer ved sida av kvarandre, korleis dei kan kome i konflikt med kvarandre og korleis dei kan vanskeleggjere menneskeleg kommunikasjon.
Slik viser han også kor avgjerande denne skjøre kommunikasjonen er.
Sidan desse spørsmåla er presserande i Europa i dag, er Ishiguros bøker i høgste grad relevante. Trass i trekk av resignasjon viser dei også glimt av håp. Det gjeld ikkje berre romanane, men også den fine novellesamlinga Nocturnes (Nokturner) frå 2009.
På éi og same tid er Ishiguro både ein britisk og ein internasjonal forfattar. Og ein verdig mottakar av Nobelprisen.