Kronikk

Kronikk: Det nye Lort-Sverige | Hilde Sandvik

  • Hilde Sandvik, sjefredaktør og grunnlegger av Broen.xyz

Medan svenske partileiarar no kjempar om å vere dei fremste til å snakke om svenske verdiar igjen, har ekstremhøgre igjen tatt til gatene, skriv Hilde Sandvik. På biletet demonstrerar Nordiska motståndsrörelsen. Jessica Gow/TT/Kristian Ridder-Nielsen

Når stemninga snur i Sverige, er det som ein magnet som sug jernstøv til seg.

Kronikk
Dette er en kronikk. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Ein aprilmorgon i 1938, nøyaktig ti år etter Per Albin Hanssons folkhemstale, sette den karismatiske radioreporteren Lubbe Nordström seg inn i Volvoen sin i Stockholm. Den neste halvannan månaden skulle han dokumentere Sveriges skitne sider, men ikkje berre dét. Saman med sjåføren Hedin ville han finne ut om det fins eit samband mellom den medisinske og den andelege tilstanden i menneske.

Som han seinare skreiv: «Sverige är i våra dagar ett problem, som måste lösas i ett sammanhang. Och problemets innebörd? Lort-Sveriges avskaffande.»

Radioreporteren Lubbe Nordström ville i 1938 dokumentere Sveriges skitne sider.

Då dei 11. juni vender tilbake til Stockholm, har dei besøkt 74 stader og intervjua 300 svenskar. Det aller skitnaste finn Lubbe Nordström i Skåne. Det er i Sør-Sverige, setet for dagens høgreekstreme miljø, at stanken slår radioreportaren i nasen.

I forordet til boka skriv han: «Vi ha inte råd att ha så mycket lort i det nationella maskineriet.»

På toppen av folkhemmet

Over sytti år seinare: Året er 2014: Eg er på veg opp i ein stor Stockholmsleilighet på Södermalm, eit loft der vegger er rivne ned og lyset og luft kan strøyme gjennom.

På ringeklokka nede står det «Bergmann och Lagercrantz». Eg har gått opp den breie trappeoppgangen og endeleg klive inn heilt på toppen av det svenske folkhemmet. Då døra er opna for meg, ser eg at her finst knapt vegger.

David Lagercrantz er den mestselgjande svenske forfattaren nokon sinne og son av Olof Lagercrantz. Fredrik Sandberg/TT / TT NYHETSBYRÅN

På det som er av vegg, er det Josef Frank-tapet frå den austerrikske arkitekten som rømte frå nazismen som femtiåring og blei ein av skaparane av «svensk modernisme». Mannen som opponerte mot Le Corbusiers syn på heimen som ein modernistisk bumaskin, som ville inkludere naturens former og fargar i det nye Sverige.

Tapetane bar namn som «Vårklocka», «Paradiset» og «Eldblomma», skapt i det nøytrale Sverige medan resten av Europa var i krig; oversprøyta av blomar og blad. Ikkje i innordna rekker, men i ei tilsynelatande organisk gjentaking av krysantemum, tulipanar, løvetann; hageblomar og ugras side om side, greiner der alle slags fuglar kan slå seg ned.

Vi er alle like. Eller: Her, i den svenske folkeheimen, er vi alle like.
Før ho tapte valet i 2010 sa Mona Sahlin (S) at ho ville male folkhemmet i regnbogefargar.

Ein rull med Josef Frank-tapet kunne ha gjort like stor nytte. Han som meinte sterke fargar og kraftfulle mønster kunne fortrengje opplevinga av å vere innestengt.

Sjølv om ein går inn i sin eigen heim og lukkar døra etter seg, vil ein kjenne seg fri i denne blomehagen. Sjølv midtvinters, når det skandinaviske lyset er sløkt og erstatta av ei grå dimme, vil blomane sprute mot deg og minne deg om at du bur midt i verdas paradis: Sverige.

Språkleg reinhaldsarbeid

I dette opne loftsrommet i middelklassens Söder, med Frank-tapeter og hylle etter hylle med bøker, sit denne dagen den mestselgjande svenske forfattaren nokon sinne, David Lagercrantz, og snakkar om ei slags redsle.
«Det finst ei redsle i Sverige no for kva ein kan seie», seier han, og legg til at han blir nær paranoid av å snakke om det: «Det er eit hysterisk klima som gjer at debattan ikkje er fri. Det fins eit hat i samfunnet som skaper sjølvsensur.»

I følge Karl Ove Knausgård er det på Söder at dei som ryddar i det svenske språket bur. Tor Stenersen

Har han kanskje lese kva forfattar Karl Ove Knausgård skriv om språkleg reinhaldsarbeid? I følge Knausgård er det her, på Söder, at dei som ryddar i det svenske språket bur «med raua full av privilegier». Dei som meiner Thorbjørn Egners «Kardemommeby» ikkje kan setjast opp fordi innhaldet er kvinneundertrykkande, som ville fjerne logoen frå Fazers rissjokolade fordi den kunne krenke asiatar, som ville kutte bort negerkongen i Pippi.

Ignorans og tystnad er det når ein ser menneske som lort ein kan moralisere over.

Det er likevel ikkje Knausgård som har fått meg til å reise til Söder. Det språklege reinhaldsarbeidet han skildrar, skraper berre overflata av bydelen. For her er rydda på meir fundamentalt vis.

Södermalm er Stockholms svar på norske Grünerløkka eller Københavns Nørrebro. Og likevel så annleis. Medan København og Oslo er utvikla flekkvis – er Stockholm gjennomgåande renovert. Også her var fattigfolkets bustad; arbeidsfolket som slåst for berre litt meir i hyre. Her budde drukkenboltar og daglønsproletariat.

Oppreinskinga i Stockholm

Men i det som ein gong var ein av verdas mest overbefolka hovudstadar, skulle det bli reinska opp på eit vis som saknar sitt like, ikkje berre i Norden, men i heile Europa. I fleire store sveip frå slutten av 1800-talet vart heile Stockholms indre by kasta om på. Gateløp vart sanert, bygg rivne, nye sett opp.

Like etter andre verdskrig, medan Europa skulle reise seg igjen, gjekk byplanleggjarane i Stockholm i gang igjen – denne gongen i Lubbe Nordströms ånd. Resten av lortet skulle bort. Internasjonale stjerner som Le Corbusier vart forkasta, eigne krefter fekk styre den storstilte ommøbleringa av byen under namnet «Norrmalmregleringen» - eller «citysaneringen». Rivinga byrja i mars 1952.

I løpet av dei neste tiåra vart 700 hus rivne berre i det gamle Klarakvartalet. Ikkje nokon by i Europa gjekk gjennom ei så gjennomgripande endring etter andre verdskrig som hovudstaden i det nøytrale Sverige.

Ein skulle gi plass til det moderne Stockholm city. Tunnelbanen vart bygd ut og nye bydelar, millionprosjekta bygd opp frå grunnen – der først arbeidarar, så innvandrarar fekk bu. Stockholm indre by var blitt heilt rein – og med tida: nær krittkvit.

Redsla for å meine feil

Midt i dette Söder, øvst oppe i modernitetens fyrtårn, sit David Lagercrantz denne dagen i 2014 og snakkar om reingjering og redsle. For kva? For å meine feil, bli tilsmussa. For der Lubbe Nordströms prosjekt handla om sanitærforhold, har lortet i 2014 byrja å handla om menneske.

Sjølv hadde Lagercrantz nyleg kome ut for desse reinhaldsarbeidarane etter eit møte i reklamebransjen. Han hadde kalla staden Zlatan Ibrahimovic vaks opp, for ghetto. Folk hadde reist seg i sinne og gått.

Eg var på ei av mine mange reiser mellom Noreg, Sverige - og Danmark. Planen var ei bok om dei ulike debattkulturane i Norden. Særleg var eg fascinert over kor langt Sverige historisk har gått i sosial ingeniørkunst - i hangen til det eg opplevde som utrenskning, stoffleg, ordmessig, sjeleleg.

Våren 2014 skreiv eg ein artikkel i danske Politiken – «Something is rotten in the state of Sweden». Eg skreiv at svenskane burde vere bekymra over dei fortielsane som prega debattkulturen. Eg siterte blant anna kulturredaktøren i Aftonbladet, Åsa Linderborg, som hadde skrive at ein burde børste støv av gamle lover for å kunne slå hardt ned på trusselen frå høgreekstremismen. Eg la til «Det er prøvd før utan det store hell».

Kor langt gjekk smitten?

Eg hadde møtt menneske som var urolige over utviklinga i Sverige, men som følte seg misforstått og sett i ledtog med høgreekstremistar og Sverigedemokraterna (SD).

Men kor langt gjekk smitten? Heilt opp i Lagercrantz sin leilighet på Söder?
Kva ville din far Olof ha sagt om klimaet i samtida? Spurte eg. David Lagercrantz sat stille ei stund, drog ut ei bok av hylla – «Ett år på sekstiotalet», slo opp på ei side – og las:
« När jag betraktar mig själv över de tjugo årens klyfta, ter jag mig ofta löjlig. Vad är det för en underlig framåtlutad och sammanbiten vandring den där mannen mellan femtio och sextio år, som bär mitt namn, företar? Jo, nu minns jag! Det blåste så förbannat. Men vinden syns inte.»

Numera syns vinden, kan ein seie. For så kom valet i Sverige med påfølgande regjeringsskifte. Så kom flyktningkrisa og frontane hardna. Eg la bokskrivinga på hylla for ei stund. Det var som om toget reiste for raskt. Når stemninga snur i Sverige, er det som ein magnet som suger jernstøv til seg.

Medan svenske partileiarar no kjempar om å vere dei fremste til å snakke om svenske verdiar igjen, har ekstremhøgre igjen tatt til gatene – i ei rekkje former. Raseideologiske organisasjonar som Nordisk ungdom, Nordiska motståndsrörelsen, Motpol og Motgift arrangerer møte, lager podkastar, foreles og skaper ei rekkje nye alternativmedier.

Når David Lagercrantz no ser seg rundt ser han ei anna fare enn for to år sidan. Han ser populismen frå ekstremhøgre bli stadig sterkare, og hatet derfrå bli meir og meir organiserit. Folk trugar ikkje berre på nettet, seier han: «No dukker dei også opp på paneldebattar og i offentleg samtale og skaper redsle». Kløftene aukar.

Sverige går lengst - som alltid

Og nei, det er ikkje Sverige eg har skrive om i denne artikkelen, men om eit Norden i endring – der Sverige som alltid går lengst. I retorikk og i realitet. Difor ser alltid småsøskena Danmark og Noreg med skrekkblanda fryd mot Sverige. Og det er også mot Sverige ein kan sjå no når stemningane snur.

Tilbake i 1938 har Lubbe Nordstrøm lagt frå seg mikrofonen. Han skriv om redselen for å gå virkeligheten inn på livet: «Segrar denna mentalitet, då brister grunden under denna demokrati, och då stå vi, såsom vissa andra länder fått pröva före oss, inför kaos.»

Er vi der no igjen: inför kaos?
Vi ser at verda rundt oss er i ferd med å bli mørk, våt, kald og uregjerlig – slik den er i «Stallo», Stefan Spjuts overtydande roman om trolla innom oss som framleis finst.

Men vi har enno tid. Det viser snuoperasjonen til kulturredaktør Åsa Linderborg, som har gjort noko av det modigaste ein kan gjere som politisk kommentator – skifte meining.

I artikkelen «Sluta ducka for SD», skriv ho «Petter Larsson menar att vi visst har försökt ta debatten om SD:s idéer, men att det visat sig vara meningslöst. Därför ska de fortsättningsvis bemötas med ignorans och tystnad. Det är en hållning som jag själv har delat, men som jag med facit i hand finner totalt misslyckad.»

Kulturredaktør Åsa Linderborg i Aftonbladet skifta meining om korleis Sverigedemokraterna bør møtast. Terje Bendiksby / SCANPIX

Ignorans og tystnad

Ho held fram: «Antirasister måste sätta sig in i det som de flesta av SD:s väljare grubblar över: jobb, bostad, socialförsäkringar, ungarnas framtidsutsikter, pensioner».

Ho høyres ut som eit ekko av ein forbausa Nordström på veg ut av Stockholm i 1938.

«Människo-Sverige med dess hem, där alla de arbetande människorna sovo, åto, sjöngo, grälade, gjorde och födde barn, dogo, gräto, begravde, döpte, förlovade och gifte sig, kort sagt där de voro människor och ingenting annat, de krafter, av vilka Sveriges framtid skulle formas. Hur såg allt detta ut?»

Ignorans og tystnad er det når ein ser menneske som lort ein kan moralisere over. I staden kan ein, som ein Lubbe Nordström, velgje å gå røyndommen tett på livet. Men på vegen bakover i historia kan ein ta med seg ei anna erfaring: I spora etter Nordström og hans generasjon vaks miljonprosjekta fram som sidan fødde ghettoar. I iveren etter å rydde og reinske ut, språkleg eller fysisk, vil store feilgrep skje.

Hilde Sandviks essay ble publisert i Dagens Nyheter 24.10.16


Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter.


Her kan du lese mer om svensk innvandringsdebatt og høyreekstremisme:

Les mer om

  1. Sverige
  2. Demokrati
  3. Innvandring
  4. Høyreekstremisme

Relevante artikler

  1. KRONIKK

    Derfor slår vi Sverige langt ned i skistøvlene

  2. KRONIKK

    Sp har strengere innvandringspolitikk enn Frp | Torstein Ulserød

  3. KRONIKK

    Stoltenbergs fraksjonering mot Jagland må granskes

  4. KRONIKK

    Punktum for etter(kald)krigstida blei effektivt sett den 9.11.2016 | Bård Vegar Solhjell

  5. KRONIKK

    «Det liberale demokratiet er ikke lenger en selvfølge»

  6. KRONIKK

    Hva skjer når 16-åringer får lov til å stemme? Dette fant forskerne