Kronikk

Eg vil ha ein kulturminister som også er ytringsfridomsminister | Bård Vegar Solhjell

  • Bård Vegar Solhjell

Bodskapen min er ikkje å stille spørsmål ved behovet for pengar i kultursektoren, men å oppgradere dei ideologiske vegvala og innhaldsdebattane til å vere viktigast – å presentere verdisyn og politiske retningsval, skriv Bård Vegar Solhjell. Her kulturminister Thorhild Widvey (H) som lanserar Regjeringas bibliotekstrategi i Drammen bibliotek. Foto: Vidar Ruud,NTB scanpix

God kulturpolitikk må bygge på eit verdisyn og ein visjon om kulturens funksjon, skriv Bård Vegar Solhjell.

Kronikk
Dette er en kronikk. Meninger i teksten står for skribentens regning.

«Kulturdebatten drukner i diskusjoner om litt mer eller litt mindre penger til det ene eller det andre. Vi trenger nye ideer, ikke bare flere penger», var eg sitert på i eit intervju med Aftenposten 14. oktober.

Intervjuet har skapt ein del debatt, både i Aftenposten og andre stader.

Det var ikkje eit angrep på nokon, men ein observasjon eg har gjort meg. Lat meg utdjupe, og forsøke å peike vidare.

Eg har lenge vore kritisk til den nye regjeringa sin kongstanke, den såkalla fridomsreforma.

_O9A0904 copy.jpg Foto: Signe Dons

Den byggjer på føresetnaden om at for stor offentleg støtte til kultursektoren kan vere eit problem for kvaliteten, og har som viktigaste idé å mobilisere privat kapital i staden for sterk vekst i det offentlege. Men private kroner er ikkje friare enn offentlege kroner. Og kvalitet kostar – i kulturen, som alle andre stader.

Politiske idear må vera drivkrafta

Vi bør heller ikkje sette vekst i budsjettet som viktigaste suksessfaktor for ein vellukka kulturpolitikk. Meir pengar fører ikkje automatisk til betre kvalitet. Dei må brukast godt, og det må difor vere viktige politiske idear som driv økonomiske løft – ikkje motsett.

Det raudgrøne kulturløftet var eit døme på det: Eit 15 punkts program, som så vart finansiert. Det var også eit sårt tiltrengt økonomisk løft, som styrka viktige delar av kulturlivet og tok kultur nærare den politiske elitedivisjonen.

Meir pengar fører ikkje automatisk til betre kvalitet

At store og små institusjonar fekk kompensert for løns— og prisvekst etter mange år med nedskjering, fekk også positive kunstnarlege konsekvensar.

Men: Eg synest kulturpolitisk debatt, meir enn andre felt, er dominert av diskusjonar om løyvingar framfor ulike verdiar og mål.

I norsk skuledebatt eksisterer det heilt ulike syn på kva ein god skule er, i den aktuelle debatten om bilfri by i Oslo er ein usamde om både mål og verkemiddel – og ingen har så mykje som laga eit reknestykke.

Fritt Ord-direktør Knut Olav Åmås mener kulturtilbud i større grad bør finansieres gjennom stiftelser og fond, samt høyere billettinntekter

Les også

- Billettprisene til kulturtilbud bør økes

Eg tippar mange menneske vil ha vanskeleg for å peike på andre skilnadar i kulturpolitikken mellom venstre— og høgresida enn pengebruk.

Politikken blir betre om ulike løysingar må bryne seg på kvarandre, i staden for at vi berre løyver meir og finansierer fleire tiltak.

Kulturpolitikken har mange viktige konfliktaksar som ikkje kjem fram, og ikkje blir diskutert nok. Det gjer at kultur får mindre merksemd, og det gjer kulturpolitikken mindre interessant enn den kunne vere.

Kultur er i kjernen av kva som betyr noko i livet

Samstundes blir det lett kunstig å skilje klårt mellom idear og pengar, det heng jo saman.

Viktige idear krev som oftast ressursar, og pengar vert då eit verkemiddel for å oppnå noko. Det er då også grunnen til at SV vil plusse på kulturbudsjettet på ei rekke postar når vi presenterer vårt alternativ.

Bodskapen min er difor ikkje å stille spørsmål ved behovet for pengar i kultursektoren, men å oppgradere dei ideologiske vegvala og innhaldsdebattane til å vere viktigast – å presentere verdisyn og politiske retningsval.

Harald Stanghelle kommenterer:

Les også

SJOKKMELDING: Thorhild Widvey får ros og medhold

Mitt verdisyn er at kultur er i kjernen av kva som betyr noko i livet. Det er – som familie og arbeid – det som gjev livet innhald. Som utdanning og helse, det som er naudsynt for å fungere.

Kultur er ikkje noko ekstra, på toppen av det økonomiske fundamentet, det er del av det som skapar meining i den enkeltes liv

Kultur er ikkje noko ekstra, på toppen av det økonomiske fundamentet, det er del av det som skapar meining i den enkeltes liv, og del av det som held eit samfunn saman – og som provoserer og utviklar det.

Vi må ikkje forstå kultur som ein sektor, men som eit av fleire fundament for kva slags samfunn vi bygger opp.

Slik kunnskapssamfunnet ikkje er isolert til utdanningssektoren, eller økologisk bærekraft er isolert til miljøpolitikken.

Berast fram av offentleg ansvar

Det følgjer av det, at kultur er for viktig til å overlate til marknaden. Som helse og utdanning, må kultur berast fram av offentleg ansvar og politisk styring. Politisk styring betyr ikkje innblanding i det kunstnariske innhaldet, som Agnete Haaland heilt riktig åtvarar mot, men klåre politiske mål:

At kulturtilbod skal nå ut til mange, at mangfaldet bør vere stort, at vi vil dyrke fram kvalitet. Politisk styring betyr også vilje til å ta i bruk verkemiddel for å nå måla, ikkje berre å satse på at dei når seg sjølv.

Les også

Det er et farlig landskap Solhjell og Widvey begir seg ut på, mener Agnete G. Haaland

Av det verdisynet følgjer også motstand mot eit instrumentelt kultursyn. Like lite som kultur kan overlatast til marknaden, kan kultur bli eit middel for andre omsyn.

Det er ikkje betre skule og god alderdom som skal styre kulturpolitikken, men innsikta i at kultur i seg sjølv er viktig for dei fleste menneske – og at kunst og kultur har eigeverdi som eit mangfald av uttrykk i samfunnet vårt.

Er kultur så sentralt, må grunnmuren vere avgjerande.

Det er breidda og barnekulturen som legg grunnlaget for at kultur kan vere viktig i det daglege, og for å få fram dei særlege talenta.

Den kulturelle grunnmuren, biblioteka og kulturskulen, er kome for dårleg frå det siste tiårets kulturpolitikk.

Løysinga er sterkare vilje til å bruke nye og sterkare statlege verkemiddel – øyremerking og nasjonale standarar – og eit løft for dei praktisk-estetiske faga i skulen.

Regjeringas satsing på eit elitetilbod er ei uforståeleg prioritering i lys av manglande satsing på breidda.

Regjeringas satsing på eit elitetilbod er ei uforståeleg prioritering i lys av manglande satsing på breidda

Er kultur så sentralt, er også profesjonalisering viktig. Å vere kunstnar er eit yrke, ikkje eit kall. Det er langt att før profesjonelle kunstnarar har den tryggleiken dei fleste andre yrkesgrupper i Noreg har i sin kvardag.

Dette er ikkje minst viktig i møte med digitaliseringa.

«Kva er telefonkatalogen pappa?» spurde sonen min her om dagen. «Kva er ein CD, eller ei papiravis» vil nok barna hans spørje.

Vår oppgåve er ikkje å la papiravisa eller CD-plata leve, men å la journalistikk, film, litteratur og musikk leve.

Ny teknologi gjer den lettare tilgjengeleg, politiske grep må sørgje for at skaparar og utøvarar får betalt, og at kompetansen i forlag, mediehus og selskap kan vidareutviklast.

Kultur er ytringar — av og til provoserande

Kulturpolitikken er essensiell for demokratiet. Kultur er ytringar – ofte viktige, av og til provoserande. Grunnlovens paragraf 100 pålegg oss å legge til rette for ein «aaben og oplyst offentlig Samtale». I kulturpolitikken handlar dette om å akseptere – og støtte – uttrykk vi ikkje likar eller forstår.

Eg ønskjer meg ein kulturminister som klårare står fram som ein ytringsfridomsminister.

Som utvidar mediemangfald, tek grep for å beskytte truga stemmar og fremmar ein kultur for uredde ytringar i kultur- og samfunnsdebatt.

Eit økonomisk løft er naudsynt for å få til viktige satsingar, men bør ikkje vere overbygning og berande idé

God kulturpolitikk må bygge på eit verdisyn, ein visjon om kulturens funksjon og på løysingar på dei utfordringane samfunnsendringar stiller kulturfeltet overfor.

Eit økonomisk løft er naudsynt for å få til viktige satsingar, men bør ikkje vere overbygning og berande idé.

Twitter: @bardvegar

Få med deg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter

I TV-programmet «Kultur» snakker Aftenpostens panel om plateaktuelle artister, nye TV-serier og aktuelle hendelser i kulturlivet. Stjernekamp på NRK mot Skal vi danse på TV2, Hillary Clinton og innholdsmarkedsføring var tema i denne ukens episode.

Les også

  1. Svært få kommuner prioriterer kultur

  2. Å frigjøre kunsten | Per Boye Hansen

  3. Vil ha flere filminnspillinger til Oslo

Les mer om

  1. Kronikk
  2. Bård Vegar Solhjell
  3. Kulturpolitikk
  4. Kultur