Halve USA kan forby abort

  • Sigrid Rege Gårdsvoll
Abortforkjempere protesterer utenfor Høyesterett i Washington D.C. etter at en lekkasje viser at USAs øverste domstol kan komme til å endre abortloven radikalt.

Strenge abortlovar kan tre i kraft dersom Høgsterett går mot 50 år med rettspraksis og opphevar Roe mot Wade.

Dette er en kronikk. Eventuelle meninger i teksten står for skribentens regning. Hvis du ønsker å sende et kronikkforslag, kan du lese hvordan her.

Retten til sjølvvald abort er under sterkt press i USA. Allereie i sommar vil truleg situasjonen for reproduktive rettar sjå totalt annleis ut i det sterkt polariserte samfunnet.

Abortlov i USA er i stor grad styrt av eit sett avgjerder frå Høgsterett, først og fremst Roe mot Wade frå 1973 (se faktaboks). I Roe sette fleirtalet i Høgsterett ned eit einskapleg rammeverk for sjølvvald abort i heile landet.

Seinare avgjerder har sett den nasjonale abortgrensa ved levedyktigheit for fosteret, normalt definert ved 24 veker, sjølv om ein i no enkelte tilfelle ser tidleg fødde som kan overleve ned til 22 veker.

Grunnlaget for at grensene er sett slik er paragrafen i det 14. grunnlovstillegget, som forbyr staten vilkårleg å ta frå innbyggjarar liv, fridom og eigedom. Retten har tolka dette som at staten ikkje har rett til å nekte ei kvinne fridomen til å søke abort fram til fosteret er levedyktig. Denne tolkinga står for fall. Eit solid fleirtal i den høgaste rettsinstansen i USA – seks av ni dommarar – er no politisk konservative.

Saka som no gjer at abort er på Høgsterett sitt bord, gjeld ei lov frå Mississippi, som set abortgrensa ved 15 veker. Lova er ikkje verksam i påvente av handsaminga av saka. I handsaminga av denne saka har vi sett grunn til sterk bekymring for tilhengjarar av sjølvvald abort. Fleire av spørsmåla og fråsegnene til dei konservative dommarane då saka vart lagt fram i desember, tyder på at fleirtalet i retten vil vere villige til å gå mot 50 år med rettspraksis og oppheve Roe mot Wade.

Lekkasjen frå Høgsterett

Tysdag skjedde noko heilt uventa: Eit utkast til dom i saka vart lekka til nettstaden Politico. Det har knapt hendt før i Høgsteretts historie at noko lekk før dom vert avsagt. Det seier kanskje også noko om temperaturen i sjølve Høgsterett no.

I utkastet, som er ført i pennen av den konservative dommaren Samuel Alito, blir det gjort eksplisitt klart at Roe v. Wade må opphevast fordi dommen aldri burde vore avsagt i første omgang.

Vi veit frå denne teksta at høgsterettsjustitiarius John Roberts ikkje er del av fleirtalet i denne saka. Dermed står det 5–4 i hovudspørsmåla. Dette er basert på ei tentativ votering dommarane gjorde etter høyringane om saka i desember.

Sidan då har Samuel Alito skrive dette utkastet som no vert sirkulert i Høgsterett og altså vart lekka. Det finst ei teoretisk mogelegheit for at ein av dei fire andre hopper av, kanskje som følgje av det enorme offentlege presset som no kjem til å komme mot Høgsterett. Men truleg er dette slik dommen kjem til å sjå ut.

«Det er på tide å føye seg etter Grunnlova og gje spørsmålet om abort tilbake til folket sine valte representantar», skriv Alito i utkastet.

Og folket sine representantar står klare: I 13 delstatar finst det såkalla «triggerlovar», som vert utløyste om så skulle skje, og som fullstendig fjernar retten til sjølvvald abort i delstaten. Fleire andre delstatar har ulike lovar som sterkt avgrensar eller forbyr abort. Dei kan tre i kraft dersom Høgsterett opphevar Roe mot Wade.

Hjarteslagloven i Texas

I september i 2021 vedtok Texas ein såkalla hjarteslaglov. Den set abortgrensa på seks veker fordi det er tidspunktet ein kan høyre hjartelyd frå fosteret. Forsøk på å stanse lova i påvente av rettsprosessar på lågare nivå er blitt avvist av det konservative fleirtalet i Høgsterett.

Fleire delstatar i det siste har vedteke lover som set abortgrensa til 15 veker. Likevel er det no mange aktivistar og politikarar på republikansk side som meiner at desse lovene ikkje er ambisiøse nok. Dei ønsker ein føderal hjarteslaglov, fordi ei grense på seks veker vil hindre langt fleire abortar enn det 15 veker gjer.

39 prosent av amerikanske kvinner i fruktbar alder bur i eit fylke der det ikkje finst eit aborttilbod, og fleire vil det bli

Det er ikkje sannsynleg at eit slikt forsøk vil gje resultat, i alle fall ikkje på kort sikt. Om ikkje anna fordi dei folkevalde som er konservative nok til å røyste for eit slikt forslag, ofte også vil vere motstandarar av ein føderal lov på eit felt som tidlegare har vore opp til den enkelte delstat.

Stadig dårlegare tilgang

Over 90 prosent av abortar i USA vert gjennomført i veke 13 eller tidlegare. Ei innskrenking til 15 veker, slik lova i Mississippi legg opp til, vil dermed ikkje utgjere ein stor skilnad for dei fleste som i dag søker abort. Likevel kan kombinasjonen av ei lågare abortgrense og den stadig dårlegare tilgangen på aborttenester gjere livet surt for kvinner som søker abort – og neste mål for antiabortrørsla spøker i bakgrunnen.

I fleire delstatar har konservative fleirtal i lovgjevande forsamlingar innført ulike meir eller mindre velgrunna krav til fysisk utforming og bemanning på abortklinikkar. Det fører i praksis til at eksisterande klinikkar må stengje ned.

39 prosent av amerikanske kvinner i fruktbar alder bur i eit fylke der det ikkje finst eit aborttilbod, og fleire vil det bli. Forholda ligg til rette for ein uhaldbar situasjon for mange kvinner.