Kronikk

«Natur-Judas!» «Lås deg inn på mentalsykehus!» «Innavla!» Klimadebatten trenger hjelp. | Bård Vegar Solhjell

  • Bård Vegar Solhjell
    Bård Vegar Solhjell
    Generalsekretær, WWF Verdens naturfond

Eg såg på nettdebatt som ein demokratiserande arena. Men eg har langt på veg slutta, skriver Bård Vegar Solhjell. Foto: Olav Olsen / skjermprint

Miljø er i ferd med å bli det nye innvandring.

Kronikk
Dette er en kronikk. Meninger i teksten står for skribentens regning.

«Natur-Judas!» Det var ein av karakteristikkane eg fekk etter at eg skrev at «det er rett å bygge ut vindkraft i Noreg i åra framover. Men det må skje på naturen sine premiss, utan å øydeleggje viktige naturverdiar og friluftsområde». Vi må snakke om klimadebatten.

Eg trudde eg gjekk frå mørket, år i partipolitikken med debatt om innvandring, integrering og flyktningpolitikk, til lyset: felles forsøk på tvers av parti for å skape eit betre miljø. Så feil kan ein ta.

No trur eg snarare miljø er i ferd med å bli det nye innvandring. Enno ein arena for hatefulle kommentarar og kraftig polarisering. Og langt verre enn dømet over.

Ære vere dei som orkar å halde fram. Salige er dei saklege. Men dei er for få, mener Bård Vegar Solhjell. Foto: Rolf Øhman

Helt og hatobjekt

Svenske Greta Thunberg har sett klima på dagsorden globalt. Ho er ein helt for millionar av ungdom, men eit hatobjekt for mange vaksne. «Kan det vere noko med lufta i Sverige sidan hjernen sluttar å fungere i så ung alder?», blir det spurt i kommentarfeltet til ei av dei mange Resett-sakene om sekstenåringen.

I mars streika ungdomar for klimaet verda over. Mange blei møtt med hets.

Nokon her heime fekk høyre at det hadde vore betre for klimaet om dei tok livet av seg. Ein nittenåring fekk beskjed i kommentarfeltet til Dagbladet: «Lås deg inn på mentalsykehus!»

Vindkraftdebatten har også hardna kraftig til. Nyleg haldt forfattar og vindkraftmotstandar Hogne Hognset eit innlegg kor han trekte parallellar mellom Noregs vindkraftutbygginga og Nazi-Tyskland. Karakteristikkane flyg, alle vegar.

Les også

De vil at du skal holde kjeft. De vil at det skal bli ubehagelig å være kritisk.

Avskyen syd

I WWF arbeider vi mykje med rovdyr, til dømes ulv. I periodar med stor merksemd rundt ulven er vår Facebook-side ein arena for det polariserte hatet. Ulvemotstandarar og -tilhengjarar kallar kvarandre for «psykotiske», «forskrudde» og «innavla».

«Skal vi ha jaktkvote på alt som er og kan vere truande her i landet så må det snart kome skotpremie på enkelte individ i samfunnet også», skreiv ein som deler mitt syn. I sak, om enn ikkje I form.

Det er ein overveldande intensitet eg les ut av mailar og kommentarfelt: Ei avsky som syd ut på og mellom linjer.

Les også

Jan Tore Sanner mener politiet bør ettergå kommentarfelt på nettstedet Resett

Er det så farleg?

Ja, det er farleg, på to vis. For det første fordi det har ein lammande effekt på deltaking og engasjement. Og det lammar dei som ikkje er ekstreme, og ikkje er herda, mest.

La meg bruke meg sjølv som døme. Dei første åra sosiale medium slo gjennom var eg uhyre aktiv, særleg på Twitter. Eg gjore det til ei dyd å delta aktivt, og ikkje minst svare på spørsmål.

Eg såg på nettdebatt som ein demokratiserande arena. Men eg har langt på veg slutta.

Eg berre orka ikkje meir etter kvart. Det var jo aldri dei nyanserte og kunnskapsrike som blei verande på nettet, men dei kranglete og påståelege. Etter kvart utvikla eg meg til ei dårlegare utgåve av meg sjølv i desse trådane. Eg tok opp i meg den sarkastiske tonen, den oppgitte avvisinga av andre sine argument. Få var interesserte i rolege og saklege svar uansett.

Ære vere dei som orkar å halde fram. Salige er dei saklege. Men dei er for få.

Farleg for klima og miljø

Eg ser dette som meir alvorleg på miljøfeltet enn andre område, fordi miljø er ungdom sitt tema. Ungdom er overrepresentert blant dei engasjerte I denne saka. Det er særleg negativt at dei ny-engasjerte skal bli møtt av dette, langt verre enn for oss garva.

Video: Mattis Sandblad/Ingeborg Huse Amundsen, VGTV

Det er også negativt for miljødebatten. Klima- og miljøproblema er nokon av dei aller viktigaste utfordringane samfunnet vårt skal handtere i tida framover. Då er det heilt naudsynt at vi finn fram til felles løysningar som store delar av befolkninga stiller seg bak.

Men ein debatt kor deltakarane blir dratt lenger mot ytterpunkta, og kor karakteristikkar av meiningsmotstandarar skuggar for diskusjon om løysingar, gjer det ikkje enklare å bli samde. Eg trur tvert om, at den polariserte tonen på nettet dreg parti og organisasjonar litt i kvar si retning.

Les også

Kronikk av Flemming Rose: Til alle som tror at rasismeparagrafer og hatprat-lover er nødvendige for å bekjempe hat og beskytte minoriteter

Sakleg ueinighet viktig

Meiningsbryting er ein sentral del av demokratiet. Eg vil ikkje ha mindre usemje, eller færre sterke og originale oppfatningar. Snarare tvert om.

Der det vert tenkt for likt, vert det stort sett tenkt for lite.

Men trakassering er ikkje eit teikn på korkje tenking eller usemje, men på å skremme andre vekk og markere tilhøyrsle til eiga gruppa.

Den amerikanske samfunnsforskaren Cass R. Sunstein, som vann Holberg-prisen i fjor, har vist at menneske som tenker og meiner likt kan bli meir ekstreme i synspunkt og haldningar når dei er i grupper. Ofte blir dei dratt mot medlemmene i gruppa med dei mest ytterleggåande meiningane.

Eg vil ikkje ha mindre usemje, eller færre sterke og originale oppfatningar. Snarare tvert om, skriver Bård Vegar Solhjell. Foto: Olav Olsen

Om mange gjer litt

Tirsdag inviterer organisasjonen «No hate» til ei storreingjering av digitale kommentarfelt. Det blir den første Rusken-aksjonen på internett. Det kjem godt med.

I WWF er vi vande med å rydde plast frå strendene våre. Frå det arbeidet veit vi at ingen kan gjere alt, men at mange kan bidra med litt. I sum kan det gjere ein stor forskjell. No vil vi engasjere oss i å rydde på nettet, men det verkar berre om mange gjer litt.

Klimadebatten er for viktig til at vi kan gjere noko anna.

Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter

Les mer om

  1. Klima
  2. Miljø
  3. Netthets

Relevante artikler

  1. KRONIKK

    Det største talet er kostnadane ved å ikkje gjere noko

  2. NORGE

    – Jeg våger knapt å fortelle hva jeg jobber med. Det er blitt en skam, føler jeg.

  3. KRONIKK

    Kva har ein ulovleg dyremarknad i ein ukjend kinesisk storby med oss å gjere? Alt.

  4. SID

    Politikarane må legge til rette for eit godt kollektivtilbod i heile landet

  5. FOTBALL

    Rune Soltvedt har alltid sagt han skulle fylla 50 år utan å få kulemage

  6. SID

    Einsemd er vanskeleg å sjå. På dagar som 17. mai må vi vere ekstra merksame.