Kronikk

Kven skal forstå sinnataggane?

  • Joachim Laberg
    Lektor og medieviter

Kommentarar i nettavisene er korte, kjappe og gjerne sterkt prega av augeblikket sine emosjonar, skrivJoachim Laberg. Anatoliy Babiy

Å angripa kommentarane i nettdebattane med utgangspunkt i tradisjonelle idear om den gode offentlege samtalen, er urettferdig.

Kronikk
Dette er en kronikk. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Detheile er litt ironisk. Etter markering av 22. juli og etter at rom-folk harblitt kraftig hetsa på nett, har ordlyden i deler av den offentlege debatten påny blitt tematisert og kritisert. Mantra er framleis den same: Ekstremeytringar på nett er eit samfunnsproblem, og det er bloggar, mørke nettsider ogikkje minst nettavisene sine kommentarfelt som får gjennomgå.

Ironiener at dei som er raskast til å stempla debattantane, ja stundom heilemediefenomenet og dets deltakara som hatsk, rasistisk og farleg, er gjerne deisame som stadig tek til ordet for forståing og sympati for andre utsettegrupper. Kultursensitivitet er beundringsverdig, men kvifor så selektivt?Forståing kan ikkje berre gå på tvers av kultur og etnisitet, det må også gå påtvers av utdanningsnivå og sosial status.

Joachim Laberg

Eller fråskriv ein seg retten til åbli forstått når ein openbart har mista fotfeste i det offentlege ordskiftet?Når ein ikkje har den naudsynte kunnskapen eller argumentasjonsteknikken somskal til for å bli høyrd der det gjeld, men likevel vågar seg utpå? Når ein erstygg i målet? Uthenging av nettbattantar er i ferd med å bli legitimt, og deter på tide med eit kritisk fokus på kritikken av kommentarfelta.

Feiring av mangfaldet

Kritikkenmot kommentarfelta dreier seg ofte om språkbruk. Altså ei teknisk ferdigheit.Ja, formuleringane er tidvis langt over streken. Tidvis trist lesning. Men erdette eit teikn på ei hatsk haldning, eller eit teikn på problem medkonvensjonelle tersklar? Deltaking i samfunnsdebatten er nemleg ein ferdighetsom er vanskeleg å meistra.

Les også

Kan Arne Næss fortelle oss noe om nettdebatter?

Dei tradisjonelle kommentar-, kronikk— ogdebattartiklane i dagspressa er framleis dominert avskriveføre, høgt utdanna personar med god refleksjonsevne. Med nettavisene sinekommentarfelt har dette endra seg. Meiningssjangeren er blitt demokratisert – alle med einnett-tilkopling får sleppa til. Dette har medført større mangfald. Ikkje berrei form av tal røyster, men også i form av skrivemåtar og argumentasjonsteknikkar.Skal me feira mangfaldet, slik me gjordemed omgrep som Twitter- og Facebook-revolusjon under den arabiske våren, må me tåla mangfald her heime også.

Men me også tåla mangfald iform av ulike oppfatningar av kva som er eit høveleg offentleg ordskifte. Detser nemleg ut som om skiljet mellom privat og offentleg er svært utydeleg formange av dei som ytrar seg i kommentarfelta. Å angripa kommentarane medutgangspunkt i tradisjonelle idear om den gode offentlege samtalen vert diforurettvis.

Tid til å tenkja

Når einskriv eit debattinnlegg eller ein kronikk tek ein seg tid, trass i krav omaktualitet, til å både tenkja, formulera og lesa kritisk gjennom før ein senderav garde til publisering. I tillegg har ein redaktørar som nok ein god terskel.Kommentarar i nettavisene liknar meir den private samtalen: Kort, kjapt oggjerne sterkt prega av augeblikket sine emosjonar.

Les også

Nettdebatten er en sympatisk fyr

Eg trur ikkje oppmodingar omvald mot utsette grupper i sosiale medier alltid er meint som faktisk oppmodingtil vald. Det handlar kanskje heller om uheldige formuleringar og for dårlegmedvit kring det faktum at det ein skriv kan lesast av alle – ein ytrar segoffentleg, men har ikkje reflektert kring alvoret. Me ser teikn til dette inyhendesaker der journalistar konfronterer personane bak ytringane. Det ersjelden akkurat slik dei har meint det, hevdar dei gjerne. Eller dei ynskjereigentleg ikkje å meina noko om saken.

Når ein sit heime med PCen kan einslenga frå seg all slags drit. Når journalisten ringer er det plutseleg alvor.Kritikken må ta omsyn til dette, og ikkje bruka korte augeblikksreaksjonar tilå spå dystopiar. Eg seier ikkje at kommentarane ikkje kan vera djupt forankra igjennomtenkte verdiar og synspunkt, eller at haldningane dermed er ufarlege.Heller ikkje at me skal finna oss i alt. Men formuleringane er antakeleg pålangt nær alltid synonyme med den faktiske haldninga. Og skal me rosa samfunnetvårt med ord som demokratiserande medier og mangfaldigdebatt, må me tåla ein del drit også.

Men det må sjølvsagt gå ein grense einstad, og drapstrugslar er ikkje inkludert i den driten eg meiner me må tåla.

Takhøgde

Einannan kritikk som har vore retta mot nettdebattantane handlar om kunnskap,eller rettare sagt mangel på slikt. Det er ingen løyndom at mange avnettkommentarane vitnar om grove forenklingar, og urettvise generaliseringar,særleg om komplekse områder som samfunn og politikk. Og ofte er det samanhengmellom manglande fomuleringsevne og manglande kunnskap. Men det må verafrykteleg frustrerande å ikkje bli teken på alvor når ein presenterer kunne,fordi innlegget er dårleg formulert. Deter også farleg om me byrjar å spreia idear om kommentarfelta som søppelarenaer– ein stad for dei kunnskaplause. Farleg fordi kommentarfelta på sitt bestebidreg som korrektiv og supplement til dei journalistiske produkta.

Les også

Anonym og ekstrem

Ein sersærleg dette i teknologisaker – der fakta er fakta, og refelksjonar ofte er irrelevante. Men kommentarfelta har også verdisom kanal for ideamangfald og diskusjon. Dei har altså all grunn til å bli møttmed nyfikskap og interesse. Men igjen, det krev takhøgde å bruka dei på dennemåten, og me må våga å både seia i mot og å støtta, utan å slenga om oss medstempel og stigmatiserande karakteristikkar. Sjølv når det er stigmatisering ogstempling me kommenterer.

Kunnskap

Eg haralltid nikka stadfestande når politikarar og kommentatorar har snakka om åbidra i debattane med kunnskap. Slik kollektiv ansvarleggjering avkunnskapsdeling er gull, og verkeleg fornuftig bruk av internett-teknologien sit enorme publiseringspotensiale. Som langsiktig medisinering, erdette vegen å gå. Men for å lukkast må ein tilnærma seg oppgåva med respekt fortilhøyraren. Eit positivt elevsyn, som me seier i pedagogikken. Kanskje noko sådristig som ei objektivitetsorientert haldning til det heile? For her har mangetråkka feil.

Les også

- Jeg mente kommentar-feltene var fylt av tull

Til dømes har Eskil Pedersen argumentert fornuftig for at kunnskapskal møta dei som er kritiske til innvandring og multikultur. Men han har aldrinevnt med eit ord at også kritikarane av multikultur kan læra dei meirbegesitra noko. Når vart kunnskap meiningsbetinga? Skal me verkeleg hevadebatten må kunnskap få lov til å spreia seg utan å bli stogga avmeiningsmurar. Vanskeleg, men fullt mogeleg. Og her er me inne på den tredjekritikken nettdebattantane møter jamleg,nemleg det moralske.

Moralsk kritikk

Lat detikkje vera noko tvil. Det er heilt på sin plass å diskutera moral, og å peikapå og kritisera moralsk forkastelege kommentarar. Men moralsk kritikk kan oftevera litt tricky, fordi den lett kan stogga vriene debattar. Moralsk kritikkkan også forkle seg som, eller henta legitimitet frå, språk— ogkunnskapskritikken, sjølv om det er eine og åleine er moral som er problemet.Har ein problem med moral, så får ein kritisera moral, og ikkje angripa eimeiningsytring fordi den ikkje er ei faktautgreiing.

Eg kunne tenkt meg å høyradei elles så kultursensitive sine tankar om kva dei trur det gjer med nokon somynskjer å bidra med sine tankar og sin kunnskap, å bli omtala som uverdigedelatkarar fordi bodskapen har feil moralsk utgangspunkt. Eg trur sistnemnde vilkjenna seg uynskte i den offenteleg debatten. Dei vil ropa om sensur, sjølv omalle kan sjå at dei slepp til i stor grad. Og eg trur dei etterkvart kan følaseg stigmatiserte.

Deltakingi det offentlege ordskiftet er ein ferdigheit som tek tid å utvikla, og dettemå me akseptera. Å t.d føresetja einbestemt skrivestil eller argumentasjonsteknikk er ikkje å feira mangfald. Deter klart det må gå an å be om ein verdig debatt, men ein kan ha verdifullebetrakningar å dela sjølv om ein er stygg i målet.

Men kanskje er det greitt åha eit enkelt offer? Det er i alle høve mykje enklare å angripa nettdebattantarenn å koma med konstruktiv systemkritikk. Det blir litt som med Mokkamann-saka,då Twitter nærast tok fyr, fordi alle kjendisane kjempa om å vera den besteanti-rasisten. Same månad vart det kjend at personar med utanlandske navn vertdiskriminerte i samband med jobbtilsetting - altså alvorleg, dokumentertkvardagsrasisme. Då var det stilt på Twitter.

Les mer om

  1. Kronikk

Relevante artikler

  1. KRONIKK

    Kronikk: Debatt i elitens avlukker | Joachim Laberg

  2. KRONIKK

    «Natur-Judas!» «Lås deg inn på mentalsykehus!» «Innavla!» Klimadebatten trenger hjelp.

  3. KRONIKK

    «Den som får flest likes, ansees å ha rett og kan omtale seg som den som forvalter sannheten»

  4. KRONIKK

    Det skremmer kor lettvint vi lar oss forføra og bli slavar — av noko me ikkje trur me kan styra

  5. KRONIKK

    Portugal viser vei i narkotikapolitikken — også for straffenivået. Hvor er Anders Anundsen? | Willy Pedersen

  6. KRONIKK

    Vinn eller forsvinn for demokratiet i USA?