Kronikk

Sørlandsby til sals! | Siri Holmboe Høibo

  • Siri Holmboe Høibo
    Leder for by- og stedsutvikling ved Design og arkitektur Norge (DOGA).

Sjølv om vinterstenginga særleg er synleg på Sørlandet, der det om somrane syd av solglade, is- etande, seglarskodde turistar, så gjeld det over heile landet, skriver kronikkforfatteren. Bildet er fra Ulvøysund utenfor Lillesand i Agder. Foto: Willy Haraldsen

Sørlandet held stengt. Velkomen tilbake neste år.

Kronikk
Dette er en kronikk. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Det er berre ein månad sidan den siste sommardagen, men dagane til sommarbyane er for lengst talte. Feriegjestene har forlate dei og kjem ikkje tilbake før vårsola vågar seg fram igjen. Gågatene er tomme for folk og butikkane fylte av gule salsplakatar med raud skrift. Ruteavgangane blir færre, og kvar dag er det ein attraksjon mindre å besøke. Det som er igjen, er dei fastbuande. Dette er ikkje ein berekraftig strategi for næringsliv, verdiskaping og busettingslyst i Norge. Har me råd til at delar av Norge held vinterstengt?

Det som er igjen på vinteren, er dei fastbuande, skriver Siri Holmboe Høibo. Foto: Daniel Theodor Jangmar Paulsen og Marius Sætersdal

Byane må slutte å konkurrere

Sjølv om det særleg er synleg på Sørlandet, der det om somrane syd av solglade, is- etande, seglarskodde turistar, så gjeld det over heile landet. Lite er ope etter kl. 16, eller i det heile tatt, på vinteren. Det kjem av mangel på handling, samarbeid og initiativ både nasjonalt, regionalt og lokalt. No som nye kommune- og fylkesstyre er i ferd med å verte etablert, er det ei rekke ting som bør med i dei nye samarbeidsplattformene.

For det første må byane slutte å konkurrere med kvarandre om handel. Dette er ein sjølvutslettande konkurranse som ingen tener på. Resultatet er ofte det me ser over heile landet, nemleg eit kjøpesenter langs hovudvegen som syg til seg det siste av nærings- og byliv. Ein betre strategi er at myndigheitene seier nei til meir kjøpesenterutbygging, samtidig som det lokale næringslivet går saman om kva dei vil tilby dei besøkande. Sandøya, den bilfrie øya utanfor Tvedestrand, er eit ypparleg døme på dette. Øya som nettopp hamna på Forbes si liste over øyer i verda ein bør besøke, har eit imponerande tal sjølvstendig næringsdrivande. 17 av desse har gått saman om felles opningstider og promotering gjennom «Made on Sandøya». Det gjer det mykje meir interessant å ta turen ut ein laurdag formiddag i september.

Fra Bjørnsborgbakken på Kragerø. Foto: Daniel Theodor Jangmar Paulsen og Marius Sætersdal

Å krangle om Ibsen

Det fører heller ingen stad å krangle om kor Ibsen nytta det meste av tida si, eller kor Munch malte «Solen». I staden bør regionen gå saman og sjå på kva som er typisk for den enkelte plassen. På kvart eit svaberg langs kysten sit aktivitetshungrige nordmenn som treng attraksjonar å fylle feriane med. Det er så kort mellom byane at ein fint kan tenke seg Sørlandet som ein pakke, som ikkje berre dei kan nytte seg av, men som ein også kan selje til utanlandske turistar.

«Hilsen fra Kragerø hele året», står det på postkortene. Foto: Daniel Theodor Jangmar Paulsen og Marius Sætersdal

Sørlandskrabbe om vinteren

Og kven har bestemt at Sørlandet berre er idyll om sommaren? Eg kan knapt tenke meg ein betre stad å klarne hovudet med kald, frisk havbris, og visstnok er krabben enda betre på vinteren. Igjen må regionen spørje seg kva som er typisk, og uansett svar, forsøke å vende det til noko positivt. Her kan ein ta lærdom av Træna, den litle kommunen uti det nordlandske havgapet. På sommaren blir øya fylt av norsk hipsterungdom under Trænafestivalen, medan det på vinteren verken er lett å kome til eller frå på grunn av stormar og innstilte ferjer. Med ein god dose kreativitet og pågangsmot la trænværingane desse erfaringane saman, og laga vinterfestivalen «Ta Træna med Storm». Ingenting kan følast meir riktig og eksotisk enn å ta ein tur dit kvar februar.

Kven har bestemt at Sørlandet berre er idyll om sommaren? spør kronikkforfatteren. Foto: Daniel Theodor Jangmar Paulsen og Marius Sætersdal

Den viktige buplikta

Ein god by for dei innfødde er ein god by for turistar. Då kjem ein til slutt ikkje utanom buplikta. Denne er svært viktig for å halde bustadprisane nede på eit nivå som den lokale marknaden har råd til, og slik sikre eit levedyktig lokalsamfunn. Alle kommunar bør derfor sikre at ein viss prosent bustader har buplikt, og at denne også vert handheva i praksis. I staden for at myndigheitene nyttar loven, er det i dag ofte opp til lokalbefolkninga sjølv å skule på dei som finn kreative vegar utanom han. Her må dei ulike kommunane rydde opp og inngå regionale samarbeid om lik praksis.

Valvinnarane SP og MDG er opptatt av gode bu- og bymiljø i heile landet. Men utan gode strategiar for levande byar heile året, er det fare for at også folk og næringsliv pakkar saman og drar når vinteren kjem, utan planar om å kome tilbake. For å hindre ytterlegare trekkfugl- tilstandar, må dei nyvalde politikarane tileigne seg nødvendig kunnskap om kva som skal til for å snu utviklinga. Dei må også samle mot til å bruke dei verkemidla dei har, samtidig som dei må utvikle nye. Til det må dei samle både venner og fiendar, på tvers av både parti- og geografiske grenser. Det vil gi både god politikk og pengar, og ikkje minst gode lokalsamfunn.

Les mer om

  1. Næringsliv
  2. Norge
  3. Træna

Relevante artikler

  1. KOMMENTAR

    Eg veit ikkje korleis langtidssjuke har det, men eg håper eg forstår litt meir av det no

  2. KRONIKK

    Det største talet er kostnadane ved å ikkje gjere noko

  3. FOTBALL

    Milan-spelar Stine Hovland om livet i italiensk koronakarantene: Lange køar i matbutikken og 5000 euro i bot for å gå ut utan grunn

  4. SID

    Blir dei nøgd eller er det berre lureri?

  5. BOLIG

    Det var for langt å reise til hytta. Løsningen ble en ny mye nærmere.

  6. KOMMENTAR

    Eg har eit sterkt nyttårsønske om at me feiar kvardagsekstremismen ut av nyhendespaltene