Stemmer teller stadig mindre, ressurser avgjør stadig meir? | Edvard Lysne

Bergen, 1965. Forskningleder Stein Rokkan ved Christian Michelsens institutt. Statsviter, politisk og historisk sosiolog, politisk historiker, samfunnsstatistiker, datapionér og franskfilolog.

Eit blikk på vår tids politiske uro med Stein Rokkans briller på.

Dette er en kronikk. Eventuelle meninger i teksten står for skribentens regning. Hvis du ønsker å sende et kronikkforslag, kan du lese hvordan her.

Gode, gamle Stein Rokkan, ein av dei store nestorane i norsk statsvitenskap, er blitt aktualisert igjen.

Ikkje utan grunn. Det å lese opp igjen «Stat, Nasjon, Klasse» med dagens kontekst kan vere svært så nyttig. Ikkje minst på grunn av hans grundige analyser av konfliktlinja «sentrum/periferi», ei samfunnsmessig konfliktlinje som i fleire hundre år har ligget under norsk politikk og samfunnsliv som ein understraum, av og til kraftig og høgrøysta, av og til meir stille og latent. Men som i vår tid er blitt revitalisert på grunn av vår tids aktuelle politiske og sosiologiske utvikling.

For eksempel vil Senterpartiets oppslutning til hausten kunne gje oss ein sterk indikasjon på i kor stor grad denne samfunnsaksen danser vitalt oppe på det politiske bordet igjen.

Men. Nok om det. Det er eit anna begrepspar som ligg som ein aldri så liten «tvilling» til denne konfliktlinja i det rokkanske univers, og som også kan gje nyttige perspektiv på årsakene bak vår labile epoke. Og som eg heilt åpenbart leser på ein annan måte i dag enn eg gjorde ved forrige runde med Rokkan for ca. 25 år sidan.

Edvard Lysne er direktør Hedmark IKT på dagtid, samfunnsengasjert borgar på kveldstid.

Hovudstadene er symbolsk fysisk plassering for tillitskrisa

Det er lett å observere ei veksande, enkelte stader direkte stor, tillitskrise mellom deler av befolkningen og staten og statens styrande sjikt i fleire vestlege, demokratiske land. Hovudstadene er ofte den symbolske fysiske plasseringa for denne markante og potensielt skumle tillitskrisa og difor er desse namna oppsummeringa av denne mistilliten hjå mange: «Washington», «London» osv.

And in comes Mr. Rokkan.

Dei moderne demokratiske statane er ifølge Vår Mann frå Lofoten sin klassiske analyse basert på balansen og spenningsfeltet mellom to fundamentale kanaler for demokratisk maktutøvelse og politiske prosesser.

Den fyrste er den «numerisk-territorielle» kanal, altså befolkningen i eit gitt område sin definerte rett til å påvirke den politiske styringa av det aktuelle territoriet gjennom sine individuelle stemmer ved regelmessige og godt regulerte valg av politikarar (altså «folke-valgte»).

Den andre, den «korporativ-funksjonelle» kanal, er den som beskriv floraen av interesseorganisasjoner og institusjoner mellom befolkning og stat og delvis mellom stater (altså over den enkelte stat). Denne siste har ein tendens til fysisk å klumpe seg inn mot hovudstadene (statsmaktas base) sidan dette handler om å etablere, utvikle og styrke formell og uformell makt rundt statsapparatet for å bli ein viktig aktør med kraft til å fremme sine interesser i denne komplekse - og kun delvis formaliserte og transparente - kanalen for påvirkning og politikkutforming.

Det er i denne kanalen store grupper av samfunnets eliter blir skapt, lever, får makt og må lære seg til å navigere som fisker i vatn (hvis ikkje du mestrar den kunsten, er du raskt ute av den korporative dansen). Men denne kanalen framstår - på grunn av sin kompleksitet og mangelfulle transparens - for store deler av befolkningen som eit nesten ubegripeleg og relativt fjernt konglomerat av organisasjoner og aktører. Kanalen mellom befolkning og stat i Norge blir derfor forenkla omtalt som «dei inne i Oslo», og kanalen over statane vil enkelte kort og godt omtale som «Brüssel».

Les også

Torbjørn Røe Isaksen: Farvel, demokrati?

Makta gjennom stemmeseddelen er svekka

Min påstand er at denne delikate balansen-slash-spenningsforholdet mellom valgkanalen og organisasjonskanalen har havna i alvorleg ubalanse. Dette har kanskje begynt å demre for ein del av dei som er i den tapande enden av denne ubalansen. Er det denne ubalansen som er rotårsaken til at me ser protester i gater, protester gjennom politiske adhoc-lister (av typen bompenger) og protester gjennom uforutsette, brå og ganske radikale stemme-straumer i land som USA, England og Sverige?

For eg mistenker at den godeste Rokkan gjenoppliva og plassert i 2019 raskt ville ha formulert dette: Den numeriske kanal, makta me alle har gjennom stemmeseddelen, er relativt sett sterkt svekka. Den er svekka fordi den territorielt baserte politikk i seg sjøl er kraftig utfordra i ei tid prega av teknologi, økonomi, business og «international affairs» som nær sagt ignorerer den territorielle politikken.

Her kan dei store Internett-gigantane sine arrogante skuldertrekk i møte med statlege skattekrav fungere som eksempel på korleis territorielt basert makt taper terreng. Men den er også svekka fordi den korporativ-funksjonelle kanal eser stadig meir ut. Laget mellom befolkning og stat og over statane esar ut til å bli eit nesten ugjennomtrengeleg sjikt mellom den enkelte veljar og den folkevalgte og mellom den enkelte borgar og det embetsverk og byråkrati som skal sikre borgarane sine tjenester frå det offentlege.

De gule vestene i Paris, desember 2018.

Vår epokes protester er orientert langs to dimensjoner

I dag har me ein stadig meir viltveksande skog av organisasjoner, institusjoner, prosesser, eksperter, NGOs, avtaler, nettverk, fora, bakromskanaler, tenketanker, lobbyister, arendalsveker, sommarfester og kjennskap, vennskap og business cards som ser ut til å ha forrykka den sårbare, men kritiske balansen mellom desse to kanalane i vår tids moderne demokrati.

Og det kan hende denne maktforskyvinga er blitt så markant at den blir registrert av dei som stort sett får si samfunnsstemme gjennom sin stemmeseddel kvart anna år. Derfor blir den numeriske kanal ein potent kanal for protest, kanskje den einaste kanalen i mange land (hvis me ser bort frå den bortimot særfranske protestkanalen «gatekamper»).

Og dette kan vidare forklare kvifor vår epokes protester er orientert langs to dimensjoner:

Den eine protestdimensjonen er protesten mot ein eller anna vagt definert «sentrumselite» som blir oppfatta som stadig meir sjølvsentrert og bortimot «anti-demokratisk». Er dette ein «sentrumselite» som i stor grad er overlappende med kjernen i det konglomeratet Rokkan nettopp definerer som den korporativ-funksjonelle kanal?

Den andre dimensjonen er vel også muleg å begripe når me tek innover oss det faktum at den numeriske kanal - altså sjølve verdien ved det at me alle stemmer ved valg - er basert på makta i den territorielt definerte politikk. Altså at kommunen og staten me bur i, faktisk har reell politisk makt og kraft. Svært mange av desse protestane handler derfor om å hegne om «grunnleggjande fellesskapet», altså staten eller nasjonen, det territoriet dei fleste har som sin einaste kanal til makt gjennom sin mulighet til å påvirke gjennom demokratiske valg.

Les også

Harald Stanghelle: Et sammenrasket opprør stormer frem. Solberg og Støre har ikke motstandskraft til å demme opp.

Reell og aukande demokratisk ubalanse?

Derfor bles mange av dagens politiske vinder i retning av dei som snakkar opp staten og nasjonen som markant fellesskap og/eller snakker ned hovudstadens «makteliter» (kanskje til og med definerer dei som ein demokratisk trussel). Og som snakker ned internasjonale insitusjoner. Og som kjent: Denne typen politiske bevegelser, parti og frontfigurer omtaler mange av oss med lite flatterande begrep som «nasjonalisme», «populisme», «deplorables», «høgreekstremisme» osv.

Men om me reelt sett vil forstå dei djupe årsakene til vår tids undertrykk og veksande protest, bør me kanskje stille oss spørsmålet om det faktisk kan vere slik at det er ein reell og aukande demokratisk ubalanse som ligg bak protestane me ser i det me definerer som demokratiske og stabile land.

Kan det vere slik at det faktisk ligg ei (implisitt) korrekt samfunnsanalyse til grunn for den følelsen av politisk avmakt som ligg bak desse nye protestbevegelsene?

Har dei rett og slett eit fundamentalt poeng i det at det faktisk er blitt ein djup demokratisk ubalanse mellom den numerisk-territorielle kanal og den korporativt-funksjonelle kanal? Er den «korporative eliten» sin makt blitt kraftig forsterka på bekostning av den individuelle borgars stemme gjennom stemmeseddelen?

Er me der at det er behov for å omskrive Stein Rokkans berømte grunnsetning der han oppsummerer korleis moderne demokratiske statar reellt fungerer, slik:

«Stemmer teller stadig mindre, ressurser avgjør stadig meir».


  • Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter