Norske sportsjournalistar bør bli heime frå Beijing-OL

  • Gudmund Skjeldal
Skal norske sportsjournalistar bli med og heie i Beijing, av alle steder, spør Gudmund Skjeldal.

Sportsjournalistar kan byrja å fortelja heilt andre historier.

Dette er en kronikk. Eventuelle meninger i teksten står for skribentens regning. Hvis du ønsker å sende et kronikkforslag, kan du lese hvordan her.

Tenkt tale til norske sportsjournalistar.

Dalai Lama fordriven frå Tibet. Interneringsleirane i Xinjiang. Knusinga av demokratiet i Hong Kong. Australsk journalist fengsla. Og no sist: forsvinninga av tennisstjerna Peng Shuai.

Den internasjonale olympiske komiteen skulle aldri ha tildelt vinterleikane 2022 til diktaturet i Kina. Norges Idrettsforbund har på si side ikkje ånd eller leiarar til å be norske utøvarar om å boikotta konkurransane. Kven kan då ta noko av futten frå det fyrverkeriet av eit internasjonalt idrettsarrangement som presidenten Xi Jinping vonar på? Sportsjournalistar i Norge har fått ei fantastisk oppgåve opp i fanget.

Norske sportsjournalisters forbund fyller 100 år i desember. Mykje fint har skjedd sidan 1921, mykje imponerande også: direktesendingar frå VM i fotball (Frankrike) i 1938; kommentatorar som har bringa rundepasseringar heilt frå Squaw Valley (1960) heim i stova di. Fjernsyn med teljande klokke på skjermen, og sidan slow motion og fargar; fotografisk kunst av slike som Richard Sagen og Bjørn Delebekk. Kyndige folk som Karen-Marie Ellefsen, som alltid har vore å høyra ved friidrett på NRK, og som må ha forklart lengdehopp og stavsprang i meir enn hundre år. Mange kvinners inntogsmarsj i sportsdekninga, endå om forholdet mellom kjønna enno er for skeivt. Intervjusjangeren og kampanalysen. Den livgivande konkurransen frå TV 2. Den gravande journalistikken til VG, og delvis også Dagbladet.

Sportsjournalistar har blitt som andre journalistar, som jagar i flokk, som byggjer opp i flokk, og riv ned med like stor og felles entusiasme. Spør Petter Northug.

Kva er samfunnsoppdraget?

Ein kan undra seg: Kva er eigentleg samfunnsoppdraget til sportsjournalistane? Ein skrivande eller snakkande journalist i Bergens Tidende sel sjela si til Brann og kan ikkje dekka ein kamp på upartisk vis. Rykker Brann ned, dekker redaktøren framsida av avisa i svart; berre spør Gard Steiro (BT-redaktør i 2014). Samstundes heiter det i Vær Varsom-plakaten, punkt 1.1: «En fri, uavhengig presse er blant de viktigste institusjoner i demokratiske samfunn. Og i 1.2.: «Pressen ivaretar viktige oppgaver som informasjon, debatt og samfunnskritikk. Pressen har et spesielt ansvar for at ulike syn kommer til uttrykk.» (Kursiveringane er mine.)

Ein vanleg politisk journalist kan såleis ikkje dekka valkamptapet til (bergensaren) Erna Solberg som ein katastrofe , og redaktørleiinga i avisa Bergens Tidende, som var ihuga EU-tilhengar, kledde seg ikkje i svarte sørgefargar, verken i 1972 eller 1994.

Ein kan seia at sportsjournalistikken har til oppgåve å knyta folk i ein by eller eit land saman, slik det var i Norge då skøyteløparen Knut Johannessen kjempa om titusenmetergullet i 1960-OL, og då rekordfenomenet Marit Bjørgen vann tremila i Pyeongchang 2018. Sitrande kunne vi følgja dei i sofaen heime, og vi kunne lesa oss endå stoltare om dådane deira etterpå. Litt gullrus skadar ikkje eit land i blant, og litt jubel skadar vel ikkje bergensarane heller. Berre ikkje sporten tar større plass enn han fortener i det totale mediebiletet.

Skyt seg sjølv i foten

Men kva når idretten skyt seg sjølv i foten? Kva når toppidretten internasjonalt ser bort frå at vanlege folk, og mange folk, blir fengsla utan dom, blir bortførte og kanskje skotne, blir internerte og nådelaust omskulerte som heile folkegrupper – og tildeler eit olympisk arrangement til regimet som driv med dette? Kva når Olympiatoppen set seg store mål om aldri så mange gullmedaljar for Norge, og ikkje bryr seg nok om det landet der dei skal leika? Skal norske sportsjournalistar bli med og heia då? I Beijing, av alle stader?

Tenk om norske sportsjournalistar bidrar til norske politikarar og diplomatar kan laga frihandelsavtale med Kina

Visseleg skjer vonde ting i andre, og såkalla vestlege, land. Visseleg kan journalistar forsøka å dekka regimet i Kina kritisk, når dei først har komme seg dit. Men i den bobla som eit OL fort blir? I den bobla som sportsmedia mykje lagar sjølve? Treng vi nordmenn den rusen vinteren 2022? Ønskjer vi nordkvinner den viss Thea Minyan Bjørseth og co vinn OL-gull i Kina?

Hjelper det noko?

Ein kan endeleg spørja seg om det hjelper noko som helst på tilhøva for menneska og religionsutøvinga og fridomen i Kina om norske sportsjournalistar blir borte under OL. Om presidenten Xi Jinping bryr seg noko som helst om det som skjer på den andre sida av kloden. Om vinter-OL 2022 blir mindre glansfullt fordi om ein liten ytterkant av verda ikkje skriv om og ikkje dekkjer leikane.

Men tenk om det er slik at Kina byggjer mjuk makt gjennom å skipa til vinteridrettsstemnet. Tenk om vi blir lokka til å tru at vi deler verdiar med regimet i Beijing. Tenk om norske sportsjournalistar bidrar til norske politikarar og diplomatar kan laga frihandelsavtale med Kina, med sports-moralsk ryggdekning. Det er ingen god måte å begynna eit nytt hundreår på.

Det er så mykje anna

Det fine med å bli heime OL-vinteren 2022, er at det er så mykje anna ved norsk idrett å dekka for ihuga journalistar. Birkebeinarane, og korleis dei glade amatørane førebur seg framfor det store målet sitt. Ungdom frå Oslo som er med på sitt første NM i ein annan del av landet. Born frå Tana og kva idrettsplanar dei har. Vindseglarane på Hardangervidda og kva som driv dei. Mykje interessant idrett treng faktisk ikkje vera konkurransar. Og om no journalistane absolutt vil ha konflikt: vinterkrigen mellom fotball og skisport om tida til borna og ungdomane.

Det forlokkande med å vera sportsjournalist, innbiller eg meg, er den makta ein har. Det heiter til dømes at eit OL-gull er det største ein idrettsutøvar kan vinna. Men det er berre fordi journalisten seier det slik, og spør korleis meistrane føler, etterpå. Eit OL i Beijing kan gjerast akkurat så stort, eller lite, som media vil. Sportsjournalistar i Norge kan byrja å fortelja heilt andre historier. I alle fall tre veker i februar 2022 – som ein demonstrasjon.