Kronikk

Kvifor bidrog norsk politi til Holocaust? | Øystein Hetland

  • Øystein Hetland, PhD-stipendiat ved prosjektet «Demokratiets institusjoner i møte med en nazistisk okkupasjonsmakt» ved Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter, HL-senteret.
Her forlèt skipet Donau kai 26. november 1942, med 532 norske jødar. Første gang biletet blei kjend for offentligheta var da det sto på trykk i Aftenposten i 1994–52 år etter tragedien.

Å minska sjansane for liknande hendingar krev at ein er villig til å gå inn i dei djupare grunnane til at noko hender.

Kronikk
Dette er en kronikk. Meninger i teksten står for skribentens regning.

At norsk politi bidrog til Holocaust har etter kvart fortenestefullt blitt både erkjent og beklaga, tydelegast av statsminister Jens Stoltenberg og politidirektør Odd Reidar Humlegård i 2012. Men som regel stoppar tankerekkja med det forferdelege at nordmenn var med på noko slikt. Sjeldan spør ein seg om kvifor.

Dermed blir ein ståande med berre ei moralsk vurdering, utan å gå djupare inn i kva som får folk til å bidra med sin skjerv til eit folkemord.

For å forstå dette, må ein gå inn i lagnaden til det norske politiet før hausten 1942, då norsk politi arresterte hundrevis av norske jødar.

1940: Politi utan fast fundament

Norsk politi var på defensiven allereie frå 9. april 1940. Det eksisterte få konkrete tankar om korleis politiet skulle møta ei framand okkupasjonsmakt, og når det hadde plikt til å sei stopp. Før justisminister Terje Wold i ho og hast reiste frå Oslo med konge og regjering gav han politimeister Welhaven berre melding om å «bli på sin plass» og «vareta befolkninga sine interesser på beste måte».

Øystein Hetland

Politiet mangla dermed eit fast fundament, og det hamna raskt på bakbeina i møte med stadige tyske krav om alt frå rekvirering av lastebilar til konfiskering av radioar eigde av jødar. Store tyske styrkar og demonstrert vilje til maktbruk verka paralyserande.

Tanken om at norsk politi ville utføra ein ordre meir «omsynsfullt» enn tyskarane var dessutan eit forførande argument.

Men konsekvensen var at ein etter kort tid hadde etablert ein logikk som det var vanskeleg å bryta ut frå.

Når ein først hadde utført tvilsam ordre A, B og C, var det ikkje så lett å sei nei til D.

Opposisjon vert ikkje tolerert

Parallelt med utviklinga av denne logikken kom det raskt signal frå tysk hald om at open opposisjon ikkje ville bli tolerert.

I desember 1940 vart t.d. politimeisteren i Ålesund arrestert av tysk sikkerheitspoliti, skulda for ordrenekt. Same lagnad fekk etterfølgjaren eit halvt år seinare, då han protesterte mot tyske krav om å arrestera gislar.

I oktober 1941 gjekk det ut melding frå SS til alle norske politifolk: Ein politimann som hadde lett to fangar sleppa unna hadde blitt sendt til tysk konsentrasjonsleir for «grov tenesteforsømming». I oktober 1942 vart i tillegg fleire nye handlingar – mellom dei hjelp til flukt frå landet – straffbare med døden.

Signalet var klart – ikkje å utføra ordre ville få konsekvensar.

Politiet skulle leia an i nazifiseringa

Både tysk SS og NS hadde eit heilt ufråvikeleg krav om at norsk politi i så stort omfang som mogeleg skulle bestå av overtydde nazistar. Det skulle leia an i nazifiseringa av Noreg, og personalpolitikken vart deretter.

Konsekvensen vart mange nyrekrutterte og forfremja tilhengjarar av det nye styret i politietaten, ein del av dei med klart antisemittiske haldningar.

Ein okkupasjonstilsett politileiar i Stavanger fekk t.d. i samband med arrestasjonane av jødar undersøkt om ein familie hadde jødisk bakgrunn, noko det viste seg at dei ikkje hadde. Slik han såg det burde ein nemleg utnytta «anledninga» til å «uskadeleggjere» familien.

1942: Kua og ideologisk splitta

Innan hausten 1942 hadde det breidd seg ei resignert og defensiv haldning hos politifolk. Svært mange hadde allereie blitt beordra til å utføra aksjonar og arrestasjonar dei sjølve var i mot, som massearrestasjonane av lærarar våren 1942. Dei hadde sett kva som skjedde med opposisjonelle kollegaar.

Logikken som sette seg blir klart formulert av ein aktiv motstandsmann ved Stavanger politikammer:

…Det ville være helt unyttig for en polititjenestemann å nekte å foreta eller nekte å medvirke til arrestasjon av en navngitt person som tyskerne ønsket arrestert. Vedkommende ville likevel bli arrestert, om nødvendig av tyskerne selv, og dette ville neppe bedre hans sak. Dertil ville slik opptreden ha vært direkte farlig for den polititjenestemann det gjaldt. Han ville i beste fall ha sluppet med å bli avsatt fra sin stilling, og det var neppe i det norske folks interesse at norsksinnede polititjenestemenn ble fjernet.

Den typen aksjon som ein ideelt sett kunne ønska seg då ordrane om å arrestera jødane kom – ein kollektiv ordrenekt – var dermed fullstendig urealistisk hausten 1942. Til det var norsk politi blitt alt for kua og ideologisk splitta.

Ikkje lett å forlate etaten

Gitt den aukande mengda av klart nazistiske ordrar, kvifor vart såpass mange som ikkje sympatiserte med det nye styret verande i politietaten? Trass alt var det sjeldan ein vart tvungen til å bli i stillinga.

For ein del var det mest eit spørsmål om gammal vane og inntekt – hadde ein vore politimann i tjue år kjendest det kanskje ikkje så lett å slutta, og ein søkte tilflukt i resignasjonen, utførte ordre og ikkje meir enn det, verken den eine eller andre retninga. Andre såg derimot på polititenesta som ein stad kor ein verkeleg kunne gjera ein skilnad.

Ein sa det så sterkt at «ingen kunne gjere så svært i kampen mot tyskerne som den fornuftige politimann, som kaldt vurderte situasjonen og hjelpte der det var behov for hjelp».

Lynaksjonen

Under arrestasjonane av jødane var det då òg ein del som viste at dette ikkje berre var tomme frasar.

Aksjonen mot jødane var lagt opp som ein lynaksjon, kor ein raskt og med minst mogeleg oppstyr skulle gjera Noreg «jødefritt». Det var difor ikkje så mange som vart innvigde i kva som skulle skje.

Men politifolk måtte naudsynleg få vita kven dei skulle arrestera. Dermed hadde dei òg ein mogelegheit til å sei ifrå, dersom dei hadde innstillinga og motet til å gjera dette.

Det gjaldt politimannen som banka på hos Ruth Schapow i Oslo med ei klar melding: «Tyskerne skal ta dere!» Det vart utløysande for at Ruth og mora gjekk i dekking, og seinare kom seg over til Sverige.

Paralyserande system

Å ta oppgjer med historia er viktig, ikkje minst for å minska sjansane for at liknande hendingar kan skje igjen. Men det krev at ein er villig til å gå inn i dei djupare grunnane til at noko hender.

Historia om norsk politi si rolle under Holocaust viser på den eine sida at verdiar held fram med å vera viktige, sjølv i eit totalitært system.

Men historia viser òg korleis eit slikt system kan paralysera kjensla av å vera i stand til å velja det gode, og gjennom det gjera sjølv sine motstandarar til hjelpesmenn.

Delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter

Les mer om

  1. Holocaust
  2. Historie
  3. Folkemord