Jubileet staten ikke ville feire | Olaf Aagedal
Reformasjonsjubileet blei feira svært ulikt i nabolanda Noreg og Danmark. Korleis kan dette forklarast? Kva fortel det om skilnader mellom dansk og norsk identitet?
Over heile den protestantiske verda er 2017 blitt markert som 500-årsjubileet for reformasjonen. Eit jubileum er ettertida si markering av skilsetjande hendingar i historia. Kva ein feirar og korleis ein feirar det blir dermed bestemt av samtida sine verdiar og vurderingar.
Statleg, dansk folkefest
I Danmark utnemnde regjeringa i 2011 ein komité på 12 medlemmer, inkludert eit medlem frå Den danske folkekyrkja. Den statlege organiseringa og den breie samansetninga av komiteen avspegla at feiringa skulle ha eit nasjonalt sikte. Ho skulle ha som mål å fremje forståinga av reformasjonen si tyding for det danske samfunnet, den danske kyrkja og dansk identitet. Markeringa vart omfattande med store, statleg sponsa nasjonale arrangement med offisiell deltaking frå kyrkje, regjering og kongehus og meir enn tusen lokale arrangement. Reformasjonsdagen 31.oktober vart feira gjennom eit fjernsynsoverført minnemøte i Folketinget der både folketingspresidenten, statsministeren og dronninga som «jubileets beskytter» talte.
Det historiske utgangspunktet for reformasjonsmarkeringa i Noreg var på fleire område likt det danske. Reformasjonen vart ei skilsetjande hending med ei statleggjering av det religiøse livet og etablering av ei luthersk majoritetskyrkje.
Ei sak som kunne gjere feiringa i Norge 2017 særleg aktuell, var at den fall saman med den formelle avviklinga av statskyrkja, ei kyrkje som er eit ektefødd barn av reformasjonen. Dermed kunne det ligge til rette for ei brei, nasjonal minnemarkering av eit stort samfunnskifte.
Kyrkjeleg markering i Noreg
Men slik gjekk det ikkje. Det vart ikkje teke noko statleg initiativ og ikkje oppretta noko statleg komité som i Danmark. Markeringa vart overlatt til Den norske kyrkja som oppretta ein kyrkjeleg komité. I målsetninga for arbeidet la komiteen (som i Danmark) vekt på reformasjonen si breie nasjonale tyding med konsekvensar ikkje berre for teologi og kyrkjeliv.
Komiteen freista å få Kulturdepartementet på banen, men utan resultat. Det statlege engasjementet begrensa seg til statsministeren og stortingspresidenten si offisielle deltaking i kyrkjelege feiringar, og til eit seminar arrangert av Stortinget på slutten av jubileumsåret.
Sidan jubileet i hovudsak var kyrkjeleg organisert utan statleg støtte og ressursar, måtte feiringa basere seg på Den norske kyrkja si eiga verksemd og friviljug innsats.
Alle norske kyrkjelydar vart oppfordra til å gjennomføre fire temagudstenester som på ulike måtar skulle aktualisere «nåde» som det overordna temaet for jubileet. Verksemda i Kyrkjeakademia, som er lokale fora for debatt om teologiske og kulturelle spørsmål, vart prega av reformasjonstemaet dette året med over hundre arrangement.
Oslo tapte i bykampen om Luther
Det vart gjennomført tre nasjonale markeringar. Bergen var valt ut som norsk reformasjonsby i eit nettverk av 68 europeiske reformasjonsbyar.
Dei kyrkjelege arrangørane i Bergen la opp til ein brei folkefest der gudstenester og konsertar vart kombinert med varierte kulturtilbod og bruk av byromet.
Arrangørane klarte også å mobilisere samarbeid med universitet, høgskolar, kunst- og kulturinstitusjonar og med kommunen. Reformasjonsbyen Bergen vart, i følgje arrangørane, med dette etablert som «merkevare» og inngår no i turistinformasjonen si marknadsføring av byen.
Den nasjonale markeringa av sjølve reformasjonsdagen 31. oktober skjedde gjennom ei fjernsynsoverført økumenisk gudsteneste i Nidarosdomen. Overføringa starta i beste sendetid klokka 19.30 ved at NRK forkorta Dagsrevyen på grunn av direktesendinga. Med eit sjåartal på 321.000, kvar fjerde tv-sjåar den kvelden, blei dette den reformasjonsmarkeringa som nådde lengst ut. Langt mindre merksemd fekk den tredje nasjonale markeringa som var ein song- og salmekonsert i Oslo konserthus. I hovudstaden har reformasjonsjubileet vore lite synleg og dekninga i riksavisene har også vore minimal. Bortsett frå Klassekampen, er det stort sett berre den kristelege dagspressa (Vårt Land og Dagen) som har skreve om jubileet.
Prestar og historieinteresserte
Derimot har norske forlag vore aktive under jubileet med mange utgjevingar om Luther og reformasjonen, nokre med store opplag. Frank Aarebrot og Kjetil Evjen si bok om reformasjonen kom ut i eit opplag på 14.000. I jubileumsåret kom også mange akademiske institusjonar på banen med konferansar og debattmøte så samla sett er det grunn til å tru at jubileet har bidratt til auka kunnskap for det historieinteresserte publikum.
At dette jubileet til skilnad frå tidlegare også har hatt som mål å vise reformasjonen sine mørke sider ved å trekke fram Luther sine hatske utfall mot jødar og muslimar, har kanskje også bidratt til auka interesse for jubileet.
Den norske prestestanden er også blitt grundig Luther-oppdaterte ved at 920 prestar har delteke i eit omfattande studiearbeid om reformasjonen og Luthers skrifter.
Feiring av religion og nasjon i Noreg og Danmark
Kvifor vart det inga statleg organisert feiring i Noreg som i Danmark? Er svaret ulike jubileumskulturar der den danske staten satsar meir på nasjonale jubile?
Neppe. For tre år sidan organiserte den norske staten ei omfattande feiring av 200-årsjubileet for grunnlova som i form kan likne på den danske reformasjons-folkefesten med feiringar i Stortinget og fleire tv-sendte folkefestar.
Grunnen til skilnaden ligg truleg heller i den ulike plassen som reformasjonen har i dansk og norsk identitet. I Danmark inngår reformasjonen som ein positiv del av forteljinga om dansk nasjonsbygging ved at den gav nasjonen Bibelen på «modersmålet» og gjorde kyrkja meir dansk.
I Noreg er reformasjonen blitt oppfatta som ei endring påtvinga utanfrå og som ein del av fordanskinga av nasjonen.
Skal ein feire samanhengen mellom religion og nasjon i Noreg går ein heller tilbake til forteljinga om kristninga av landet og Olavs-myten. Truleg vil staten kome på banen på ein heilt annan måte når ein i 2030 skal feire 1000-årsjubileet for slaget på Stiklestad, i alle fall dersom kulturministeren kjem frå Trøndelag.
Flere artikler om reformasjonen: