Det kallast «Oslos lykkelegaste kvadratmeter». Men ikkje alle er velkomen.

Nyrenoverte Kirsebærlunden leikeplass på Tøyen har inngangsparti av brustein. Det er eit av dei minst rullevennlege underlaga som finst, skriver Magnhild Sørbotten.

Ei gruppe barn blir fysisk stengt ute frå Oslos leikeplasser.

Dette er en kronikk. Eventuelle meninger i teksten står for skribentens regning. Hvis du ønsker å sende et kronikkforslag, kan du lese hvordan her.

«Vi vet jo at de lykkeligste kvadratmeterane i byen vår er der barna leikar», sa byrådssekretær Herman Søndenaa (MDG) i Dagsnytt 18 3. oktober. Vakrare og meir poetisk kan leikeplassar nesten ikkje beskrivast. Dessverre er det framleis slik at Oslos leikeplassar ikkje er for alle barn i byen.

Majoriteten av dei er nemleg ikkje inkluderande for barn i rullestol.

Lite rullevennleg underlag

Det siste tilskotet på denne lista er nyrenoverte Kirsebærlunden leikeplass på Tøyen. Den har inngangsparti av brustein. Det er eit av dei minst rullevennlege underlaga som finst. Likevel ser vi at Oslo framleis brukar brustein i helt nye prosjekt som oftast berre av estetiske årsaker.

For barn som rullar, er resten av Kirsebærlunden leikeplass først og fremst ein tilskodarplass der dei kan sjå dei andre barna leike.

Det er grunn til å spørje om byutviklingsbyråden ville akseptert nyoppgraderte leikeplassar der jenter eller barn som ikkje er blendakvite, ikkje kunne delta i leiken, men måtte nøye seg med å stå på sidelinja og sjå dei andre barna leike?

Blir fysisk stengt ute frå leiken

I ein del år har mange leikeplassar blitt laga med gummidekke. Eit av dei store fordelane med gummidekke er at leikeplassen blir nokså tilgjengeleg for alle, såkalla universelt utforma. No vil Naturvernforbundet ha forbod mot gummidekke av miljøomsyn.

I kommentarfelta framstiller folk det som om det er anten leikeplassar med tilgang for alle barn uavhengig av funksjonsevne eller miljøvennlege leikeplassar. Det er ei fallitterklæring om vi aksepterer anten eller.

Det treng ikkje vere noko motsetning mellom miljøvennleg og universell utforming, men det må innovasjon og produktutvikling til! Det er faktisk krav om både miljøomsyn og universell utforming. Så kvifor er sistnemnde så «lett» å nedprioritere?

Ein ting er argumentet om å lære barn om miljøvern, samtidig som dei blir sendt ut for å leike på plast eller gummi. Det er et godt poeng. Men kva lærer barn, både med og utan funksjonshemming, når vi bygger leikeplassar der ei gruppe barn blir fysisk stengt ute frå leiken? Kva slags utanforskap er det vi då lærer barn, med og utan funksjonshemming, å akseptere?

Bygg miljøvennleg og universielt utformet!

Vi må ikkje dekke ein heil leikeplass med gummi, men vi må faktisk greie å tenke både inkludering og miljøomsyn samtidig. Det er ingenting i vegen for å bygge eksempelvis leikestativet på Kirsebærlunden slik at barn i rullestol kan kome heilt inntil, eller kome seg inn under og inni deler av konstruksjonen.

Slik det er bygt i dag, så blir barn i rullestol passive observatørar av leiken om dei i det hele tatt klarer å kome seg over brusteinsdekket som sperrar inngangen.

Eg oppfordrar Oslo-politikarane til å sette ufråvikelege krav om å bygge miljøvennleg og universelt utformet. Eg utfordrar også næringslivet til å satse på innovasjon som tilfredsstiller begge omsyn.

Byens lykkelegaste kvadratmeter blir aller lykkelegast når alle barn deltar i leiken. Når ingen barn må stå på sida og berre sjå på at dei andre barna leikar!