Helsedirektoratet feilinformerer om antipsykotiske medikament | Trond F. Aarre

  • Trond F. Aarre
Eg har gjort direktoratet merksam på feilen i eit brev og to telefonmøte, men dei vil ikkje rette opp, skriver Trond F. Aarre. Helsedirektør Bjørn Guldvog her avbildet ved en tidligere anledning.

Det dreier seg om rettstryggleiken til pasientar som vert tvangsmedisinerte.

Dette er en kronikk. Eventuelle meninger i teksten står for skribentens regning. Hvis du ønsker å sende et kronikkforslag, kan du lese hvordan her.

Når Helsedirektoratet sender ut feilaktig informasjon om effekten av behandling med antipsykotiske medikament, er det ille.

Når informasjonen blir send til dei som skal behandle klagar på tvungen behandling med slike medikament, er det verre.

Når direktoratet ikkje vil rette opp feilinformasjonen av eige tiltak, må saka oppklarast for allmenta. For ho dreier seg om pasientane sin rettstryggleik.

Det uroar meg at det går an å feilsitere vitskapleg litteratur så fullstendig, skriver avdelingssjefen ved Nordfjord psykiatrisenter, Trond F. Aarre.

Tvungen medisinering

Psykisk helsevernlova § 4–4 krever at behandlinga «med stor sannsynnlighet kan føre til helbredelse eller vesentlig bedring». Sivilombodsmannen har kritisert fylkesmenn for at dei ikkje ser til at kravet er oppfylt når dei tek stilling til klager på tvangsmedisinering.

Sivilombodsmannen meiner at «stor sannsynlighet» må innebere større visse om effekt enn ved vanleg sannsynsovervekt. Det må altså vere meir enn 50 prosent sannsyn for effekt før ein kan fatte vedtak om tvungen behandling.

Eit avgjerande brev

Fylkesmannen i Oslo og Viken skreiv 7. februar 2019 brev til Helsedirektoratet og bad om direktoratet sitt «syn på studier og metastudier om effekten av antipsykotiske legemiddel».

Direktoratet bad tre psykiatrar om å greie ut saka. Desse uttalte seg 13. mars med ei fråsegn som vart sitert i Helsedirektoratet sitt brev til Fylkesmannen i Oslo og Viken 22. mars 2019. Kopi av brevet vart send til Helse- og omsorgsdepartementet, alle fylkesmennene, pasientorganisasjonar og Statens helsetilsyn. Seinare har det også kome til helseføretaka.

Ettersom det kan få følgjer for vedtak om tvangsbehandling, er det er avgjerande at innhaldet er korrekt.

I svaret til Fylkesmannen er direktoratet samd med Sivilombodsmannen i ombodet si juridiske vurdering av at «stor sannsyn» må innebere «meir enn vanlig sannsynlighetsovervekt».

Det springande punktet blir dermed korleis kunnskapsgrunnlaget ser ut: Kan ein på bakgrunn av den vitskaplege kunnskapen konkludere med at det er klart meir enn 50 prosent sannsyn for effekt av antipsykotiske medikament ved psykose?

Les også

Reidar Hjermann og Heidi Wittrup Djup: Tvangsmedisinering vil bli sett på som et historisk feilgrep

Ser positivt ut...

Direktoratet siterer denne passasjen frå dei tre psykiatrane si fråsegn:

«To nylige metaanalyser har undersøkt behandlingsrespons hos pasienter med førstegangspsykoser i større bredde. Den ene viser at omtrent 50 % har en 50 % bedring i sine symptomer mens 80 % har en 20 % bedring av i sine symptomer i studieperioden (Zhu et al, European Neuropsychopharm 2017). En annen ny metastudie viser at omtrent 10 % har dårlig respons, omtrent 75 % har moderat respons og 15 % har rask og svært god respons (Bozatello et al, Frontiers in Psychiatry 2019)».

Det er vanskeleg å lese dette annleis enn at om lag 90 prosent av pasientane har moderat eller svært god respons på medikamenta – og dermed at kravet om «stor sannsyn» for effekt er oppfylt.

... Men er fullstendig feilsitert

Metaanalysen til Zhu dreier seg om 17 studiar. Ingen av desse hadde kontrollgruppe som ikkje fekk medisin. Eg er samd i at om lag 50 prosent av pasientane vart betydeleg betre. Men det er ikkje råd å seie kor mykje av betringa som kan tilskrivast medisinen og kva som skuldast andre sider ved behandlinga, som at dei tek imot omsorg og oppmuntring, kjenner seg trygge og varetekne.

Det er i omtalen av studien til Bozzatello og medarbeidarar at alt går gale. Alle som kan lese artikkelen til Bozzatello, vil sjå at omtalen av studien er fullstendig feil. Eg vil nøye meg med å peike på to moment:

Artikkelen til Bozzatello er ikkje ein «omfattande metaanalyse», slik direktoratet hevdar. Det er eit oversyn som samanstillar funn frå mange ulike studiar – utan å gje prosentsatsar for respons på antipsykotiske medikament.

Tala som vert siterte, kjem ikkje frå ein ny og «omfattande metaanalyse», men frå to studiar frå høvesvis 1999 og 2002. Studiane jamførte effekten av to antipsykotiske middel hjå personar med langvarige plager, og ingen av dei hadde kontrollgruppe som ikkje fekk medisin. Dermed er det uråd å vite kor mykje av betringa som skuldast medikamentet.

Les også

Fra en suicidals perspektiv: Sånn forebygges selvmord

Kan få store konsekvensar

Det uroar meg at det går an å feilsitere vitskapleg litteratur så fullstendig når ein gjev råd i ei sak som kan få store konsekvensar for pasientar.

Den misvisande omtalen får stor plass i brevet frå direktoratet. Prosentsatsane lyser mot lesaren med ein styrke som gjer at ein lett vil tru at kravet om «stor sannsyn» for effekt er innfridd med god margin. Difor er eg redd for korleis dette brevet vil bli oppfatta av dei som skal fatte vedtak om tvangsmedisinering i helseføretaka og av fylkesmennene, som er den einaste klageinstansen pasientane har.

Får ikkje pasientene medhald hjå fylkesmannen, kan dei ikkje gå til domstolen for å få saka si prøvd der. Så dersom fylkesmennene tek direktoratet på ordet, vil dei tru at desse medikamenta er mykje meir effektive enn dei i realiteten er.

Les også

Elektrosjokk under tvang bør få hjemmel i Lov om psykisk helsevern

Medikamenta har diskutabel effekt

Dei store metaanalysane, som til dømes Paulsrudutvalet (NOU 2011:9) tok utgangspunkt i då det samanfatta behandlingseffekten, viser mykje meir diskutabel effekt. Det er grunnen til at eg og andre har stussa på tala som vart sende ut av direktoratet. Som illustrasjon vil eg nemne ein einskild studie.

Det er ein samleanalyse av studiar som har vurdert effekten av antipsykotiske middel jamført med narremedisin (placebo). Den analyserte funn frå 167 studiar med i alt 28.102 pasientar med schizofreni. Ser ein på kor mange som fekk «god respons», var talet berre 23 prosent hjå dei som fekk antipsykotisk medisin — jamført med 14 prosent av dei som fekk placebo (Leucht et al, American Journal of Psychiatry 2017).

Vil ikke rette opp feilen

Når direktoratet skal presentere kunnskapsgrunnlaget for behandling, bør det leggje større vekt på slike omfattande analysar enn på to gamle studiar utan placebokontroll.

Eg har gjort direktoratet merksam på feilen i eit brev og to telefonmøte.

Direktoratet meiner at det kan stå inne for konklusjonane sine og vil difor ikkje rette opp feilen. Eg er sterkt usamd i dette og vil med dette orientere allmenta om saka. Ho dreier seg om rettstryggleiken til pasientar som vert tvangsmedisinerte.

Følg og delta i debatten hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter